Presidenten: Presidenten
vil av smittevernomsyn tilrå at publikumsgalleriet vil halda stengt
også under møtet i dag. – Det er vedteke.
            
            
              Representanten
Maria Aasen-Svensrud,
som har vore permittert, har igjen teke sete.
            
            
              Det ligg føre tre
permisjonssøknader:
            
            
              - 
                
                  frå
Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe om sjukepermisjon for
representanten Mona Fagerås i tida
frå og med 24. november og inntil vidare
                 
- 
                
                  frå
Raudts stortingsgruppe om omsorgspermisjon for representanten Bjørnar Moxnes tysdag 24. november
                 
- 
                
                  frå
Miljøpartiet Dei Grønes stortingsgruppe om velferdspermisjon for
representanten Une Bastholm tysdag 24. november
                 
              Presidenten vil
føreslå at desse søknadene vert behandla straks og innvilga. – Det
er vedteke.
            
            
              Frå første vararepresentant
for Oslo, Per Espen Stoknes,
ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten
Une Bastholms permisjon, av velferdsgrunnar.
            
            
              Etter forslag
frå presidenten vart samrøystes vedteke:
            
            
              - 
                
                  Søknaden
vert behandla straks og innvilga.
                 
- 
                
                  Følgjande
vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:
For Nordland: Marius Meisfjord Jøsevold
For Oslo: Seher Aydar og
Kristoffer Robin Haug 
                 
 
          
            
              Presidenten: Presidenten
tilrår at det vert vald ein setjepresident for møta i Stortinget
denne veka. – Det er vedteke.
            
            
              Presidenten føreslår
Svein Roald Hansen. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten
reknar Svein Roald Hansen som samrøystes vald som setjepresident
for møta i Stortinget denne veka.