Bakgrunn
Kriser og krig rykker nærmare. Også i Noreg
kjenner mange på at ein ikkje er så trygge som før. Truslar mot fred
og tryggleik kjem ikkje berre frå faren for tradisjonell krig mellom
statar. Digitale angrep, klimaendringar, helsekriser og låg sjølvforsyning
av mat er reelle utfordringar for Noreg.
Trump som president i USA set norsk sikkerheitspolitikk
i eit nytt lys. Den antatte grunnsteinen for norsk sikkerheit, USAs
sikkerheitsgaranti, er borte. Stormakta som i mange år har blitt
kalla «vår nærmaste allierte», truar nå sine allierte med bruk av
militærmakt. USA blir nå styrt av eit autoritært ytre høgre som
har meir til felles med Putins Russland enn med demokratiske land.
Den nye situasjonen viser eit behov for å tenka nytt om sikkerheits-
og alliansepolitikken og redusera avhengigheita av USA.
Samtidig er dei norske sikkerheitsutfordringane tidlause
og definert av Noregs geografiske plassering, i kombinasjon med
klimaendringar som opnar havområda utanfor kysten for større trafikk
og auka utnytting av naturressursar. Noreg må forhindra at nordområda utviklar
seg til ei geopolitisk konfliktsone, der stormakter tar seg til
rette. Låg spenning i nord er i Noregs kjerneinteresse som stat
og nasjon. Stormaktsrivaliseringa mellom USA, Kina og Russland må
dempast og haldast på avstand så langt det lar seg gjera.
Kombinasjonen av eit sterkt forsvar for folkeretten, ei
styrka nasjonal forsvarsevne, redusert avhengigheit av USA og alliansar
bygd på reelle interessefellesskap bør vera svaret på denne sikkerheitsutfordringa.
Forsvaret har vore bygd ned gjennom fleire tiår,
og det vil ta tid å bygga det opp igjen. Hovudproblemet er mangelen
på personell og at erfarent personell held fram med å slutta i Forsvaret.
Det hjelper lite med store investeringar i dyrt materiell dersom
det ikkje finst folk til å operera, drifta og halda det ved like.
Ubalansen mellom materiell og personell må rettast opp.
For å kunna møta ulike typar av kriser treng
me eit motstandsdyktig folk og samfunn. Sikkerheitspolitikken må
ikkje snevrast inn og militariserast, men sjåast i samanheng med
samfunnssikkerheit og beredskap i brei forstand. Sterke fellesskap,
tillit og demokrati er grunnsteinen i forsvaret av landet. Ein må
både ønska og kunna stilla opp for kvarandre. Busetting, industri
og ein godt fungerande infrastruktur i heile landet er avgjerande
for forsvarsevna og totalberedskapen.