Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 2011 kl. 10

Dato: 09.02.2011

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Line Henriette Hjemdal (KrF) [11:44:18]: «Høsten 2010 la Arnstad-utvalget fram sin rapport «Energieffektivisering av bygg». Rapporten inneholder konkrete forslag på hvordan en innen 2020 kan spare 10 TWh og 40 TWh innen 2040 i byggsektoren. Utvalget peker på ulike tiltak som må på plass for at disse besparelsene skal oppnås.

Hvordan vil statsråden følge opp de konkrete forslagene som Arnstad-utvalget foreslår utover den høringsrunden som er gjennomført?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:52]: Det er ein interessant rapport me har fått frå Arnstad-gruppa, og me har fått framlagt mange gode tiltak som må vurderast. Gruppa meiner det kan vere mogleg å redusere energiforbruket i sektoren med 10 TWh innan 2020 og 40 TWh i 2040. Arbeidsgruppa, som vart sett saman av personar med bakgrunn i og god kjennskap til byggjenæringa, har god fagleg innsikt i kva som er mogleg å få til i byggsektoren. Dei har samrøystes stadfesta at eit slikt mål er praktisk mogleg å gjennomføre.

Det låg ikkje i gruppa sitt mandat å utgreie dei breiare samfunnsøkonomiske konsekvensane av forslaga dei har lagt fram. Denne jobben er no starta i departementet. Det må vere det fyrste steget for å sjå korleis me kan gå vidare med mange av forslaga.

Eg registrerer at måla Arnstad-utvalet rår oss til å setje for byggsektoren, stemmer godt overeins med måla EU har sett gjennom det reviderte bygningsenergidirektivet. Konsekvensane for norsk byggjeverksemd og for byggeigarar kan verte forholdsvis omfattande. Sjølv om mange er utolmodige, må me òg ta oss tid til å få fram konsekvensane og sjå nærare på kva verkemiddel som vil vere best for å nå måla. Me skal forsikre oss om at nye krav som vert innførde, og tiltak som blir sette i verk, vert prega av kvalitet, ikkje av hastverk.

Noko kan me likevel starte opp med straks, t.d. å leggje til rette for å utvikle betre kompetanse på energieffektivisering i næringa, registrere erfaringar med førebileteprosjekt, arbeide for å få betre statistikk osv. Me har òg sett i gang arbeid med å førebu skjerpa krav i byggteknisk forskrift. Men andre tema er så inngripande i byggjeverksemda at eg vil ta dei opp til nærare drøfting i komande stortingsmelding om bygningspolitikken som regjeringa vil leggje fram til hausten.

Line Henriette Hjemdal (KrF) [11:46:42]: Man sier at 40 pst. av all energi brukes i bygg. I Norge brukes det mye ren energi, fordi vi har mye fornybar. Men vi har et mål her i Stortinget om at vi skal bli et enda mer fornybart samfunn. Vi skal fase ut den fossile energien, fordi den bør ut. Men vi skal også bruke ren energi på de riktige stedene. Da er byggsektoren et viktig område, siden 40 pst. av energien brukes i bygg.

Et av de tiltakene som Arnstad-utvalget peker på, er en økonomisk tilskuddsordning som vil gi flere mennesker arbeid, mer moms, større skatteinngang til kommunene og også mindre energibruk. Statsråden sa nå at vi ikke skal ha hastverk, man skal kvalitetssikre de ulike virkemidlene. Og det er man i gang med. Men det er jo slik at denne sektoren er utålmodig, og de som er med på klimadugnaden, er også utålmodige. Når vil de konkrete forslagene komme i forhold til dette, ikke bare det man peker på i en melding?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:47:54]: Det er jo ei breidd av tiltak ein har tilrådd i rapporten. Eit av dei er økonomiske incentiv, og det er anslått i størrelsesordenen 2 mrd. kr som må til for å nå det målet ein har sett opp. Det er jo eit budsjettspørsmål. Så dette vil jo vere eit spørsmål som regjeringa vil måtte kome tilbake til i det enkelte budsjettet. Eg trur at det å gi gode incentiv – anten det gjeld økonomi eller på anna vis – og sjølvsagt få gode utgreiingar som viser at den enkelte vil spare i sin eigen økonomi gjennom å få til gode klimaløysingar for sin bustad eller for sitt næringsbygg, eller for offentlege bygg, for den saks skuld, har ein stor effekt. Så det å sjå på samfunnsøkonomien i dei ulike tiltaka er eit viktig steg for å kunne førebu saker til eventuelle budsjettframlegg seinare.

Line Henriette Hjemdal (KrF) [11:49:02]: Jeg er glad for at statsråden legger vekt på det samfunnsøkonomiske, for jeg tror vi er inne på noe viktig i forhold til den tilskuddsordningen som Arnstad-utvalget peker på.

Statsråden sier at dette er et budsjettspørsmål, og det er jeg klar over. Men samtidig er det jo slik at med grønne sertifikater som innføres i 2012, må Enova få en ny rolle. Vi har egentlig pengene der allerede hvis regjeringen opprettholder bevilgningsnivået til Enova, men omdefinerer Enovas oppgave i forhold til å lage et slikt byggeprogram, som vil resultere i flere folk i arbeid, mer skatteinngang, bedre energi og bedre energibruk i husene våre. Er dette en sak som regjeringen vil diskutere med tanke på å se Arnstad-utvalget, Enova og grønne sertifikater som en gyllen trekant?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:06]: «En gyllen trekant» høyrest veldig flott ut. Det er ingen tvil om at Enova er eit viktig stikkord i den diskusjonen me no har. I 2010 er det stilt 125 mill. kr til disposisjon for energieffektivisering gjennom Enova, og ein del av dette er jo nettopp gjennom Energifondet og avkastninga av dette. Det er det direkte tilskotet som går i 2010.

Eg er oppteken av at me skal ha ein grundig gjennomgang av Enova si framtidige rolle når grøne sertifikat er på plass. Det er lagt føresetnader for det. Regjeringa har sagt at me skal ha ein slik gjennomgang, og i dei diskusjonane høyrer sjølvsagt dette spørsmålet heime. Kva vert dei viktigaste oppgåvene for Enova? Eg meiner at nettopp energieffektivisering er eit område der Enova har store moglegheiter til å kunne gjere ein veldig god jobb vidare for det norske samfunnet.

Presidenten: Spørsmål 6 er besvart tidligere.