Til Stortinget
Både andelen og talet på fast tilsette fagarbeidarar hjå dei
store entreprenørane i Oslo-regionen har falle markert sidan 2007,
viser ein ny rapport frå Manifest Analyse (RAPPORT NR. 4/2015 Fra
sosial dumping til sammenbrudd? Byggenæringen i Osloregionen høsten
2015). Dette har skjedd saman med at talet på innleigde utanlandske
arbeidarar frå bemanningsbyrå er mangedobla, mogleggjort av utvidingane
av Den europeiske unionen (EU) i 2004 og 2007 og Noregs tilslutnad
i det Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).
Forslagsstillarane ser det som ei ikkje-ønskjeleg utvikling at
fast tilsette i ulike bransjar og yrke vert erstatta av mellombels
tilsette eller av tilsette frå bemanningsbyrå, i all hovudsak tilsette
frå land i Aust-Europa. Ei slik utvikling, der norske tilsette over
tid vert erstatta av utanlandsk arbeidskraft, medverkar òg til ei
svekking av utviklinga i løns- og arbeidsvilkår samanlikna med andre
grupper. Vidare gjev dette mindre incentiv til norske ungdommar
om å velja desse yrka.
I dag opnar arbeidsmiljølova § 14-12 fyrste ledd for innleige
av arbeidstakar frå verksemd som har til føremål å driva utleige
i same utstrekning som det kan avtalast mellombels tilsetting for
etter § 14-9 fyrste ledd bokstav a til e. Dette sikrar at verksemder ved
trong kan gjera bruk av ekstern arbeidskraft for å få dekka arbeidstoppar.
Arbeidsmiljølova § 14-12 andre ledd opnar vidare for at i dei verksemder
som er bunde av tariffavtale, der kan arbeidsgjevar og tillitsvalde
som til saman representerer eit fleirtal av den arbeidstakarkategori
innleige gjeld for, inngå skriftleg avtale om tidsavgrensa innleige
utan hinder av det som er fastsett i fyrste ledd. Verksemda skal
på førespurnad frå Arbeidstilsynet leggja fram dokumentasjon på
at verksemda er bunde av tariffavtale og at det er inngått avtale
med dei tillitsvalde som nemnt i § 14-12 andre ledd fyrste punktum.
Forslagsstillarane meiner arbeidsmiljølova § 14-12 andre ledd
inneber ei for sterk svekking av målet om at fast tilsette skal
vera hovudregelen i norsk arbeidsliv. Det er lett å forstå at tillitsvalde
vil kunne oppleva eit stort press frå arbeidsgjevar for å godtaka innleige
av arbeidskraft jf. § 14-12 andre ledd, og at omfanget av slik innleige
difor blir større enn ønskjeleg frå lovgjevar si side. Endringar
i balansen i arbeidsmarknaden, der tilbodssida som følgje av EU-utvidingane
austover i 2004 og 2007, kombinert med ulik økonomisk vokster i
Noreg og dei fleste andre medlemsland i EU, har òg endra maktforholda
i arbeidslivet. Vidare har Stortinget auka høvet til mellombels
tilsette, noko som utvidar høvet verksemder har til å gjera bruk
av innleigd arbeidskraft jf. § 14-12 fyrste ledd. Stortinget bør
difor etter forslagsstillarane sitt syn oppheva unntaksregelen for
innleige av arbeidstakarar, jf. § 14-12 andre ledd. For forslagsstillarane,
som alle representerer Senterpartiet, er det viktig å avgrensa høvet
verksemder har til å leige inn arbeidskraft frå bemanningsbyrå.
Forslagsstillarane føreslår difor at arbeidsmiljølova § 14-12 andre
ledd vert oppheva.
På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram følgjande
forslag:
I
I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern
mv. (arbeidsmiljøloven) vert det gjort følgjande endring:
§ 14-12 andre ledd vert oppheva.
II
Endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2016.
17. desember 2015