Forslag frå stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen, Per Sandberg, Karin Andersen og Magnhild Meltveit Kleppa om forslag til mellombels lov om overgangs­reglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering

Innhold

Til Odelstinget

Bakgrunn

I motsetnad til ein del andre land er det i Noreg gjennom avtalar og sedvane høve for bedrifter til å permittere arbeidstakarar. Det har også vore praksis at arbeidstakarane mottar dagpengar i permitteringstida. I byrjinga på 1990-talet blei dagpengeperioden avgrensa til 26 veker innanfor ein 18 månaders periode, men frå 1994 igjen utvida til 52 veker.

I Ot.prp. nr. 17 (2001-2002) fremma Arbeids- og administrasjonsdepartementet forslag om at dagpengeperioden blei avgrensa til 26 veker, men at personar som i permitteringstida går på arbeidsmark­nadstiltak i regi av eller i samarbeid med arbeids­marknadsetaten, kan avslutte tiltaket sjølv om tiltaket går utover 26 veker.

Kommunalkomiteen slutta seg i innstillinga samrøystes til forslaget, og det blei seinare samrøystes vedteke. Komiteen meinte at ein periode på 52 veker var for lang, og ikkje stimulerer dei permitterte til å gå over i anna arbeid eller å delta på arbeidsmark­nadstiltak. Komiteen meinte at ei forkorting av trygdeperioden kan føre med seg at mange permitterte vil kome attende til ordinært arbeid mykje tidlegare. Komiteen viste i den samanhengen til kor viktig det er å halde oppe eit høgt nivå på arbeidsmarknadstiltaka.

Komiteen presiserte likevel at ein ville følgje utviklinga nøye, og at ein om nødvendig ville kunne endre lova dersom denne endringa ville føre til store negative konsekvensar for arbeidstakarane eller at arbeidsløysa blei vesentleg større.

Nå har lova verka i vel fire månader, og så langt ser konsekvensane for arbeidstakarane ut til å vere relativt små. Derimot er mange urolege over kva konsekvensane kan bli for enkelte bransjar. Det gjeld leverandørindustrien innanfor offshorebransjen og asfaltbransjen. Vi viser her til brev frå Byggenæringens Landsforening (BNL) og Fellesforbundet av 17. januar 2002 til arbeids- og administrasjonsministeren og brev av 18. mars 2002 frå Byggenæringens Landsforening, Fellesforbundet og Teknologibedriftenes Landsforening (TBL) også til arbeids- og administrasjonsministeren. I breva er det ikkje tatt opp spørsmål om å gå tilbake til den gamle ordninga med 52 veker, men at det blir utarbeidd nokre overgangsordningar. Grunngjevinga er at lovendringa kom brått på og at det er vanskeleg for desse bransjane på så kort tid å tilpassa seg ein situasjon der lønnsplikt kjem raskare. Det blir vist til at vi innanfor offshorebransjen vil gå inn i ein periode der investeringane vil gå ned, før aktiviteten igjen vil ta seg opp. Og det blir vist til at det innanfor asfaltsektoren er vanskeleg på kort sikt å sik­re aktivitet over ein så lang periode at ikkje lønnsplikt vil inntreffe for store grupper. Derfor er det nødvendig å sikre desse gjennom ei tidsavgrensa overgangsordning.

Med bakgrunn i erfaringane så langt er det ikkje nokon grunn for å gå tilbake til det gamle regelverket. Ei tilstramming i dagpengeperioden har så langt vist seg ikkje å verke negativt for store grupper av arbeidstakarane eller bedriftene. Normalt bør ein periode på 26 veker vere lang nok for at arbeidstakarar skal kunne gå permitterte utan at bedriftene skal måtta utbetale lønn.

Det er behov for overgangsordningar slik organisasjonane innanfor dei gjeldande bransjane har bede om. Overgangsordningar vil kunne gjere overgangen til nytt regelverk meir smidig og kunne sikre stabilitet omkring det nye regelverket. Dersom ikkje slike overgangsordningar kjem på plass, er forslagsstillarane redde for at dei gjeldande bransjane må seie opp personar med verdfull kompetanse, og som så kan forsvinne frå bransjane. Dette vil særleg gjelde yngre personar med kortast ansiennitet.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:

Vedtak til mellombels lov

om overgangsreglar i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering

I

§ 1

Arbeidstakarar som var i ein løpande permitteringsperiode per 31. desember 2001, skal behandlast etter regelverket slik det gjaldt før lovendringa av 21. desember 2001 så lenge permitteringa varer.

§ 2

For arbeidstakarar som per 31. desember 2001 ikkje var i ein løpande permitteringsperiode, skal reg­lane bli tillempa slik at permitteringstid før 1. januar 2002 ikkje blir teken med i utrekninga av kvoten på 26 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7. Ingen kan i medhald av denne føresegna få ein større kvote enn det som ville fylgd av lønnspliktlova og folketrygdlova slik dei lydde før lovendringa.

§ 3

For asfaltbransjen gjeld ein kvote på 36 veker i lønnspliktlova § 3 nr. 2 første ledd og folketrygdlova § 4-7.

§ 4

Føresegnene i §§ 1 og 2 gjeld til 1. juli 2003. Føresegna i § 3 gjelder til 1. januar 2004.

II

Lova tek til å gjelde straks.

15. mai 2002