Stortinget - Møte torsdag den 23. mars 2017

Dato: 23.03.2017
President: Marit Nybakk
Dokumenter: (Innst. 200 L (2016-2017), jf. Prop. 33 L (2016-2017))

Innhold

Sak nr. 3 [12:12:48]

Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i rettergangslovgivningen mv. (organiseringen av den sivile rettspleien på grunnplanet) (Innst. 200 L (2016-2017), jf. Prop. 33 L (2016-2017))

Talere

Hårek Elvenes (H) [] (ordfører for saken): Nærpolitireformen slo fast at for å sikre god faglig kompetanse i oppgaveløsningen bør det åpnes for at oppgavene innen den sivile rettspleien på grunnplanet kan samles for større områder enn det enkelte lensmanns- eller politidistrikt. Komiteen slutter seg til regjeringens forslag i proposisjonen til ny § 17 i politiloven som åpner for at én lensmann, politistasjonssjef eller namsfogd kan utføre oppgavene med tvangsfullbyrdelse for flere lensmanns- eller politidistrikter. En slik ordning vil åpne for at det kan etableres større namsmannsdistrikter.

Sammen med domstolsapparatet er namsmannsfunksjonen en del av en rettsorden som sikrer at individer, grupper og selskaper kan feste lit til at avtaler holdes. En velfungerende namsmannsfunksjon er viktig for å opprettholde betalingsmoralen i samfunnet og er av stor betydning for kredittgivning og omsetning. Samtidig er namsmannsfunksjonen en sentral forutsetning for å kunne opprettholde tilliten til den sivile rettspleien. Det er derfor viktig med en ensartet og oversiktlig organisering av namsmannsfunksjonen med kompetente og effektive enheter.

De foreslåtte lovendringene legger til rette for å samle politiets oppgaver innen den sivile rettspleien på færre enheter og en mer effektiv og sikker oppgaveutførelse.

Jenny Klinge (Sp) []: Regjeringa har føreslått å flytte lensmannsskjønnet til jordskifterettane og tingrettane. Det er både positive og negative sider med dette forslaget, etter mi meining.

Det er større grunn til å vere skeptisk til endringa viss ein ikkje ser berre på endringa i seg sjølv, men på heilskapen i dei oppgåvene som for tida blir flytta frå politiet. Når det stadig blir færre og færre sivile oppgåver att i politiet, mistar etaten meir og meir det sivile preget som har vore karakteristisk for norsk politi, og som er noko vi burde ta vare på.

Eg meiner derfor – på generelt grunnlag – at det er viktig å behalde sivile oppgåver i politiet, slik at folk har grunn til å møte opp på eit lensmannskontor utan at det nødvendigvis har skjedd noko alvorleg eller kriminelt først. Slike oppgåver gjev politiet ei viktig kontaktflate med befolkninga og indirekte også meir verdifull lokalkunnskap. Kjennskap til innbyggjarane er viktig i lokalsamfunn, uansett om det er ei bygd eller ein by. Ein negativ konsekvens av mindre sivil kontakt, om ein skal kalle det det, er at terskelen for å tipse og ta kontakt med politiet kan bli høgare.

Likevel: Når skjønnsoppgåvene først skal flyttast, for det er det fleirtal for, er det ikkje ei dårleg løysing å flytte desse til jordskiftedomstolane. Eg vil understreke at Senterpartiet er positiv til å flytte fleire oppgåver av ulik art til jordskiftedomstolane, og at vi er trygge på at dei vil vere fullt kompetente til å utføre slike skjønnsoppgåver. Det eg finn grunn til å leggje vekt på, er at resultatet av denne flyttinga av lensmannsskjønn ikkje berre blir avgjort av kvaliteten på det arbeidet som jordskifterettane og tingrettane skal gjere, men også i høgste grad av den framtidige strukturen på desse domstolane.

Når desse oppgåvene no skal flyttast til domstolane, vil det framleis vere ein viss grad av nærleik til tenestene, sjølv om avstandane blir større. Ei seinare sentralisering av desse domstolane vil derimot føre til mykje større avstandar og i praksis ei sterk sentralisering av skjønnsoppgåvene. Det meiner eg ikkje er bra, og eg vil åtvare mot det.

Eg meiner at det no blir viktig å halde eit auge med korleis ei slik ordning vil fungere i domstolane, og om ho held fram med å vere ubyråkratisk, enkel og rimeleg for brukarane. Akkurat dette håpar eg justisministeren tek med seg vidare. Eg håpar han vil halde eit vakent blikk på dette, og at han kjem tilbake til Stortinget dersom det skulle vise seg at løysinga skulle innebere ei forverring for brukarane, anten det gjeld tilgjengelegheit, kostnader eller anna. Dette er nemleg noko vi har fått konkrete bekymringsmeldingar frå folk om, og vi bør i den grad det er mogleg, sørgje for at endringar har positivt utfall for folk, ikkje negativt.

Når det gjeld namsmannsfunksjonane, vil eg nemne at Senterpartiet har gått mot ei sentralisering av desse fordi vi meiner at det verken er nødvendig eller heldig med større avstandar. Eg meiner at eit slikt krevjande arbeid som i praksis omhandlar skjebnen til enkeltmenneske, fordrar lokalkunnskap og geografisk nærleik. Dette handlar om å endre ei ordning som faktisk fungerer, som gjev folk god hjelp i vanskelege situasjonar, og som gjer det mogleg for mange å kome seg vidare i livet. Eg vil også på dette punktet oppfordre justisministeren til å følgje godt med på kva som skjer. Dersom færre får god hjelp til å handtere gjeld framover, må grep takast.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.