Til Stortinget
I situasjonar der det oppstår usemje mellom pårørande
og medisinskfagleg personell om å halde fram eller avslutte
livsnødvendig behandling, har pårørande
per i dag ingen rett til ei ny vurdering eller ei fornya vurdering
av ei uavhengig ekspert-/faggruppe. Venstre, ved stortingsrepresentant
Gunvald Ludvigsen, stilte 20. januar 2006 helse- og omsorgsminister
Sylvia Brustad eit skriftleg spørsmål, der han oppfordra
statsråden til å vurdere om pårørande
burde ha høve til å få si sak prøvd
av ei ny og uavhengig faggruppe når det oppstår
usemje, innanfor ei fastsett tidsramme.
Statsråden svara med å vise til helseforetaka
sine eigne kliniske etikk-komitear (KEK) som eit passande organ
for å handsame slike situasjonar.
I St.prp. nr. 1 (2002-2003) og St.prp. nr. 1 (2003-2004) vart
helseforetaka pålagd å opprette kliniske etikkomitear
for å:
Fremje samtale og refleksjon kring
etiske problem og dilemma.
På førespurnad gi råd om korleis
konkrete etiske problem kan løysast, eller vere eit forum
der medisinskfagleg personell kan drøfte slike problem prospektivt
eller retrospektivt.
Bevisstgjere kring etiske problem knytt til bruk av ressursar
og prioritering.
Gjere pasientar og pårørande sine møte
med sjukehuset best mogleg.
Per januar 2006 er det etablert 37 kliniske etikk-komitear i
Noreg. Retningslinene for desse komiteane er framleis ikkje ferdig
utarbeidd. Mykje kan tyde på at ein slik klinisk etikk-komité ikkje
er eit godt nok organ for pårørande når
det blir usemje mellom medisinskfagleg personell og pårørande. Årsaka
er at desse komiteane stort sett er samansett av personar som har
sitt virke i det lokale helseforetaket. Representantane meiner difor
at ein klinisk etikk-komité ikkje kan sikre ein uhilda
og upartisk vurdering av saka. Habilitetsproblematikken vil vere
høgst reell, spesielt ved små helseforetak.
I dag finst det ikkje retningsliner som seier at eit medlem av
ein klinisk etikk-komité må trekkje seg når
vedkommande både sit med ansvar for behandling og i komiteen.
I England har legane ei plikt i sine retningsliner til å opplyse
pasientar og pårørande om at det kan koplast
inn ei uavhengig faggruppe som kan gje ei fornya vurdering når
behandlinga pasienten får, ikkje vert oppfatta som fullgod.
Dette er ein praksis som òg bør vurderast i
Noreg, for å styrke pårørande og pasientane
sine rettar og tillit til sjukehusa.
På denne bakgrunn vert det gjort følgjande
framlegg:
Stortinget ber Regjeringa kome med eit framlegg der pårørande
får krav på ei alternativ fagleg vurdering i situasjonar
der det er usemje mellom pårørande og dei fagleg
ansvarlege om å halde fram eller avslutte livsnødvendig
behandling.
15. februar 2006