For forslagsstillarane er det ein hovudprioritet å setje i verk
reformer og tiltak for å støtte opp om arbeidslina og målet om arbeid
for alle. Dømer på dette er pensjonsreforma og den nye uførereforma,
som skal gjere det lettare å kombinere uføretrygd med ordinært arbeid.
Eit anna døme er «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne»
som vart sett i gang i 2012.
Som samfunn er vi diverre ikkje i mål med å inkludere alle i
arbeidslivet, og behovet er framleis til stades for å fornye og
vidareutvikle arbeids- og velferdspolitikken slik at fleire får
moglegheita til å ta del i arbeidslivet. Ved utgangen av mars 2014
var 206 400 personar med nedsett arbeidsevne registrert hos Nav.
Det er eit mål for forslagsstillarane at personar med nedsett
arbeidsevne i større grad enn i dag skal kunne kome i arbeid, eventuelt
kombinert med ei gradert uføreyting. Ei stor utfordring er at mange
personar i yrkesaktiv alder er utanfor arbeidslivet og mottek helserelaterte
ytingar.
Det er difor, etter forslagsstillarane sitt syn, naudsynt med
ein strategi for betre arbeidsmoglegheiter for personar med nedsett
arbeidsevne, og meir bruk av gradering i dei helserelaterte ytingane.
Sentralt i ein slik strategi må vere å setje kritisk søkelys
på korleis arbeidslivet er innretta i dag, kva slags moglegheiter
det gir, og korleis offentlege inntektssikringsordningar, tiltak
og tenester underbyggjer arbeidsdeltaking. Målet for forslagsstillarane
er at strategien skal føre til at flest mogleg skal kunne ta del
i og oppretthalde tilknytinga til det ordinære arbeidslivet. Lukkast
ein med dette, vil ein slik strategi også vere eit viktig verkemiddel
mot fattigdom.
Ein slik strategi må vere basert på to delstrategiar. For det
første må han omfatte ein tilknytingsstrategi som inneheld tiltak
som sikrar tilknytinga til arbeidslivet. Særlig viktig er dette
for menneske som har nedsett arbeidsevne grunna helseproblem, og
som dermed står i fare for å falle ut av arbeidslivet. Desse må
få bli verande i ei stilling på redusert tid, og med arbeidsoppgåver
dei kan meistre.
Tilknytingsstrategien må supplerast med tiltak for å inkludere
fleire av dei med nedsett arbeidsevne som står utanfor arbeidslivet
i dag, og som ønskjer eit arbeid å gå til. Ein slik inkluderingsstrategi
må leggje til rette for deltaking i arbeidslivet for ei samansett gruppe
av personar med ulik nærleik til arbeidsmarknaden.
Desse to delstrategiane heng nøye saman. Om ein lukkast med å
sikre tilknytinga til dei som står i fare for å falle ut av arbeidslivet,
vil færre isolert sett ha trong for bistand for å få arbeid. Tiltak
retta mot etterspurnadssida i arbeidsmarknaden vil kunne gje nytt
arbeid og inkludere fleire av dei som elles ville ha enda opp med
full uføretrygd. Ved å tilby personar med nedsett arbeidsevne eit
arbeid dei kan meistre, kan ein også oppnå ei styrking av det samla
arbeidstilbodet.
Med ein slik strategi meiner forslagsstillarane at ein legg grunnlag
for å inkludere fleire av dei som i dag står utanfor arbeidslivet
inn i inntektsgjevande arbeid. Tiltaka er retta mot at fleire menneske
i utkanten av arbeidsmarknaden skal kome i arbeid eller få eit breiare
og meir varig fotfeste i arbeidslivet. Gevinsten for den einskilde
og for samfunnet vil vere avhengig av kor mange fleire som kjem
i arbeid, kor mykje dei vil arbeide, og kor mange fleire år dei
blir verande i arbeid. Sjølv moderate endringar kan gje store gevinstar,
difor vil ein slik strategi potensielt kunne både gje gode samfunnsøkonomiske
resultat, og ha mykje å seie for det einskilde mennesket.
På bakgrunn av dette blir det fremja følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa utarbeide og på eigna måte leggje fram
for Stortinget ein strategi for å sikre betre arbeidsmoglegheiter
for menneske med nedsett arbeidsevne, og i den samanheng vurdere
følgjande:
Følgje opp og vidareutvikle ungdomsgarantiane for
dei under 30 år.
Vidareutvikle «Jobbstrategien for personer med nedsatt funksjonsevne».
Sikre fleire tilpassa arbeid i offentleg sektor for menneske
med nedsett arbeidsevne.
Utvikle fleire traineeprogram, nye utprøvingsjobbar og opplæringsstillingar,
med vekt på grupper som i dag står utanfor arbeidslivet, særleg personar
med psykiske lidingar og personar med nedsett funksjonsevne.
Tiltak for å auke delen graderte sjukmeldingar.
Utvikle fleire verkemiddel som kan understøtte framleis
arbeidstilknyting i sjukepengeperioden og ei meir aktiv og understøttande
rolle for arbeids- og velferdsetaten ved sjukefråver.
Tiltak for å styrkje arbeidsgjevar sine insentiv til framleis
tilknyting etter avslutta sjukepengeperiode.
Sikre sjukmelde utan arbeidsgjevar ei god oppfølging frå
Nav.
Lågare inngangskrav i arbeidsavklaringspengeordninga (AAP)
enn dagens krav om 50 prosent nedsett arbeidsevne for personar som
har overgang frå sjukepengar.
Gradering i AAP-ordninga til erstatning for dagens avkortingsreglar.
Tiltak for raskare avklaring av personar på AAP, og vurdere
om maksimal stønadsperiode på fire år er høveleg.
Eit meir aktivt oppfølgingsopplegg for mottakarar av AAP.
Arbeidsretta hjelp til personar med gradert uførepensjon.
Vidareutvikle både tidsubestemt lønstilskot og tidsavgrensa
lønstilskot.
Sikre personar på attføring god og individuell oppfølging
og attføringsbedriftene føreseielege rammevilkår.