Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget har behandla rapport frå Riksrevisjonen om spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem. Undersøkinga viser at det er store innbyrdes skilnader i kapasitet og prosentdel av spesialistar, både mellom helsregionar, føretak og institusjonar. Undersøkinga viser og at institusjonane praktiserer prioriteringsforskrifta ulikt. Det er klår samanheng mellom kapasitet og tal på tilvisningar, og pasientar som skulle vore tilvist til spesialisthelsetenesta får ikkje den naudsynte vurderinga dei etter lova har krav på. Komiteen viser til at Regjeringa har varsla ei stortingsmelding om samhandling i nær framtid. Komiteen ber departementet følgje opp problemstillingane knytt opp mot tilvisingspraksisen, slik at pasientane får lik handsaming. Komiteen er og oppteken av eit likeverdig tilbod innan psykisk helsevern uavhengig av kor ein bur. Komiteen meiner og at det må etablerast gode ordningar som gjer pasientane informasjon om ulike tilbod og ventetider.
Innstilling avgitt 31.03.2009
Behandlet i Stortinget: 28.05.2009