Representantforslag om å stoppe bypakke Ålesund

Dette dokument

  • Representantforslag 124 S (2021–2022)
  • Fra: Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Sylvi Listhaug og Bård Hoksrud
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Ålesund er regionsenteret mellom Trondheim og Bergen og er hovudbyen for alle kommunane i Sunnmørsregionen. Svært mange av dei viktige funksjonane av offentlege tenester ligg i Ålesund- og Moa-området. Det fører til at så mange som 50–80 000 innbyggjarar frå kommunane kring og i Ålesund må til Ålesund for å kunne nytte tenester som sjukehus, tannlege og offentlege etatar som til dømes Statens vegvesen.

Ålesundregionen er ein av dei sterkaste næringsregionane i landet, og gode transportårer for trafikken gjennom dette området er svært viktig. Trafikken må gå effektivt frå både Søre Sunnmøre, Indre Sunnmøre, Nordre Sunnmøre og vidare ut av området mot Bjorli via E136 Romsdalen. Det er ikkje bysentrum i Ålesund som er utfordringa i området, men det er ny Lerstadveg, og ny E39 Blindheim–Breivik, to store flaskehalsar. Dette gjeld òg ikkje minst vegen vidare mellom Moa og Digerneset og vidare til Romsdalen via E136.

Bypakke Ålesund er no fokusert på miljø- og klimatiltak i byen, finansiert av bilistane og næringslivet i heile regionen. Mange av tiltaka vil ikkje dei som betaler bompengane for bypakka, få nytte av i det heile. Mange av bilistane vil ikkje køyre èin meter på prosjekt som vert sett i verk som følge av bypakka.

Finansieringa av bypakke Ålesund er basert på innkrevjing frå bompengar frå dei som brukar byen, men i hovudsak frå dei som berre køyrer til, gjennom og forbi. Innkrevjinga av bompengar, og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar, er tenkt brukt til finansiering av bypakka. I tillegg er det lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjektet, og tiltaka i bypakka skal førast tilbake til bypakke Ålesund.

Bypakkefinansieringa er bygd opp av statlege midlar på 620 mill. kroner, fylkeskommunale og kommunale tilskot på 135 mill. kroner, refusjon av meirverdiavgift på 140 mill. kroner, og bompengar på heile 3 128 mill. kroner. Bypakka har med andre ord ei kostnadsramme på om lag 4 mrd. kroner, og skal i all hovudsak betalast av folk flest og næringslivet i regionen.

Det er massiv motstand i befolkninga og næringslivet mot denne usosiale og svært dyre bompengepakka, som fleirtalet av befolkninga absolutt ikkje har bedt om. 65 prosent i Sula kommune, som er Ålesund sin største og næraste nabo, er sterkt mot bypakka. I Ålesund og Giske er 51 prosent sterkt mot bypakka, og så få som 23 prosent av innbyggjarane her ynskjer at bypakka skal gjennomførast. Heile 60 prosent av innbyggjarane i Ålesund meiner det i dag er godt tilrettelagt for fotgjengarar.

Ålesund by skal teppeleggjast med bomstasjonar som skal påføre innbyggjararne ein ekstraskatt på om lag 15 000 kroner i året med rabattkort. Dei fleste småbarnsfamiliar har til dømes to bilar for å få kvardagen til å henge i hop, og vil dermed kunne få så mykje som 30 000 kroner årleg i bompengeutgifter. Dette kjem på toppen av skyhøge drivstoffutgifter, som no er over 20 kroner literen, høge straumprisar, høge skattar og avgifter, som til dømes auka eigedomsskatt som «raudingane» har påført innbyggjarane i Ålesund.

Det vert bomstasjonar på Klipra, Volsdalen, Lerstadvegen, Hatlaåsen, Lerstadtunellen, Breivika, Moa, Olsvika, Liljedahlen, Blindheimsbreivika og Brusdalsvegen. Alle vert sett opp for å mure Ålesund og Moa inn i ein bomring, som fører til at ingen kan køyre igjennom utan å verte belasta med betydelege bompengar.

Bypakka vil føre til store ulemper for biltrafikken og næringstrafikken i området. I Ålesundregionen er det utfordringane med trafikken frå Hareid/Ulsteinvik via Sulesund, trafikken frå Ørsta og Volda via Solavågen og trafikken frå Stranda og Sykkylven via Magerholm som må løysast. Her er det vegstrekninga frå Vegsund til Moa, Magerholm til Blindheim, og ny Lerstadveg som er avgjerande å få bygd ut.

Vidare må firefeltsveg byggjast ut på E39/136 Moa til Digerneset og vidare til Tresfjordbrua E136 for å sikre eksportvegen opp Romsdalen og ut av fylket. Dei vidare prosjekta på E136 Romsdalen har vore prioritet nr. 1 i Møre og Romsdal i fleire år, og det er overmodent å setje i gang vegprosjekta med utbetring av Måndalen, Hjelviktunellen, Innfjorden, Veblungsnes, Flatmark–Monge–Marstein og området forbi Skiri og krabbefeltet opp Brustuglia mot Bjorli og Innlandet grense.

Det er derfor ufatteleg at ei bypakke i Ålesund vert det som skal byggjast ut og satsast på, når store delar av utfordringane trafikkalt som næringslivet og folk flest i regionen er heilt avhengige av, ikkje vert prioriterte. Bypakke Ålesund er bygd opp usolidarisk og finansiert av i hovudsak dei som ikkje har nytte av tiltaket, og vil medføre større problem og utfordringar for Ålesund som skattebetalarane må betale.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa stoppe planlegginga av bypakke Ålesund og sørge for at planane om innkrevjing av bompengar vert skrinlagde, i tråd med folkets vilje i byen.

  • 2. Stortinget ber regjeringa sørge for statleg fullfinansiering av Lerstadvegen og setje i gang dette prosjektet snarast råd.

  • 3. Stortinget ber regjeringa sørge for at Statens vegvesen set fortgang i planarbeidet for ny E39 Vegsund–Breivika snarast råd, der spesielt Veibustkrysset må planleggjast, statleg fullfinansierast og gjennomførast som eige prosjekt snarast råd.

2. mars 2022

Frank Edvard Sve

Morten Stordalen

Sylvi Listhaug

Bård Hoksrud