Stortinget - Møte onsdag den 6. juni 2018

Dato: 06.06.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 349 S (2017–2018), jf. Dokument 14 (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 8 [13:53:36]|

Innstilling fra justiskomiteen om Årsrapport for 2017 fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag (Innst. 349 S (2017–2018), jf. Dokument 14 (2017–2018))

Talere

Lene Vågslid (A) [] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Eg vil vise til årsrapporten for 2017 frå Stortingets utval for rettferdsvederlag.

Denne ordninga er Stortingets eiga kompensasjonsordning for urett som er påført ein person i tilfelle der det offentlege er å klandre. Ordninga er ikkje lovfesta, og det er ingen som har rettslege krav på rettferdsvederlag.

Komiteen merkar seg at det i 2017 blei utbetalt 21,5 mill. kr i rettferdsvederlag frå staten, og at dette er 4,3 mill. kr mindre enn i 2016. Bakgrunnen for nedgangen er at det har vore behandla færre saker totalt og færre saker etter særordningane, som har høgare innvilgingsprosent og utbetalingsnivå.

Me i komiteen merkar oss at den totale gjennomsnittlege saksbehandlingstida har gått noko ned. I 2017 var ho på 15 månader.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til årsrapporten og tilrår Stortinget å leggje han ved protokollen.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.