Forslag frå stortingsrepresentantane Aslaug Haga og Marit Arnstad om etablering av eit lokaldemokratisk idéutval

Dette dokument

  • Dokument nr. 8:2 (2003-2004)
  • Dato: 03.10.2003
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Det kommunale sjølvstyret har vore ein grunnpilar i det norske folkestyret sidan 1837. Eit sterkt lokaldemokrati medverkar til at utviklinga i lokalsamfunn generelt og lokale, kollektive vedtak og reformer spesielt speglar preferansane og ynska til lokalbefolkninga. Ein annan føremon med det kommunale sjølvstyret er den demokratiske dynamikken som denne styreforma kan medføre: Brei deltaking i lokale, politiske prosessar aukar sannsynet for at kommunestyre fungerer som politiske laboratorium som genererer konstruktive idear, løysingar og reformer. Dette kan auke velferda og trivnaden i lokalsamfunn. Sjansane for at lokaldemokrati utviser slik "innovasjonskraft" aukar med talet på borgarar som aktivt engasjerer seg i lokalpolitikk og samstundes opererer innanfor rammer - spesielt økonomiske - som gjer kreativ politikkutvikling realistisk.

Makt- og demokratiutgreiinga har derimot vist at rammene til det kommunale lokaldemokratiet har blitt markert avgrensa dei siste 20 åra. Årsaka til denne utviklinga er todelt: Dels har statlege likskapskrav og nasjonale standardar svekka den lokale handlefridommen kommunane har hatt til å tilpasse tenestetilbod etter lokale tilhøve, dels har svekka kommunaløkonomi og stramme budsjett redusert høvet til å vere nyskapande og stette lokale preferansar generelt. I tillegg svekkjer budsjettkrisa incitamenta til å ta på seg lokalpolitiske verv fordi det reduserte (økonomiske) handlingsrommet minskar sjansane for å setje lokale, politiske initiativ og langsiktige planar ut i livet.

I sum kan utviklinga til det lokale sjølvstyret dei siste tiåra oppsummerast som ein overgang frå lokal autonomi til statleg styring. Samstundes minskar tilliten til lokale, folkevalde organ, og det lokale sjølvstyret si rolle som demokratisk lokomotiv og politisk laboratorium vert svekka.

Makt- og demokratiutgreiinga peikar på fleire teikn i tida som syner at det lokale sjølvstyret misser attraksjonskraft:

  • Redusert valdeltaking

    I siste kommuneval røysta 60,4 pst. av dei røysteføre, mot 81 pst. i 1963. Blant ungdom er nedgangen i valdeltaking markant; berre 33 pst. røysta i 1999, mot 54 pst. i 1971. I siste fylkestingsval røysta totalt 56,8 pst., mot 70,3 pst. i det aller fyrste fylkestingsvalet i 1975.

  • Mindre populære politiske parti og folkevalde organ

    Talet på medlemmer i dei politiske partia er omtrent halvert på 20 år. Samtidig er det stadig færre som er villige til å la seg nominere til vallister, og heile to tredelar av dei lokalt folkevalde takkar for seg etter kvar periode i kommunestyret utan å ta attval. Sjølv blant ordførarar er det merkbart at mange vegrar seg for å stille på nytt.

Demokratiet som styreform er derimot avhengig av høg og meiningsfull deltaking på lokalt nivå for å utvikle løysingar på problem og spegle borgarane sine preferansar i kollektive vedtak. Den samfunnsmessige utfordringa vert å revitalisere den hjørnesteinen i det norske demokratiet som det lokale folkestyret kan og typisk bør representere. Eit steg i rett retning vil vere å etablere eit lokaldemokratisk idéutval.

Eit slikt idéutval skal freiste å skape eit fornya og framtidsretta ordskifte om denne problematikken med utgangspunkt i analysane til makt- og demokratiutgreiinga. Idéutvalet lyt også føre til torgs nytenkjande og konkrete forslag til korleis det lokale sjølvstyret kan styrkje stillinga si innanfor det norske demokratiet. Ideelt sett er det ein målsetnad at fleirtalet av deltakarane i idéutvalet består av menneske med omfattande røynsler frå lokaldemokratisk praksis, og innsyn i dei utfordringane som det lokale sjølvstyret i Noreg no står overfor. I tillegg bør idéutvalet inkludere folk, gjerne internasjonale ekspertar, med grundig kjennskap til lokaldemokratiske vilkår i, og lærdomar frå, land det kan vere meiningsfullt å trekkje vekslar på, t.d. Sveits og USA.

FORSLAG

På denne bakgrunn vert det fremja fylgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa opprette eit lokaldemokratisk idéutval som skal arbeide ut eit innspel til stortingsmeldinga om makt- og demokratiutgreiinga. Idéutvalet skal bestå av medlemmer med aktuell, norsk lokalpolitisk erfaring og internasjonale ekspertar på desentralisert demokrati.

Idéutvalet skal

  • a) gje ei vurdering av lokaldemokratiets kår i Noreg, og identifisere faktorar som påverkar vilkåra for lokalt folkestyre med sikte på å utløyse engasjement og handlefridom i lokalpolitikken,

  • b) skissere konkrete forslag til meir omfattande deltaking i det lokale folkestyret, inklusive ei betring av den praktiske organiseringa av lokalpolitikken; tilrettelegging for å gjere lokalpolitiske oppgåver og verv meir attraktive, arbeidsmetodar, økonomiske incitament for lokalpolitisk deltaking osb,

  • c) vurdere lokaldemokratiske vilkår i land med sterke innslag av desentralisert demokrati, og presentere forslag til korleis lærdomar frå slike land kan implementerast i Noreg.

3. oktober 2003