Stortinget - Møte onsdag den 17. mars 2010 kl. 10

Dato: 17.03.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Øyvind Halleraker (H) [11:51:39]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:

«På Vestlandskonferansen 1. september i fjor opplyste statsråd Liv Signe Navarsete at hun ville igangsette et utredningsarbeid med sikte på å realisere en ferjefri forbindelse på E39, mellom Aksdal og Bergen. På komiteens reise i Hordaland nylig opplyste Statens vegvesen at de fortsatt ikke hadde fått noe mandat om dette fra departementet.

Har dette viktige arbeidet lav prioritet hos statsråden, eller er det andre årsaker til at dette trekker sånn ut i tid?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:52:18]: Det skal gjennomførast ei rekkje konseptvalutgreiingar, KVU, og eksterne kvalitetssikringar, KS1, fram mot neste nasjonal transportplan. Fleire KVU-ar er allereie starta opp. Dette gjeld i stor grad byområde. Departementet har no i nokre månader hatt til vurdering kva prosjekt som skal gjennomførast utover dette, og om kor det skal gjevast fritak for kravet om KVU og KS1.

Ein rask og effektiv E39, Kyststamvegen, er viktig for reisande og næringsliv langs denne traseen. Difor er eg, til liks med forgjengaren min, oppteken av å få gjennomført eit utgreiingsarbeid, ein KVU og ein KS1, for eit ferjefritt samband mellom Aksdal og Bergen til neste rullering av NTP.

I mitt virke som samferdselsminister har eg lært at det er visse formalitetar som må følgjast. Eg er sjølv utålmodig etter å få denne KVU-en i bestilling. Halleraker viste til Liv Signe Navarsete. Han kunne òg vist til meg, for eg er utålmodig etter å få denne KVU-en i bestilling, og eg kan i dag seia at det om svært kort tid blir sendt eit oppdragsbrev til Statens vegvesen om kva konseptval og utgreiingar som skal setjast i gang. Formalitetane er altså ikkje heilt på plass, men eg forskotterer ikkje for mykje når eg seier at E39 Aksdal–Bergen, inkludert Hordfast, skal vera med på denne lista.

Øyvind Halleraker (H) [11:54:24]: Jeg takker for svaret.

Det er få prosjekt som er så godt utredet som E39, Kyststamvegen. Det pågikk et stort utredningsarbeid i 1992–1994, hvor de fleste samfunnshensyn ble berørt. Saken ble faktisk behandlet her i Stortinget i 1995. Deretter ble det laget fylkesdelplaner for den strekningen som jeg er opptatt av her, nemlig Hordfast-strekningen.

NHO Hordaland har også kommet med sin rapport om fastlandsforbindelsen, som de har kalt Hordfast, og som jeg har skjønt at de har samarbeidet med Statens vegvesen om. De konkluderer med at et fast samband via Eikelandsosen er det beste, ikke minst fordi dette åpner for spennende korridorer innover mot Hardanger.

Mener ikke statsråden at Hordfast-utredningen på mange måter er svært god og kan danne grunnlag for et noe avkortet utredningsarbeid i denne saken?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:55:33]: Eg er glad for representanten Halleraker sitt engasjement her. Det er det breie fleirtalet som eg trur står seg for å få denne saka fram.

Eg har lese gjennom nokre av dei høyringsuttalene som tidlegare har vore i saka, seinast i 2008, f.eks. då fylkestinget i Hordaland behandla si uttale til NTP. Eg forstår at Hordaland Høgre kanskje var noko meir betenkt over trasévalet. Slik kan det òg vera i andre parti, og det er det som gjer at vi her må gå ein grundig runde, både i høve til ulike trasear og i høve til kostnader. Det får vi moglegheit til no, og KVU-en går snart i bestilling.

Øyvind Halleraker (H) [11:56:41]: Jeg takker igjen for svaret.

Jeg kan fortelle statsråden at Hordaland Høyre hadde møte i helgen og har presisert at vi støtter Hordfast-utredningen.

Kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen er, som statsråden vet, hovedpulsåre for næringsliv og befolkning på kysten. Her sliter en million mennesker med ferjetransport som alternativ til fast veiforbindelse. Senest i disse dager ser vi hva det innebærer, ved at passasjersertifikater blir nedgradert, og folk blir sittende igjen på ferjekaien når ferjen går. Spesialtransport er et annet eksempel. Så ferjetransport i seg selv er en sterkt hemmende transportform for utviklingen i en dynamisk region.

Det jeg har lyst til å utfordre statsråden på, er: Kan vi nå forvente et skikkelig politisk håndverk her, skikkelig handlekraft, eller skal vi la byråkratene stelle med dette i årevis framover?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:57:50]: Aller fyrst til to tema som vart nemnde her, og der eg altså allereie kan melda om handlekraft. Det eine er forbetringar av sjølve ferjetransporten. Det går no ei sjette gassferje i bestilling. Ho skal i hovudsak brukast på den eine strekninga, Arsvågen–Mortavik, men ho skal òg vera suppleringsferje på strekninga Halhjem–Sandvikvåg, noko som vil bety betre regularitet. Det andre er bestilling av ei forskrift på høyring som gjeld transport av farleg gods, og som skal rydda køane noko betre enn i dag.

Så vil ettertida kunna seia noko om handlekrafta totalt. Det er altså min ambisjon å følgja opp Nasjonal transportplan til punkt og prikke, inklusiv ein ferjefri kyststamveg.