Stortinget - Møte torsdag den 11. juni 2009 kl. 10

Dato: 11.06.2009

Dokumenter: (Innst. S. nr. 270 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 59 (2008–2009))

Sak nr. 4 [20:26:50]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av E6 Øyer (Granrudmoen)–Tretten i Øyer kommune i Oppland

Talere

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 3 minutter til hver gruppe og 3 minutter til statsråden.

Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til tre replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av Regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre vil presidenten foreslå at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, også får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Torstein Rudihagen (A) [20:27:52] (ordførar for saka): Det er eit lenge etterlengta vegprosjekt som i dag blir vedteke. Øyer–Tretten utgjer fyrste etappe i ei utbygging av E6 nordover frå Lillehammer. Utbygginga vil føre til langt betre framkomelegheit og tryggare forhold på ei strekning der det har vore veldig mange ulykker gjennom lang tid. Prosjektet medfører òg ei innkorting av E6 med 2 kilometer, og desse effektane, altså reduksjon i talet på ulykker og tidsinnsparingar, medfører at dette er eit prosjekt med stor netto nytte. Det framstår som eit robust prosjekt.

For ikkje å dra ut tida viser eg til proposisjonen og innstillinga, men eg må seie følgjande: For det fyrste er det eit fleirtal, alle parti utan Framstegspartiet, som står bak innstillinga. Undervegs i behandlinga har det vore stilt ein del spørsmål til departementet, og det har kome ein del opplysningar som viser bl.a. til tunnelsikkerheitsforskrifta, som gir som konsekvens at Skarsmotunnelen må byggjast ut med rømmingstunnel eller to tunnelløp så fort den årlege døgntrafikken passerer 8 000. Det betyr antakeleg at det iallfall før 2014 må byggjast eit løp til, og ein føreset da at Regjeringa kjem attende til Stortinget med eit eige opplegg på det.

For det andre har det vore stilt ein del spørsmål om den vegstrekninga som går oppe i dagen. Her er det lagt opp til ein brei tofeltsveg med nokså lange forbikøyringsfelt. Det er i svar frå departementet vist til at rv. 2 mellom Kløfta og Nybakk er bygd med 16 meter breidd, og at denne løysinga i realiteten er veg med midtrekkverk og gjennomgåande forbikøyringsfelt i begge retningar. Ut frå det seier fleirtalet at ein i staden for å byggje det planlagde prosjektet har moglegheit for å vurdere å byggje ein smal firefeltsveg på 16 meter på heile strekninga, slik at ein då i praksis får forbikøyringsfelt på heile strekninga.

Fleirtalet ber altså Statens vegvesen vurdere dette, under tre klare føresetnader. For det fyrste må den vesle endringa i reguleringsplanen som er nødvendig, kunne gjennomførast. For det andre må ein halde seg innanfor det finansieringsopplegget som her er skissert. Og for det tredje føreset ein at dette ikkje skal føre til forseinkingar i gjennomføringa av prosjektet.

Ut frå desse føresetnadene skulle det då liggje til rette for at Statens vegvesen kan vurdere å byggje ut ein smal firefeltsveg framfor å byggje ein veg med avgrensa forbikøyringsfelt. Men eg understrekar på nytt at dette skal haldast innanfor den kostnadsramma som er skissert, og det finansieringsopplegget og den tidsramma som det her er lagt opp til.

Sigvald Oppebøen Hansen hadde her teke over presidentplassen.

Arne Sortevik (FrP) [20:31:19]: Jeg skal være kort.

Dette er et viktig utbyggingsprosjekt, som Fremskrittspartiet selvfølgelig støtter. Vi ønsker også at strekningen Tretten–Otta på E6 defineres som ett prosjekt, og bygges ut basert på full statlig finansiering.

Jeg tar opp våre to forslag i saken om dette.

Vi er altså for prosjektet, men vi er lite fornøyd med finansieringsløsningen. Det vi møter i denne saken, som en liten bro fra debatten vi nå har hatt i åtte timer, om Nasjonal transportplan, er jo nettopp fattigmannsfinansiering. Når det gjelder dette prosjektet, som er ett av åtte bompengeprosjekter som nå formelig står i kø på slutten av denne sesjonen, og som gjelder en investering på 880 mill. kr, er det altså slik at bilistene ender opp med en regning på 828 mill. kr. Det er dyrt når staten tvinger bilistene til å kjøpe vei på avbetaling; det blir en dyr løsning for bilistene.

La meg til slutt si at summen av bompengeregningen for alle disse åtte sakene som vi nå med hurtigtogfart – lyntogfart, så å si – skal behandle i Stortinget i innspurten av sesjonen, er formidabel. Det er altså en bompengeregning her på 9 milliarder kr i tilskudd, og en tilleggsregning på 3,6 milliarder kr. Så her serverer Regjeringen, ved innspurten av sesjonen, 12,7 milliarder kr mer i særbeskatning i form av ekstra bompenger til bilistene.

Presidenten: Representanten Arne Sortevik har teke opp dei forslaga han refererte til.

Øyvind Halleraker (H) [20:33:24]: Jeg skal ikke bruke lang tid, men har lyst til å gi ros til saksordføreren for en ryddig og god behandling av denne saken. Vi fikk en veldig bra løsning til slutt.

Jeg må også få si, selv om det kanskje kan provosere noen sent på møtet, at det i grunnen er en liten «Høyre transportplan light», dette. Her får vi høyst sannsynlig smal firefelts, og så gir vi Statens vegvesen frihet til å velge det som er best. Ja, det er to av punktene i vår transportplan. Det er flott.

Vi ville gjerne hatt OPS på hele strekningen, og fremmer et forslag om at man ser på det i neste omgang, og jeg tar opp det forslaget.

Presidenten: Representanten Øyvind Halleraker har teke opp det forslaget han refererte til.

Statsråd Liv Signe Navarsete [20:34:34]: Eg er glad for at Stortinget i dag vil slutte seg til forslaget om å starte arbeidet med å utbetre E6 nord for Lillehammer, i denne omgang strekninga frå Øyer til Tretten.

Prosjektet har ei lengd på om lag 13 km og vil korte inn E6 med om lag 2 km. Strekninga har dårleg kurvatur og tilfredsstiller ikkje krava til standard ut frå vegen sin funksjon og trafikkmengd. Vegen manglar både tilfredsstillande sidevegnett og tilbod til gåande og syklande.

Ny E6 frå Øyer til Rustberg vil i hovudsak følgje eksisterande trasé frå sør, med breiddeutviding mot aust. Vidare går E6 i ny trasé i tunnel forbi Skarsmoen til Tretten. Ombygging av lokalvegnettet inngår i prosjektet. I tillegg omfattar prosjektet tiltak på rv. 254, med bygging av ny bru over Lågen og planskilt kryss ved Dovrebana.

I proposisjonen gjer Regjeringa framlegg om at E6 vert bygd som tofeltsveg med midtrekkverk og forbikøyringsfelt. Den om lag 4 km lange tunnelen vert bygd med eitt løp og midtfelt. Det ligg føre godkjende reguleringsplanar for heile prosjektet, og det er lagt opp til anleggsstart hausten 2009 og opning hausten 2012.

Eg har merka meg at komiteen gjerne vil ha to køyrefelt i kvar retning på den delen av vegen som ikkje er tunnel. Sjølv om trafikken om somrane er høgare enn resten av året, og det er ein stor del tungtransport på denne vegen, er trafikken ganske langt unna dei krava som i vegnormalane er sette til ein veg med fire felt.

Me har tidlegare i dag handsama NTP og diskutert kva dei økonomiske rammene skal brukast til. Dersom me i alle prosjekta som ligg inne i NTP, skal velje ein standard som er betre, og med det dyrare, enn det som ligg til grunn i kostnadsoverslaga, vil det kunne ha konsekvensar. Ei grov vurdering seier at det er snakk om ein ekstra kostnad på om lag 50 mill. kr.

Eg har merka meg komiteen si presisering av at ei eventuell utviding til gjennomgåande fire køyrefelt ikkje må føre til at vegen vert ferdig seinare. Som komiteen er gjord merksam på, vil ei slik utviding føre til reguleringsendringar som vil kunne ta noko tid.

Sjølv om eg har problematisert ein del rundt ei eventuell utviding til fire køyrefelt på dei strekningane som ligg i dagen, kan eg love Stortinget at vegstyresmaktene skal gå grundig inn i det oppdraget komiteen har gitt. Utfallet av den vurderinga vil eg kome tilbake til Stortinget med på ein eigna måte.

Når representanten Halleraker seier at dette er ein «Høyre transportplan light», vil eg minne han om at når me legg fram tilrådingar til Stortinget, så er dei i stor grad bygde på dei faglege råda som me får nettopp frå Statens vegvesen. Så den store forskjellen kan eg ikkje heilt sjå.

I proposisjonen er det teke atterhald om at implementering av Eurovignettdirektivet vil kunne få innverknad på rabattsatsane for tunge køyretøy. Som eg skreiv i brev til komiteen, er det vanskeleg å seie noko eksakt om tidspunkt for og på kva måte bompengedirektivet skal implementerast i norsk rett, og difor heller ikkje mogleg å seie noko konkret om det i høve til dette prosjektet. Eg skal kome tilbake til Stortinget på høveleg måte når det er avklart.

Uansett får me ein mykje tryggare veg, og eg vil takke komiteen for ei rask og god handsaming av saka.

Presidenten: Fleire har ikkje har bedt om ordet til sak nr. 4.

(Votering, sjå side 3598)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten er det sett fram tre forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Øyvind Halleraker på vegner av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Arne Sortevik på vegner av Framstegspartiet

Det blir votert over forslaga nr. 2 og 3, frå Framstegspartiet.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget samtykker i utbygging av E6 på strekningen Øyer–Tingberg–Tretten slik prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 59 (2008–2009). Stortinget legger til grunn at utbyggingen finansieres fullt ut av staten. Samferdselsdepartementet får fullmakt til gjennom Vegdirektoratet å ta opp nødvendig lån for å gjennomføre utbyggingen. Statlig finansiering innarbeides i Revidert nasjonalbudsjett for 2009.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Strekningen Tretten–Otta på E6 defineres som ett prosjekt, og bygges ut basert på full statlig finansiering.»

Votering:Forslaga frå Framstegspartiet blei med 80 mot 23 røyster ikkje vedtekne.(Voteringsutskrift kl. 22.59.12)

Presidenten: Det blir votert over forslag nr. 1, frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Forslaget lyder:

«Strekningen Tretten–Otta på E6 defineres som ett prosjekt, og bygges ut organisert som OPS-løsning, etter mønster fra tidligere realiserte OPS-prosjekt i Norge.»

Votering:Forslaget frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre blei med 76 mot 26 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 22.59.33)

Komiteen hadde tilrådd:

I

Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån og kreve inn bompenger til delvis bompengefinansiering av utbyggingen etter vilkårene i St.prp. nr. 59 (2008–2009) og Innst. S. nr. 270 (2008–2009).

II

Samferdselsdepartementet gis fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsette nærmere regler for finansieringsordningen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen blei vedteken med 79 mot 22 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 22.59.59)