Stortinget - Møte tirsdag den 24. november 2020

Dato: 24.11.2020
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Presidenten vil av smittevernomsyn tilrå at publikumsgalleriet vil halda stengt også under møtet i dag. – Det er vedteke.

Representanten Maria Aasen-Svensrud, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Det ligg føre tre permisjonssøknader:

  • frå Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Mona Fagerås i tida frå og med 24. november og inntil vidare

  • frå Raudts stortingsgruppe om omsorgspermisjon for representanten Bjørnar Moxnes tysdag 24. november

  • frå Miljøpartiet Dei Grønes stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten Une Bastholm tysdag 24. november

Presidenten vil føreslå at desse søknadene vert behandla straks og innvilga. – Det er vedteke.

Frå første vararepresentant for Oslo, Per Espen Stoknes, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Une Bastholms permisjon, av velferdsgrunnar.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert behandla straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida: For Nordland: Marius Meisfjord Jøsevold For Oslo: Seher Aydar og Kristoffer Robin Haug

Presidenten: Marius Meisfjord Jøsevold, Seher Aydar og Kristoffer Robin Haug er til stades og vil ta sete.

Val av setjepresident

Presidenten: Presidenten tilrår at det vert vald ein setjepresident for møta i Stortinget denne veka. – Det er vedteke.

Presidenten føreslår Svein Roald Hansen. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten reknar Svein Roald Hansen som samrøystes vald som setjepresident for møta i Stortinget denne veka.

Statsråd Linda Hofstad Helleland la fram 17 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).

Presidenten: Sakene nr. 1–5 vert handsama under eitt.