Representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete, Trygve Slagsvold Vedum, Sandra Borch og Willfred Nordlund om ein opptrappingsplan for Forsvaret

Dette dokument

  • Representantforslag 212 S (2017–2018)

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Noreg sin medlemskap i NATO har vore ein berebjelke i norsk forsvarspolitikk i over 70 år. Det er brei politisk semje om dette i Noreg. Artikkel 5 i Atlanterhavstraktaten seier klårt at eit væpna åtak mot ein eller fleire allierte skal sjåast som eit åtak på alle. Gjennom Artikkel 3 slår Atlanterhavstraktaten samstundes tydeleg fast at kvart land pliktar å oppretthalde og utvikle si individuelle og felles evne til å motstå væpna åtak.

Under NATO sitt toppmøte i Wales underteikna alle NATO-landa ei fråsegn som slo fast at medlemslanda forplikta seg til å styrkje dei nasjonale forsvara sine. I fråsegna frå Wales slo NATO-landa mellom anna fast følgjande:

«We recognise that these steps will take the necessary effort and funding. In light of this, we agree to reverse the trend of declining defence budgets and aim to increase defence expenditure in real terms as GDP grows; we will direct our defence budgets as efficiently and effectively as possible; we will aim to move towards the existing NATO guideline of spending 2% of GDP on defence within a decade, with a view to fulfilling NATO capability priorities.»

Alle dei fire største partia på Stortinget gjekk til val på partiprogram som inneheldt NATO sitt toprosentsmål. Etter Høgre sitt landsmøte kunngjorde partiet følgjande på eigne heimesider 12. mars 2017:

«Høyre vil bruke to prosent av BNP på Forsvar innen 2024, som vil bety en ytterligere opptrapping av forsvar, sikkerhet og beredskap.»

Framstegspartiet stadfesta etter partiet sitt landsmøte i ein artikkel publisert 24. april 2016 at partiet ville styrkje Forsvaret. Mellom anna kunne ein lese følgjande sitat frå partiet sin representant i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde:

«For at vi skal ha troverdighet så må vi starte opptrappingen i 2017-budsjettet. Vi må sikre NATO-målet om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar og at dette målet blir nådd senest i 2024.»

Nils Holme har på vegne av Institutt for forsvarsopplysning utarbeidd rapporten «På vei mot et realistisk krigsforsvar. Økning av forsvarsbudsjettet til 2 % av BNP». I rapporten vert det estimert at ein auke i forsvarsbudsjettet slik at det utgjer to prosent av BNP i 2024, vil krevje ein vekst på om lag ein tredel av det samla forsvarsbudsjettet i 2017, tilsvarande ca. 17 mrd. kroner. Holme skriv i rapporten:

«Samlet sett vil en økning av forsvarsbevilgningen med 1/3 muliggjøre omkring en tredobling av forsvarets operative kapasitet for nasjonalt krigsforsvar.»

Holme skriv videre at ei jamn opptrapping mot toprosentsmålet

«medfører behov for planfasthet og fullmakter for iverksettelser med dekning i fremtidig budsjettøkning».

Ut frå partiprogramma og partia sin kommunikasjon kring forsvarssaka skulle det vere eit klårt fleirtal på Stortinget for å møte Noreg sine plikter overfor NATO. Å nå NATO sitt toprosentsmål er økonomisk krevjande. Å oppfylle målet inneber at det må gjerast nasjonale prioriteringar som er politisk krevjande. Det må no visast politisk vilje på tvers av fleire parti på Stortinget.

Det er i liten grad drøfta på Stortinget korleis desse pengane skal fasast inn, og kva midlane skal brukast til. Tidlegare sjef for Etterretningstenesta og sjef for Hæren sin styrkar, Kjell Grandhagen, har peika på desse utfordringane. I ein kronikk i DN 14. juni 2017 etterlyste Grandhagen ein heilskapleg plan for opptrappinga mot NATO sitt toprosentsmål.

Vidare skreiv Grandhagen at

«uten en slik helhetlig plan raskt på plass risikerer vi både feilinvesteringer og nedleggelse av baser vi under nye rammebetingelser ville velge å beholde. Gjennom de siste måneders forsvarsdebatt har mye blitt sagt om innretningen av vårt forsvar. Noen har tatt til orde for et forsvar utelukkende basert på langtrekkende strategiske kapasiteter som kan ramme en motstander på dypet. Noen har også ment at Finnmark ikke hverken kan eller bør forsvares. Jeg er dypt uenig i begge deler. Å forsvare alle deler av landet – og i særdeleshet den mest utsatte delen, Finnmark – må være en selvfølge. Ingen nasjonalstat med respekt for seg selv kan bevisst definere seg bort fra fysisk å forsvare sitt territorium og sine innbyggere.»

I eit intervju i Forsvarets forum med generalsekretæren i NATO, publisert 14. februar 2018, understreka generalsekretæren tydinga av at Noreg følgjer opp toprosentsmålet. Han slår fast følgjande:

«29 regjeringssjefer har lovet hverandre å gjøre mer – og det er behov for mer. Hvorfor? Det handler om hvilke kapasiteter vi får, men også om fellesskapet i Nato – limet som binder oss sammen. Vi har gitt hverandre et løfte. Det må vi holde».

For å sikre samsvar mellom Forsvaret sin struktur, økonomi og oppgåver er det naudsynt at Stortinget ber regjeringa leggje fram ein opptrappingsplan for Forsvaret for å nå NATO sitt mål om forsvarsløyvingar tilsvarande to prosent av BNP i 2024.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa leggje fram ein opptrappingsplan for Forsvaret for å nå NATO sitt mål om forsvarsløyvingar tilsvarande to prosent av BNP i 2024.

10. april 2018

Liv Signe Navarsete

Trygve Slagsvold Vedum

Sandra Borch

Willfred Nordlund