Stortinget - Møte torsdag den 26. mai 2016 kl. 10

Dato: 26.05.2016

Dokumenter: (Innst. 267 L (2015–2016), jf. Prop. 82 L (2015–2016))

Sak nr. 8 [20:23:59]

Innstilling frå arbeids- og sosialkomiteen om Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Talere

Votering i sak nr. 8

Presidenten: Etter ønske fra arbeids- og sosialkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen innenfor den fordelte taletid, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Sveinung Rotevatn (V) [20:24:42]: (ordførar for saka): Det har vore ein lang dag, så eg skal ikkje dra ut tida unødig. Det er ein samrøystes komité som står bak innstillinga i denne saka.

Eit par korte ord om bakgrunnen: Departementet har føreslått å endre formuleringa i folketrygdlova § 11-6. Slik han lyder i dag, er det eit vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar at medlemene får aktiv behandling eller deltek på eit arbeidsretta tiltak. Proposisjonen medfører at ordlyden blir endra frå «får aktiv behandling» til «har behov for aktiv behandling» og at «deltar på et arbeidsrettet tiltak» blir endra til «har behov for arbeidsrettet tiltak».

Bakgrunnen er at trygderetten igjen skal få moglegheit til å overprøve alle vurderingar som Arbeids- og velferdsetaten gjer etter folketrygdlova kapittel 11, også med heimel i denne føresegna, § 11-6. At trygderetten skal ha den kompetansen, var lovgjevaren sin intensjon då ordninga vart innført. At trygderetten sin kompetanse i realiteten vart innskrenka, var med andre ord ikkje tilsikta og er i strid med det Stortinget hadde som intensjon då ordninga med arbeidsavklaringspengar vart innført.

Saka er ei oppfølging av ei fråsegn frå Sivilombodsmannen i 2014, og eit fleirtal av høyringsinstansane har støtta den føreslåtte endringa.

Det blir føreslått at endringa skal gjelde for alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa tek til å gjelde. Lovendringa vil såleis ikkje endre på vilkåra for rett til arbeidsavklaringspengar, men vil sikre rettstryggleiken til dei som har behov for ordninga, gjennom at trygderetten igjen får full prøvingskompetanse.

Det er ein samrøystes komité som står bak innstillinga, og eg viser elles til kommentarane til lovendringa i proposisjonen og til komitéinnstillinga.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 8.

Votering i sak nr. 8

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

I

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 11-6 lyde:

§ 11-6 Behov for bistand til å skaffe seg eller beholde arbeid

Det er et vilkår for rett til ytelser etter dette kapitlet at medlemmet for å skaffe seg eller beholde arbeid som han eller hun kan utføre

  • a) har behov for aktiv behandling,

  • b) har behov for arbeidsrettet tiltak, eller

  • c) etter å ha prøvd tiltak etter bokstavene a eller b fortsatt anses å ha en viss mulighet for å komme i arbeid, og får oppfølging fra Arbeids- og velferdsetaten.

II

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Endringa skal gjelde for alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa tok til å gjelde.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli satt opp til andre gangs behandling i et senere møte i Stortinget.