Representantforslag om gransking av seksuell trakassering i Forsvaret

Dette dokument

  • Representantforslag 166 S (2022–2023)
  • Fra: Kirsti Bergstø, Andreas Sjalg Unneland, Kari Elisabeth Kaski og Ingrid Fiskaa
  • Sidetall: 1
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Den seinare tida har det kome fram fleire alvorlege saker og varsel om seksuell trakassering i Forsvaret, og om dårleg intern handtering av varsla.

Forsvaret fekk i november 2022 overlevert ein rapport frå PwC med evaluering av systemet for behandling og oppfølging av varslingssaker. Mange av tiltaka her er truleg framleis relevante. Men det har til nå ikkje blitt sett i gang ei meir systematisk undersøking av det grunnleggande problemet: den underliggande ukulturen i Forsvaret.

Når det kjem fram omfattande seksuell trakassering, overgrep og andre tilfelle av uakseptabel oppførsel, er det klart at ein så viktig institusjon som Forsvaret må gjennomgåast i sin heilskap.

Hendingane er alvorlege både for offera og for Forsvaret som ein samfunnskritisk institusjon. Ifølge ei meiningsmåling frå NRK svarer nå heile 41 prosent at dei ikkje vil rå jenter til å ta førstegongsteneste. Det er ei dobling frå fjorårets 21 prosent.

Ei gransking kan avdekka kva som har skjedd i dei ulike sakene, korleis trakassering av denne typen har vore mogleg, og kva slags kultur/ukultur som ligg til grunn i dei ulike områda av Forsvaret. Ei gransking bør også sjå på kva moglegheiter det er for å endra den underliggande ukulturen, og koma med forslag til læringspunkt og tiltak. Granskinga må vera uavhengig.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgande

forslag:

Stortinget ber regjeringa sikra ei uavhengig gransking av seksuell trakassering, overgrep og andre tilfelle av uakseptabel oppførsel i Forsvaret. Granskinga skal vera ferdig innan utgangen av 2023.

15. mars 2023

Kirsti Bergstø

Andreas Sjalg Unneland

Kari Elisabeth Kaski

Ingrid Fiskaa