Bakgrunn
Narkotika er eit
stort samfunnsproblem som rammar både brukarar, pårørande og lokalsamfunn hardt.
Rusmisbrukarar er menneske med ein avhengnadssjukdom som treng eit
meir heilskapleg og effektivt behandlingsopplegg enn dei får i dag.
Målet med behandlinga av stoffavhengnad i Noreg bør framleis vere
at brukaren skal bli stoffri, medan legemiddelassistert rehabilitering
(LAR) skal vere eit supplement. All behandlingsinnsats innanfor
spesialisthelsetenesta må følgjast opp av ettervern og tilbod om
bustad, sysselsetjing, skulegang og nettverksbyggjande tiltak.
Forslagsstillarane
konstaterer at Noreg er blant dei landa i Europa med lågast narkotikabruk,
men norsk narkotikapolitikk har likevel ikkje nådd måla sine. Samfunnet
har i for stor grad sett på narkomane som kriminelle som har blitt
møtte med straff. Senterpartiet vil jobbe for auka bruk av reaksjonar
som skal hjelpe menneske ut av byrjande narkotikaproblem, og reaksjonar som
sikrar alle tyngre brukarar oppfølging og helsehjelp. Ein må styrke
rusomsorgen og intensivere tiltak mot overdosar.
Forslagsstillarane
vil framheve at Senterpartiet vil vidareføre lovforbodet mot innehav
og bruk av narkotika som eit instrument for å kunne gripe inn tidleg.
Innsatsen må bli retta inn mot å hindre produksjon, innførsel og
omsetning. Tilgangen på ulovlege narkotiske stoff må bli redusert
for å hindre nyrekruttering og auka bruk. Innsatsen til tollvesenet
og politiet i det narkotikaførebyggjande arbeidet må bli styrkt.
Når det gjeld dei rusavhengige, er det viktig å sjå på korleis samfunnet kan
leggje til rette for helsehjelp framfor fengselsopphald. Dette gjeld
særleg ungdom.
Forslagsstillarane
viser til Portugal, som har oppretta ei nemndordning som følgjer
opp personar som blir pågripne av politiet for innehav av narkotika
til eige bruk. Nemndene er tverrfaglege og vurderer rusproblematikken
til den enkelte og kva form for hjelp eller oppfølgjing kvar og
ein har behov for. Ved gjentekne pågripingar har nemnda høve til
å bruke ulike sanksjonar, som bøter, meldeplikt eller samfunnsstraff.
Personar som blir tekne vare på gjennom nemndordninga, slepp påtale
og vidare straffeforfølgjing dersom dei følgjer tilrådingane frå
og avgjerdene i nemnda. Dei som blir tekne for kjøp og sal av narkotika,
blir ikkje sende til nemndene, men blir straffeforfølgde av politiet
og rettsapparatet. Forslagsstillarane meiner alle sider ved Portugal-modellen
bør bli greidd ut nærare.
Forslagsstillarane
meiner det er behov for ei offentleg utgreiing (NOU) om norsk ruspolitikk,
der ein greier ut status, mål og tiltak for ruspolitikk generelt
og narkotikapolitikk spesielt. Utgreiinga om ein betre ruspolitikk
må ha følgjande todelte mål:
Ein NOU
må omhandle både førebygging og behandling og ettervern og må vere
kunnskapsbasert og sjå til både nasjonale og internasjonale erfaringar.
Ein NOU må vurdere både politiet og helsevesenet si rolle samt kapasitets-
og kompetansebehov. Ein NOU må ta føre seg ulike behov og tiltak
i storbyar og i distrikt. Ein NOU må klargjere kommunane si rolle
og spesialisthelsetenesta si rolle. Altfor mange opplever at kommunane
sitt tilbod til pasientar som blir utskrivne frå behandling eller
lauslate frå fengsel, ikkje er på plass til riktig tid, eller at
det er utilstrekkeleg. Bustadtilbodet er ofte for dårleg, og det
er mangel på meiningsfull aktivitet som jobb eller utdanning. Mange
slit også med at dei har manglande rusfritt nettverk. Ein NOU må
også vurdere pårørande si rolle og frivillige og ideelle organisasjonar
si deltaking i dette arbeidet. Ein NOU må vurdere nye tiltak mot
overdosar, sidan overdosedødsfalla i lengre tid har lege på eit
stabilt høgt nivå. Ein NOU må òg vurdere kvaliteten i LAR (legemiddelassistert
rehabilitering).
Forslagsstillarane
meiner at ein NOU òg må greie ut samfunnet sine reaksjonar på narkotikalovbrot.
Forslagsstillarane viser til at trass i at lovverket og strafferammene
i Noreg har legne fast i lengre tid, har det vore store endringar
i samfunnet sine reaksjonar på narkotikalovbrot. Rettsapparatet
har fleire tiltak som har som formål å hjelpe menneske ut av rusbruk
og forhindre vidare problemutvikling. Dei fleste av sakene som omhandlar
bruk og innehav, blir møtt med førelegg eller påtaleunnlating med
vilkår, som til dømes kontrakt med krav om rusfriheit. Forslagsstillarane
viser til at det er stor semje om at fengsel og bøter ikkje bør
brukast som reaksjonsform på narkotikalovbrot gjort av rusavhengige.
Personar med rusproblem som blir dømde for forhold som kan gi fengselsstraff,
kan i dag få tilbod om tiltak som tar sikte på å bryte ein negativ
sirkel. Narkotikaprogram med domstolskontroll, «soning» i behandlingsinstitusjon
– også kjent som § 12-soning – og straffegjennomføring med fotlenke
er døme på slike tiltak. Spesielt har alternative reaksjonsformer
blitt tatt i bruk overfor unge som står i fare for å starte ein
ruskarriere, som konfliktrådsmekling, ungdomsstraff, ungdomsoppfølgjing
og ungdomskontraktar. Dette er ei positiv utvikling som, etter forslagsstillarane
sitt syn, bør bli styrkt, og ordningane må bli utvida til fleire
grupper. Det er behov for ei avklaring av omfanget av bruken av
alternative straffereaksjonar, innhaldet og effekten av desse. Utviklinga
i bruken av alternative reaksjonar dei siste tiåra synleggjer at
det har vore eit stort handlingsrom for å kanalisere rusavhengige
til hjelp, også innanfor dagens lovverk.
Forslagsstillarane
viser til at forbodet mot bruk og innehav av narkotika er eit viktig
normdannande tiltak som må bli videreført, og at ein NOU må ha dette
som mandat. Målet med lovforbodet er ikkje å straffe menneske med
narkotikaproblem, men å halde forbruket nede ved å avgrense nyrekruttering
og auka bruk. Forbodet gir også molegheit til å kunne gripe tidleg
inn. Det er også viktig at politiet har dei nødvendige heimlane
til å etterforske bakover i forsyningskjeda ved mistanke om sal.
Forslagsstillarane
støttar ikkje ei avkriminalisering der ein omdefinerer eit brotsverk
til ei misferd, der bruk og innehav av narkotika vil bli straffa
på same måte som til dømes ein trafikkmisferd eller feilparkering.
Forslagsstillarane
vil at ein NOU om norsk ruspolitikk skal leggje grunnlaget for ei
kunnskapsbasert utvikling av norsk ruspolitikk. Utgreiinga må vurdere
nasjonale erfaringar og sjå på erfaringar med ulike metodar og tilnærmingar
frå andre land og kva effektar desse har hatt for dei tunge rusbrukarane
og for rusbruken i landa. Forslagsstillarane vil framheve at Senterpartiet
meiner at tunge rusavhengige må bli fritekne for eigendelar i helsevesenet,
og meiner at ein NOU må vurdere om kor vidt det framleis skal vere
eigendelar i norsk helsevesen for dei med alvorleg avhengnad-sjukdom.
I tillegg er det naturleg at ein NOU også vurderer sjukdomsbyrda
hos dei med ruslidingar, og helsetiltak som kan sikre fleire gode
leveår og auka levealder. Eit døme er intensivering av hepatitt
C-behandling med mål om å utrydde sjukdommen i Noreg.