Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Fredric Holen Bjørdal, Åsunn Lyngedal, Stein Erik Lauvås, Ingalill Olsen, Hege Haukeland Liadal, Magne Rommetveit, Lise Christoffersen, Arild Grande og Lene Vågslid om å utsetje iverksetjing av vedtekne endringar i eigedomsskattelova og presisering i vilkåra for å nytte overgangsregelen

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Utsett iverksetjing til 2020 av lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringar i eigedomsskattelova fordi det er urealistisk å gjennomføre takseringsarbeidet som lovframlegget føreset

Det er få og små takseringsfirma i takseringsmarkedet for verk og bruk, og dette krev fagkunnskap. Kvart år vert det gjennomført ny alminneleg taksering for om lag 36 kommunar. Det er ingen overkapasitet i bransjen. Kommunenes Sentralforbund (KS) og Landssammenslutningen av vasskraftkommuner (LVK) og fleire andre kommuneorganisasjonar har påpeikt at det er heilt urealistisk å gjennomføre takseringsarbeidet som lova føreset, med iverksetjing frå 2019.

Som fylgje av lovvedtaket må dei 348 kommunane laga ny takst etter dei nye reglane for næringseigedomar, kor ein takserer grunn, bygningar og «maskiner som tener bygningen». Verdien av produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar i dagens verk og bruk vil etter dette utgjere eit særskilt skattegrunnlag som skal fasast ut over ei periode på sju år (overgangsregelen).

Av dei 348 kommunane er det 73 som i 2017 skriv ut eigedomsskatt på verk og bruk, men ikkje på all anna næringseigedom. Sjølv om fleirtalet i finanskomiteen i Innst. 4 L (2017–2018) legg til grunn at kommunane ikkje treng å utvida eigedomsskatten til næringseigedomar, framgår ikkje dette klart av lova. Skattytarane hevdar at det ikkje er ein klar lovheimel for å nytta overgangsregelen dersom kommunane ikkje skriv ut eigedomsskatt også på anna næringseigedom. I tilfelle det skal tolkast slik, betyr det at dei 73 kommunane også må førstegongstaksere all næringseigedom i kommunen. Dette vil også vere tilfelle dersom kommunane for å kompensere for inntektsbortfallet vel å skattlegge all næringseigedom i kommunen.

Lovforslaget føreset med andre ord at det vert gjennomført eit svært omfattande takseringsarbeid. I nokre kommunar vil arbeidsmengda vera begrensa, men i kommunar med større eller mange anlegg vil arbeidet vera omfattande. Det same gjeld i dei kommunane som i dag berre skriv ut eigedomsskatt på verk og bruk, og som treng inntektene overgangsregelen gjev, og difor vil utvide skattegrunnlaget til all næringseigedom.

I alle takstar på verk og bruk må det takast stilling til kva som skal skiljast ut som «produksjonsinstallasjonar», som er eit nytt lovomgrep. Mange takster på verk og bruk er ikkje spesifiserte på ein slik måte at skattepliktig produksjonsutstyr og verdien av det enkelt kan skiljast ut til forskjell frå «maskiner som tener bygget».

Eit anna viktig moment er at retakseringa bør samordnast med kommunesamanslåinga, som føreset felles eigedomsskatteregime i dei nye samanslegne kommunane.

Endring/presisering av vilkåra i overgangsregelen i eigedomsskattelova §§ 3 og 4

Regjeringa sitt forslag til overgangsregel til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 er utforma slik at det verkar som at kommunane må skrive ut eigedomsskatt på all næringseigedom for å kunne nytte overgangsregelen. Finanskomiteen sitt fleirtal har uttalt at kommunar som ønskjer å nytte overgangsordninga

«ikke skal behøve å utvide eiendomsskatten i kommunen til øvrig forretningseiendom», jf. Innst. 4 L (2017–2018) punkt 7.1.

I brevet frå Finansdepartementet 11. januar 2018 heiter det at kommunane i overgangsperioden skal kunne skrive ut eigedomsskatt på produksjonsutstyr og -installasjonar samt bygningar og grunn for verk og bruk, sjølv om kommunen ikkje vel eit utskrivingsalternativ som omfattar næringseigedom. Det er likevel framleis tvil og tvistar om kva som eigentlig er riktig. Skattytarane meiner at det ikkje foreligg klar heimel. Dette må avklarast, slik at all tvil vert rydda av vegen.

Det er ei viktig presisering at dei 73 kommunane som i 2017 ikkje skriv ut eigedomsskatt på anna næringseigedom enn verk og bruk, ikkje vil bli tvungne til å utvide skatteplikta til all næringseigedom frå 2019 dersom dei skal få dei inntektene overgangsregelen gjev. Likeins at dei kommunane som ønsker å utvide skattegrunnlaget sitt, får tid og høve til det. Kommunar som har eigedomsskatt på all næringseigedom i dag, må også kunne nytta andre utskrivingsalternativ utan at skattegrunnlaget i overgangsreglane fell bort.

Skatteytarane har òg uttala seg i ei retning som kan tyde på at det er uvisse om kva som skal fasast ut. Kommunane må ikkje fase ut eigedomsskatten på bygg og grunn. Det må klargjerast.

Det er urealistisk å få gjennomført lovendringa med den tidsfristen som er vedteken. Det fins ikkje ledig takseringskapasitet. Av dei 111 kommunane som vert påverka av kommunereforma, er det 91 kommunar som skriv ut eigedomsskatt. Det vert såleis lagt opp til unødvendig dobbeltabeid for alle desse kommunane.

Forslagsstillarane foreslår å endre overgangsregelen slik at det kjem klart fram at overgangsregelen kan nyttast uavhengig av kva utskrivingsalternativ som eventuelt vert nytta.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram fylgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa snarast leggje fram forslag om lovvedtak om utsett iverksetjing av lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringar i eigedomsskattelova, slik at lova får verknad frå og med skatteåret 2020.

  2. Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å endre overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4, slik at det klart kjem fram at regelen kan nyttast uavhengig av kva utskrivingsalternativ som vert nytta. Skattegrunnlaget frå bygningar og grunn skal ikkje fasast ut. Dette må også komme klart fram av lova.

6. mars 2018

Ingrid Heggø

Fredric Holen Bjørdal

Åsunn Lyngedal

Hege Haukeland Liadal

Stein Erik Lauvås

Ingalill Olsen

Magne Rommetveit

Lise Christoffersen

Arild Grande

Lene Vågslid