Odelstinget har vedteke endringar i pasientrettslova og biobanklova.
Hovudformålet med endringane i pasientrettslova er å klargjere og utvide det rettslege grunnlaget for å gi helsetenester til personar som ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke til å motta helsehjelp inneber. Det er òg eit formål med lovendringane å førebyggje og redusere bruk av tvang.
Endringane i biobanklova opnar på visse vilkår for at ein til forskingsformål kan samle inn, oppbevare og behandle biobankmateriale frå myndige personar som ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke til dette inneber.
Lovendringane gjeld frå det tidspunktet Kongen bestemmer,