Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon fra representanten Jenny Klinge til justis- og beredskapsministeren:
«I medhald av politiloven § 16 første ledd skal framlegg til endringar av lensmannsdistrikt handsamast i regjeringa. Den siste tida har vi sett eksempel på at denne regelen blir omgått ved at lensmannskontor blir ståande tomme etter såkalt samlokalisering av einingar. Politianalysen vart overlevert regjeringa i 2013, men noko sak om ei politireform er førebels ikkje lagt fram for Stortinget. I påvente av folkevald handsaming av organiseringa i politietaten burde ein kunne forvente at det ikkje skjer endringar i strukturen. Det ein ser mange stader no er likevel at politimeistrar flyttar rundt på ressursane slik at det i praksis blir nedleggingar, sjølv om strukturen ikkje er handsama politisk og formelle nedleggingsvedtak ikkje er gjorde i regjering.
Kva meiner statsråden om at slike endringar skjer utan politisk handsaming og før politireforma og strukturen for framtidas politi er drøfta og handsama i Stortinget?»