Stortinget - Møte fredag den 7. juni 2013 kl. 9

Dato: 07.06.2013

Dokumenter: (Innst. 391 L (2012–2013), jf. Prop. 121 L (2012–2013))

Sak nr. 3 [11:09:26]

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringer i lov om statlig naturoppsyn

Talere

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Etter ønske fra energi- og miljøkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden begrenses til 24 minutter og fordeles med inntil 3 minutter til hvert parti og inntil 3 minutter til medlem av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det gis anledning til replikkordskifte på inntil tre replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen innenfor den fordelte taletid.

Videre blir det foreslått at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Torstein Rudihagen (A) [11:10:30]: (ordførar for saka): Naturoppsynslova frå 1996 la grunnlaget for opprettinga av Statens naturoppsyn, SNO, som tilsynsmyndigheit. Formålet med SNO er å vareta nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. SNO må derfor utøve tilsyn med naturen sjølv og med menneskeleg åtferd i naturen – det blir eit heilskapleg tilsyn. Eg meiner det er viktig at vi har godt tilsyn og kontroll med at lovgivinga som skal sikre berekraftig bruk og vern av naturmangfald og utmark, blir overhalden. Samtidig er det viktig at vi får til ei god oppgåve- og rollefordeling og eit godt samarbeid mellom SNO, Skjærgårdstjenesten, dei lokale fjellstyra og politiet. Vi må bruke ressursane på ein effektiv måte og ha respekt for den lokale kunnskapen og det engasjementet som f.eks. fjellstyra og fjelloppsyna står for.

Det er ikkje til å leggje skjul på at det har vore diskusjonar og usemje, men eg meiner at vi no stort sett har fått rydda opp i dette, og viser bl.a. til at SNO har føreseielege avtaler om kjøp av tenester frå Skjærgårdstjenesten, Statskog Fjelltjenesten og oppsyna til fjellstyra og bygdeallmenninga. No blir det foreslått endringar i naturoppsynslova som inneber ei opprydding i kva slags lover Naturoppsynet skal føre kontroll med, og ein presisering av heimelsgrunnlaget for oppsynet si kontrollverksemd.

Lov om fritids- og småbåtar § 40 blir no innlemma i lista over avgjerder som Naturoppsynet skal føre kontroll med. Det gjeld regelverket for vannskuterar, som blei gitt i medhald til denne paragrafen. Eg trur det er riktig med ei klargjering og presisering av Naturoppsynet sine fullmakter, både med omsyn til kven som blir kontrollert, og med omsyn til oppsynet sin arbeidssituasjon og moglegheit til effektiv kontroll. Det blir ryddig med ei felles regulering av fullmaktene i naturoppsynslova.

Når det gjeld rolleavklaring og forståing av SNO si rolle og politiet sine oppgåver, støtter fleirtalet regjeringa sitt forslag.

Eg vil her vise til proposisjonen der det står:

«Naturoppsyn og politi arbeider begge med kontroll av om regler blir overholdt og avdekking av eventuelle regelbrudd. Tvangsmidler som ransaking, pågripelse og beslag er forbeholdt politiet. Oppsynets virkemidler må angis med utgangspunkt i rolleforståelsen og etter en avveining av muliggjøring av en effektiv kontroll, hensynet til forholdsmessighet og kompetanse.»

Det held seg ikkje slik at SNO kan setje fysisk makt bak sine pålegg. Derfor bør det heller ikkje oppstå nokre farlege situasjonar, slik som mindretalet peiker på, som følgje av at SNO skal kunne stanse personar og køyretøy.

Skal denne myndigheita kunne utøvast, må ein ha sanksjonsmiddel mot dei som ikkje etterkjem pålegget. Derfor er det gjort straffbart ikkje å etterkome pålegg.

Fleirtalet støtter forslaget til lovendring. Dei andre partia har alternative forslag som eg reknar med at dei sjølve vil gjere greie for.

Bjørn Lødemel (H) [11:13:51]: Høgre var kritiske til å opprette SNO då dette blei gjort i 1996. Forslaget om eit statleg naturoppsyn klargjorde ikkje forholdet mellom lokale oppsynsordningar og eit statleg naturoppsyn eller forholdet mellom oppsyn og forvaltning.

I tillegg meinte Høgre den gong som no at lensmannskontora og dagens sivile oppsynskorps har opparbeidd stor tillit og eit godt kontaktnett lokalt, og at ein ikkje skal ha eit statleg naturoppsyn parallelt med eksisterande profesjonelle oppsynsordningar.

Høgre held fast ved at hovudoppgåva for eit sivilt statleg naturoppsyn bør vere ei haldningsskapande verksemd, med miljøovervaking og kontrollfunksjonar. Å følgje opp konkrete mistankar om alvorlege tilfelle av miljøkriminalitet er ei oppgåve for det ordinære politiet.

Høgre er kritisk til nokre av framlegga i proposisjonen, og meiner at Statens naturoppsyn med framlegget til ny § 3 i naturoppsynslova får fullmakter som langt på veg går inn i det som er politiet sine oppgåver.

Det blir bl.a. føreslege at oppsynet skal kunne stanse personar, køyretøy og fartøy og krevje at det blir framlagt løyve og dispensasjonar. Dei kan krevje opplysningar om namn, fødselsdato, registrert adresse og noverande bustad.

Vidare kan oppsynet krevje tilgjenge til private vegar og innmark – med unntak av hustomt og gardsplass – og å gjennomføre lyd- og bildeopptak og andre dokumentasjonstiltak. Alt dette er Høgre imot.

I staden for å lovfeste ei utvikling der Naturoppsynet i aukande grad har gått inn i politioppgåver, bør ein i staden avgrense Statens naturoppsyn sine oppgåver i høve til dagens praksis til det som bør vere oppsynet sine hovudoppgåver, nemleg haldningsskapande verksemd, miljøovervaking og ha ein kontrollfunksjon.

Høgre meiner at oppsynet i svært avgrensa grad skal ha høve til å setje fysisk makt bak pålegga sine, og at høve til å stanse personar, køyretøy og fartøy er ein rett som bør liggje til politiet.

Politidirektoratet viser òg i si høringsfråsegn til at dei er skeptiske til dette. Dei meiner at stans ved hjelp av fysiske stengsler kan eskalere og vere farleg både for oppsynsperspersonell og dei som blir forsøkt stansa. Eit slikt tiltak krev kunnskap og trening.

Høgre ønskjer heller ikkje å føye lov om fritids- og småbåtar til lista i naturoppsynslova § 2 over avgjerder som Naturoppsynet skal føre kontroll med. Vi meiner at oppsynet med at småbåttrafikk – medrekna vannskuterar – føregår på ein forsvarleg måte, må vere ei politioppgåve.

Eg tar opp forslaget frå Høgre og Framstegspartiet.

Presidenten: Representanten Bjørn Lødemel har tatt opp det forlsaget han refererte til.

Lars Egeland (SV) [11:16:58]: Dette er etter min mening en svært positiv sak – fordi det skjer en opprydding i hvilke lover naturoppsynet skal føre kontroll med, og fordi vi får en presisering av hjemmelsgrunnlaget for oppsynets kontrollvirksomhet.

Jeg har liten forståelse for bekymringene fra Høyre og Fremskrittspartiet med hensyn til om Statens naturoppsyn nå får fullmakter som de mener ligger innunder politiets oppgaver.

For det første er det etter mange år med uklarhet mellom Naturoppsynet og politiet faktisk enighet om det som foreslås. For det andre er det underlig at de to såkalte lov-og-orden-partiene – Høyre og Fremskrittspartiet – i realiteten tar til orde for en politikk som gjør det umulig å følge opp lovbrudd. Er det fordi partiene egentlig mener at disse lovbruddene ikke er så viktige?

Hvis de mener at det er viktige lovbrudd, er partiene uten virkelighetsforståelse, om de tenker seg at politiet skal kunne være til stede der hvor Statens naturoppsyns folk er i dag. Det ville også vært en totalt gal prioritering. Under terroraksjonen på Utøya hadde Nordre Buskerud politidistrikt – som dekker store deler av Hardangervidda – tre uniformerte politifolk på vakt i hele distriktet. Det var godt de ikke befant seg f.eks. på en motorferdselskontroll på vidda!

Det ville kreve en enorm styrking av politiet hvis de skulle gå inn i Naturoppsynets oppgaver, og det ville være en helt gal prioritering.

Når regjeringa nå åpner for økt kjøring med snøskuter gjennom traseer for rekreasjonskjøring i noen kommuner, er det samtidig viktig at det gis mulighet for å slå ned på ulovlig og farlig kjøring. Det er for mange bygder som har mistet ungdom i dødsulykker med motorferdsel. Naturoppsynet må ha mulighet både til å be om legitimasjon og til å stoppe folk, som det vil være behov for i en rekke av de oppgavene der Naturoppsynet fører kontroll. Det handler om effektiv ressursbruk at SNOs folk får de fullmaktene som her foreslås.

Erling Sande (Sp) [11:19:44]: (leiar av komiteen): Ein grunntanke for Senterpartiet er at jorda skal gjevast vidare til neste generasjon i minst like god stand som ho var, då vi sjølv tok over. Fornuftig og berekraftig bruk av jorda er ein sentral del av løysinga på klimakrisa, på energikrisa og på matkrisa.

Senterpartiet meiner at bruk ofte er det beste vern. Vi trur at dei som lever med og av naturen, har kunnskap og erfaring til å forvalte jorda på ein god og framtidsretta måte, akkurat som generasjonar før dei har gjort. Faktisk kan vi takke naturbrukarane for mykje av det mangfaldet vi finn, både innan kulturlandskap og artsmangfald i landet vårt.

Naturen gjev oss mat, vatn, energi, fritidsaktivitetar og naturopplevingar gjennom jakt, tur og fiske. Mennesket sin bruk av naturen gjennom generasjonar har gjeve oss landskapet vi har i dag, og kulturminne som vi kan vere stolte av. Då må vi òg sikre at miljøkriminalitet blir førebygd, og at nasjonale miljøverdiar blir tekne vare på. Då treng ein ei opprydding – ei opprydding som fyrst og fremst manifesterer forvaltinga si praksis i dag, som gjev forvaltinga nokre fullmaktar, men samtidig avgrensar i høve til andre. Tydelege avgrensingar og oppgåvefordeling i naturforvaltinga er også viktig opp mot t.d. fjellstyre, fjelloppsyn og andre som forvaltar viktige oppgåver innan naturforvaltinga vår, som ordføraren for saka var inne på.

Det må vere tydeleg kva for lover det statlege naturoppsynet skal halde oppsyn med, og kva for heimelsgrunnlag dei har for kontrollverksemda si. Naturoppsynet si kontrollverksemd er viktig for å sikre nasjonale miljøverdiar. Samtidig er det politiet som skal utøve politimyndigheit. Derfor er opptrekking av grensa mot politiet si makt viktig. Det er politiet som har politikompetanse og skal ha politimynde, og dette må speglast i regelverket. Derfor er eg glad for at det opphavlege forslaget om at oppsynet òg skulle kunne opprette t.d. fysiske stengsel, er justert. I forslaget er det tydeleg at stans ikkje skal kunne skje ved at materiell eller personar utgjer fysisk stengsel tilsvarande ei vegsperring.

Naturoppsynet er eit av fleire viktige middel for å ta vare på naturverdiar og naturmangfald. Sjølv om dei aller fleiste behandlar jorda med den respekt ho fortener, er oppsynet viktig – både for førebygging og avdekking av miljøkriminalitet – og derfor er denne saka viktig.

Oskar J. Grimstad (FrP) [11:22:30]: Ein samla komité viser til at føremålet med Statens naturoppsyn, SNO, er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminialitet. SNO må derfor utøve eit tilsyn både med naturen sjølv og menneskeleg åtferd i naturen. Dette blir på mange måtar eit heilskapleg tilsyn.

No blir det også foreslått endringar i naturoppsynslova som inneber ei opprydding i dei lover naturoppsynet skal føre kontroll med, og ei presisering av heimelsgrunnlaget for oppsynet si kontrollverksemd.

Erfaring viser også at det er nødvendig med ei opprydding i kva som er SNO sine fullmakter, og at det blir ei felles regulering av fullmaktene i naturoppsynslova. Det blir også etterlyst ei god rolleavklaring og forståing for SNO sine oppgåver, spesielt i forhold til politiet sine oppgåver. Framstegspartiet og Høgre meiner at hovudoppgåva for eit sivilt, statleg naturoppsyn burde vere haldningsskapande verksemd, miljøovervaking og kontrollfunksjon. Å følgje opp konkrete mistankar om alvorlege tilfelle av miljøkriminalitet er etter vår oppfatning ei oppgåve for det ordinære politiet – ikkje SNO.

Framstegspartiet er med andre ord svært kritisk til at SNO no skal få utvida fullmakt til å gå inn i politiet sin rolle, slik ein no ser det blir lagt opp til.

Framstegspartiet er også kritisk til å føye lov om fritids- og småbåtar § 40 til lista i naturoppsynet sin § 2 over oppgåver som SNO skal føre kontroll med. Oppsynet med at småbåttrafikk – medrekna vasskuterar – føregår på ein forsvarleg måte må vere ei politioppgåve.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:24:35]: Regjeringa fremma proposisjon om endringar i lov om statleg naturoppsyn. Regjeringa foreslår endringar i oppsynslova §§ 2 og 3. Endringane inneber dels ei opprydding i kva for lover oppsynet skal føre kontroll med. Dels inneber endringane ei presisering av heimelsgrunnlaget for SNO si kontrollverksemd med ein nærare definisjon av fullmakter og pliktane til kontrollobjekt.

Statens naturoppsyn gjer ein viktig jobb for å vareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Kontrollfullmaktene til naturoppsynet går ikkje direkte fram av lova i dag, men følgjer implisitt av dei oppgåver oppsynet er pålagde og av enkelte særlover. Det å klargjere og presisere fullmakta til naturoppsynet er viktig både av omsyn til borgarane som blir kontrollerte – at dei har føreseielege vilkår – og av omsyn til oppsynet sin arbeidssituasjon og moglegheit for effektiv kontroll.

Forslaget er i hovudsak i samsvar med etablert praksis for oppsynet si kontrollverksemd. Forslaget tek sikte på å lovfeste i naturoppsynslova dei grunnleggande fullmaktene som er nødvendige for at naturoppsynet skal kunne utføre kontroll etter lova.

Regjeringa foreslår at oppsynet ved kontroll skal ha fullmakt til å stanse personar, køyretøy og fartøy, krevje framlagt løyve som er påkrevd etter dei lover oppsynet fører kontroll med, krevje opplysingar om personalia, få tilgang til private vegar, ved mistanke om brot på lover som oppsynet fører kontroll med, få tilgang til innmark med unnatak av hustomt og gardsplass, og føreta dokumentasjon og bortvise personar og/eller krevje køyretøy, fartøy eller gjenstandar fjerna for å stanse pågåande ulovleg åtferd. Forslaget gir ikkje naturoppsynet fullmakt til bruk av fysisk makt og avgrensar klart mot utøving av politimyndigheit. Grensa mot politimakt er trekt opp i samarbeid med Justisdepartementet som ansvarleg departement for politiet. Bruk av fullmaktene kan berre skje når det er nødvendig for å føre kontroll med at reglane oppsynet fører kontroll med, vert overhaldne, og det ikkje etter saken sin art og forholdet elles ville vere eit etter måten for stort inngrep. Fullmakta gjeld berre der oppsynet fører kontroll og ikkje ved utføring av oppsynet sine andre oppgåver.

Ho som vert kontrollert, pliktar å etterkomme pålegg som ligg innanfor oppsynet sine fullmakter. Aktlaus og forsettleg unnlating av å etterkomme slike pålegg vil vere straffbart med bøter eller fengsel inntil tre månader.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Bjørn Lødemel (H) [11:27:12]: Både i forhold til representanten Egeland og andre vil eg berre slå fast at Høgre er eit lov og orden-parti, og det er derfor eg meiner at det er politiet som skal ta hand om desse ordningane. Derfor stemmer vi imot § 3. Vi meiner at dette nærmar seg så mykje politioppgåver, at det bør vere politiet som gjer det.

Eg har eit spørsmål til statsråden: Er han ikkje bekymra over at eit statleg organ utanom politiet får så pass omfattande oppgåver inn mot det som bør vere politiet sitt område? Kan ikkje dette føre til uheldige hendingar og omstende når det ikkje er politiet som skal vareta oppgåvene?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:27:59]: Eg trur kanskje eg først og fremst har to andre bekymringar. Eg er bekymra for at vi har eit betydeleg omfang av miljøkriminalitet i Noreg. Ein del av det er alvorleg kriminalitet, som det er viktig at det blir slått ned på, at ein følger opp og førebygger.

SNO er eit av våre viktigaste verkemiddel for å gjere det i breidda, sjølvsagt i tillegg til at saker som blir anmelde, skal bli etterforska og handtert på vanleg vis av justismyndigheitene våre.

Så har det òg vore grunn til bekymring, syns eg, for at vi ikkje har hatt ei klar nok lovavgrensing – ein heimel for SNO si verksemd. Det får vi no. Og eg finn det litt underleg at eit parti som Høgre ikkje syns det er meir fornuftig at ei eksisterande verksemd vert heimla i lov, og det er jo i hovudsak ei vidareføring av det som er no. Så er grensene til politimyndigheitene trekte opp i samarbeid med dei og deira ansvarlege departement med full einigheit om det som no vert presentert. Då føler eg meg trygg på at det vil vere ryddig og fungere godt.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Bjørn Lødemel satt fram ett forslag på vegne av Fremskrittspartiet og Høyre. Forslaget lyder:

«I lov 21. juni 1996 nr. 38 om statlig naturoppsyn gjøres følgende endringer:

§ 2 skal lyde:

§ 2 Oppsynets oppgaver

Oppsynet skal føre kontroll med at bestemmelsene gitt i eller i medhold av

  • 1. lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet,

  • 2. lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven), og eldre vernevedtak som nevnt i naturmangfoldloven § 77,

  • 3. lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag,

  • 4. lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner,

  • 5. lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet,

  • 6. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v.,

  • 7. lov 5. juni 2009 nr. 35 om naturområder i Oslo og nærliggende kommuner (markaloven), blir overholdt. Det samme gjelder lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall, så langt departementet bestemmer.

Departementet kan gi forskrift om at oppsynet skal føre kontroll med overholdelsen av bestemmelser gitt i medhold av plan- og bygningsloven så langt disse er gitt for å gjennomføre naturmangfoldloven kapittel VI (utvalgte naturtyper).

Oppsynet kan drive veiledning og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsel, registrering og dokumentasjon.

Departementet kan pålegge oppsynet andre oppgaver.

På Finnmarkseiendommens grunn skal oppsynet føre den ytterligere kontroll som departementet og Finnmarkseiendommen avtaler.»

Presidenten: Forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre er et alternativ til innstillingens § 2, og de samme partier har varslet at de ønsker å stemme imot § 3. Derfor voteres det alternativt mellom innstillingen i sin helhet og forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre.

Venstre har varslet at de støtter forslaget.

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om endringer i lov om statlig naturoppsyn

I

I lov 21. juni 1996 nr. 38 om statlig naturoppsyn gjøres følgende endringer:

Lovens tittel skal lyde:

Lov 21. juni 1996 nr. 38 om statlig naturoppsyn (naturoppsynsloven)

§ 2 skal lyde:

§ 2 Oppsynets oppgaver

Oppsynet skal føre kontroll med at bestemmelsene gitt i eller i medhold av

  • 1. lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet,

  • 2. lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven), og eldre vernevedtak som nevnt i naturmangfoldloven § 77,

  • 3. lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag,

  • 4. lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner,

  • 5. lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet,

  • 6. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v.,

  • 7. lov 5. juni 2009 nr. 35 om naturområder i Oslo og nærliggende kommuner (markaloven), og

  • 8. lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter § 40

blir overholdt. Det samme gjelder lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall, så langt departementet bestemmer.

Departementet kan gi forskrift om at oppsynet skal føre kontroll med overholdelsen av bestemmelser gitt i medhold av plan- og bygningsloven så langt disse er gitt for å gjennomføre naturmangfoldloven kapittel VI (utvalgte naturtyper).

Oppsynet kan drive veiledning og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsel, registrering og dokumentasjon.

Departementet kan pålegge oppsynet andre oppgaver.

På Finnmarkseiendommens grunn skal oppsynet føre den ytterligere kontroll som departementet og Finnmarkseiendommen avtaler.

Ny § 3 skal lyde:

§ 3 Oppsynets fullmakter

Oppsynet har rett til å ferdes med bruk av motorkjøretøy, båt eller luftfartøy når dette er nødvendig for utføring av oppsynets oppgaver. Motorferdsel skal skje så skånsomt og begrenset som forholdene tillater.

Når det er nødvendig for å føre kontroll med at reglene angitt i § 2 første og annet ledd blir overholdt og det ikke etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep, kan oppsynet

  • a) stanse personer, kjøretøy og fartøy

  • b) kreve fremlagt tillatelser, dispensasjoner mv. som er påkrevet etter de lover oppsynet fører tilsyn med og som er pliktig å medbringe

  • c) kreve opplysninger om navn, fødselsdato, registrert adresse og nåværende bosted samt kreve opplysninger av betydning for om reglene i § 2 første og annet ledd er overholdt, såfremt opplysningene ikke er underlagt lovbestemt taushetsplikt

  • d) kreve adgang til private veier, og ved mistanke om overtredelse av regler nevnt i § 2 første og annet ledd kreve adgang til innmark, med unntak av hustomt og gårdsplass

  • e) gjennomføre lyd- og bildeopptak og andre dokumentasjonstiltak som er tilsvarende lite inngripende

  • f) bortvise personer eller pålegge fjerning av kjøretøy, fartøy og gjenstander for å stanse pågående ulovlig adferd i strid med bestemmelsene nevnt i § 2 første og annet ledd

Første og annet ledd innskrenker ikke de fullmakter som følger av lovene nevnt i § 2 første og annet ledd.

Når oppsynet fører kontroll med at reglene nevnt i § 2 første og annet ledd blir overholdt, plikter den som blir kontrollert å etterkomme pålegg gitt i medhold av § 3 annet ledd.

Med bøter eller fengsel inntil 3 måneder straffes den som ved kontroll forsettlig eller uaktsomt unnlater å etterkomme pålegg gitt i medhold av annet ledd bokstav a til d og f.

Nåværende §§ 3 til 6 blir §§ 4 til 7.

II

Loven trer i kraft straks.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre ble innstillingen bifalt med 60 mot 42 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 13.31.58)

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Presidenten antar at Fremskrittspartiet og Høyre ønsker å stemme imot.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble bifalt med 59 mot 42 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 13.32.26)

Presidenten: Lovvedtaket vil bli ført opp til andre gangs votering i et senere møte i Stortinget.