Det trengst eit løft for arbeidsretta rehabilitering
Arbeidsretta rehabilitering (ARR) i spesialisthelsetenesta
er eit gruppebasert tilbod basert på 40 års erfaring og forsking.
ARR har dokumentert gode resultat, spesielt for personar med lettare
psykiske plager, muskel- og skjelettplager og sosiale utfordringar,
som framleis har ei arbeidstilknyting. Målet er å få deltakarane
tilbake i arbeid gjennom ei heilskapleg tilnærming som kombinerer
fysisk aktivitet, undervisning, rettleiing og samtalar. Deltakarane
får hjelp til å utvikle meistringsstrategiar og ressursar, med fokus
på individuelt tilpassa planar for retur til arbeid. Langvarig døgnbasert
ARR gir gode resultat for varig arbeidsdeltaking. Tilbodet er ikkje
diagnosespesifikt, men rettar seg mot personar med samansette utfordringar.
ARR blir primært levert av ideelle aktørar på oppdrag frå dei regionale
helseføretaka, med tilbod for både yrkesaktive og unge vaksne.
I dag er det altfor få både unge og eldre vaksne
som får tilbod om arbeidsretta rehabilitering. Det finst kapasitet
blant dei eksisterande aktørane til betydeleg fleire plassar. I
dette systemet er kostnaden med innkjøp av tenesta knytt til helseføretaka,
medan gevinsten kjem innan arbeidssektoren, mellom anna i form av
reduserte utbetalingar frå Nav til livsopphald.
Når 70 000 unge får helserelaterte ytingar frå
Nav, er det openbert at desse treng helsehjelp for å kome inn i eller
tilbake til jobb eller utdanning. Dei treng tenester der helse og
arbeid blir sett i samanheng og arbeidd med samstundes. Vista Analyse
har berekna kostnaden ved at ein ungdom fell ut av arbeidslivet
som 19-åring, til 16,6 mill. kroner per ungdom, samanlikna med ein som
blir varig og stabilt i arbeidslivet.
Det er difor stort behov for ei systemendring
som fremjar aktivitet og meistring inn mot arbeidslivet og hindrar
innlåsingseffektar for trygdeytingar.
Forslagsstillarane meiner det er på høg tid
med ei offensiv satsing på ARR som gir langt fleire plassar, særleg
til unge vaksne, ei satsing som også sikrar nasjonale standardar
og kvalitetskrav gjennom eit nasjonalt kompetansesenter.