I Stortingets møte 17. mars 2015 ble det gjort
slikt
1. Lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer
mv. blir oppheva.
2. I lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. skal nytt kapittel
XIII A lyde:3. I lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i
straffesaker skal § 222 andre punktum lyde:
Reglene i lov om forsvunne personar
§ 6 får anvendelse så langt de passer.
4. I lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr blir
§ 10 første ledd nr. 8 oppheva.
§ 1 Kva lova gjeld
Denne lova gir reglar om forvalting av eigedelane til ein
person som er forsvunnen. Lova gir òg reglar om korleis ein skal
gå fram for å avgjere om ein person skal reknast for å vere død,
verknaden av ei slik avgjerd og reglar om attendeføring av personen
sine eigedelar dersom personen seinare kjem til rette.
§ 2 Jurisdiksjon og lovval
Ei sak etter lova her om at ein person skal reknast for
å vere død, kan reisast i Noreg dersom den forsvunne personen hadde
vanleg bustad her da han eller ho forsvann.
Om den forsvunne ikkje hadde vanleg bustad i Noreg, kan
det likevel reisast sak her om han eller ho har late etter seg formue
i riket, men da berre med verknad for denne formuen. Det same gjeld
om saka av andre grunnar er knytt til Noreg på ein slik måte at det
er rimeleg at ho blir reist her, og det blir godtgjort at det ikkje
er eller vil bli reist sak i ein annan stat der det er meir føremålstenleg
å avgjere saka.
Saker om forsvunne personar som høyrer under norsk avgjerdsmakt,
skal avgjerast etter norsk lov.
§ 3 Verneting
Ei sak om at ein person skal reknast for å vere død, skal
reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den forsvunne hadde
sitt allmenne verneting.
Saker som blir reist i Noreg etter § 2 andre ledd første
punktum fordi den forsvunne har formue i Noreg, skal reisast i Oslo
rettskrins. Eig den forsvunne fast eigedom i Noreg, skal saka likevel
reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den faste eigedomen ligg.
Saker som blir reiste i Noreg etter § 2 andre ledd andre
punktum, skal reisast i Oslo rettskrins.
§ 4 Melding om forsvinning
Om ein person som hadde vanleg bustad i Noreg, er forsvunnen,
skal ektemaken, sambuaren, slektningane eller offentleg myndigheit
melde frå til tingretten der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting.
Andre som kjenner til forsvinninga, kan òg gi slik melding.
§ 5 Oppnemning av verje
Om ikkje retten straks gir orskurd etter § 8, skal retten
melde frå til fylkesmannen om forsvinninga.
Fylkesmannen oppnemner ei verje om dette trengst for å
tryggje interessene til den forsvunne. Dersom den forsvunne har
ektemake eller sambuar eller ein fullmektig til å ta seg av interessene
sine, bør fylkesmannen gjere vedtak om at ektemaken, sambuaren eller
fullmektigen skal tryggje interessene til den forsvunne om dei er
eigna til det.
Fylkesmannen fastset om verja skal ha betalt for oppdraget,
og kor mykje. Denne betalinga og utlegg i samband med oppdraget
som verje skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne personen.
Reglane i lov om vergemål gjeld tilsvarande så langt dei
høver.
§ 6 Forvalting av eigedelane til den forsvunne
Eigedelane til den forsvunne skal forvaltast som eigedelane
til personar under verjemål.
Om det let seg gjere, skal verja ta arvingane med på råd
ved viktige avgjerder som sal av fast eigedom eller større utbetalingar.
§ 7 Avgrensa utbetaling
Fylkesmannen kan gjere vedtak om ei avgrensa utbetaling
av den forsvunne sine eigedelar jamvel om det ikkje straks kan givast
orskurd etter § 8, dersom den forsvunne hadde plikt til underhald
av ektemake eller barn eller ei slik utbetaling trengst av andre
grunnar.
§ 8 Dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile
på at personen er død
Om ein person er forsvunnen under slike omstende at det
ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, kan tingretten
straks treffe avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.
Krav om avgjerd etter første ledd kan setjast fram av ektemaken,
sambuaren, arvingen eller andre som kan vise til at dei verkeleg
treng ei slik avgjerd. Kravet skal setjast fram skriftleg.
Retten treff avgjerda etter første ledd ved orskurd. Reglane
i tvisteloven gjeld så langt dei høver.
§ 9 Dødsorskurd i andre høve
Om ein person er forsvunnen under slike omstende at personen
høgst sannsynleg er død, kan det reisast sak om at den forsvunne
skal reknast for å vere død, når det har gått eitt år etter det
siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.
Det kan likevel straks reisast sak som nemnd i første ledd,
dersom personen forsvann i samband med ein naturkatastrofe, ei anna
stor ulukke, stridshandling eller ei anna ytre hending som skapte
stor livsfare, og det av den grunn er høgst sannsynleg at personen
er død.
I andre tilfelle enn dei som er nemnde i første og andre
ledd, kan sak om at ein person skal reknast for å vere død, reisast
når det har gått fem år etter det siste tidspunktet da ein visste
at personen var i live.
Retten treff avgjerda ved orskurd. Reglane i tvisteloven
gjeld så langt dei høver. Orskurden skal gå ut på at personen skal
reknast for å vere død, eller at kravet ikkje blir tatt til følgje.
§ 10 Framsetjing av krav om dødsorskurd etter § 9
Sak etter § 9 skal reisast ved at krav om dødsorskurd blir
satt fram skriftleg for tingretten. Ektemaken, sambuaren eller arving
til den forsvunne kan krevje slik orskurd. Andre kan krevje orskurd
etter § 9 første og tredje ledd dersom dei kan vise til at dei verkeleg
treng ei avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.
§ 11 Handsaming av saker etter § 9
I sak etter § 9 skal tingretten kalle den forsvunne inn
etter reglane i domstolloven § 181 med eit varsel på minst tre månader.
Innkallinga skal oppmode den som har opplysingar om den forsvunne,
om å gi opplysingane til retten. Retten skal av eige tiltak søkje
å skaffe opplysingar som kan sikre ei rett avgjerd.
Retten skal gi melding til verja eller fullmektigen til
den forsvunne om innkallinga. Om det let seg gjere, skal retten
òg gi slik melding til dei som kan setje fram krav etter § 10.
Sakskostnadene skal dekkjast av staten om ikkje retten
avgjer at dei skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne.
§ 12 Rettsmiddel
Den avgjerda går imot, dei som er nemnde i § 10, og verja
eller fullmektigen kan anke orskurd etter § 8 eller § 9 og krevje
at saka blir opna på nytt.
§ 13 Dødsdagen
Ein orskurd etter § 8 eller § 9 skal fastsetje den dagen
den forsvunne personen skal reknast som død. Dette skal om mogeleg
vere den dagen den forsvunne mest truleg døydde, og elles den siste
dagen i den månaden ein tidlegast kunne reise sak etter § 9.
§ 14 Rettskraft
Ein rettskraftig orskurd etter § 8 eller § 9 verkar for
og mot alle og skal leggjast til grunn i alle forhold der det har
noko å seie om den forsvunne er i live eller ikkje etter den dagen
orskurden fastset som dødsdagen.
Ei avgjerd etter § 2 andre ledd første punktum har berre
verknad for denne formuen.
§ 15 Handsaming av buet og skifte
Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er blitt endeleg, skal
buet til den forsvunne handsamast som om den forsvunne var død på
dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13. Fristane i skifteloven
gjeld i desse tilfella frå det tidspunktet det tidlegast var mogeleg
å få buet skifta.
Er nettoformuen til den forsvunne mindre enn fire gonger
grunnbeløpet i folketrygda, kan ektemaken eller arvingane krevje
at buet skal handsamast som om den forsvunne var død utan dødsorskurd
så snart fristen etter § 9 første ledd er gått ut. Tingretten fastset
i så fall dødsdagen etter reglane i § 13.
§ 16 Skifte etter fem år
Er det gått fem år sidan det siste tidspunktet da ein visste
at den forsvunne var i live, utan at eigedelane som er til forvalting
etter § 6, er skifta, skal den som forvaltar eigedelane, gi melding
til tingretten. Tingretten skal handsame eigedelane som om den forsvunne var
død. Buet skal delast mellom dei som er arvingar etter den forsvunne
når femårsfristen går ut. Arvingane skal varslast ved innkalling
etter reglane i skifteloven § 72. Om ingen melder seg som arving,
gjeld arvelova § 46 tilsvarande.
§ 17 Verknader for ekteskapet
Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er rettskraftig, er ekteskapet
oppløyst dersom ektemaken etter den forsvunne giftar seg på nytt.
Dette gjeld jamvel om avgjerda seinare blir oppheva eller endra.
Har ektemaken ikkje gifta seg på nytt, står ekteskapet ved lag om det
viser seg at den forsvunne lever.
§ 18 Frist for attendeføring
Den forsvunne kan innan 20 år frå dagen som er rekna som
dødsdagen etter § 13, krevje eigedelane sine att frå dei som arva
han eller henne. Om forsvinninga var frivillig, er fristen 10 år.
Dei rette arvingane kan innan 10 år frå dagen som er rekna
som dødsdagen etter § 13, krevje arv utlevert om det blir godtgjort
at den forsvunne døydde på eit anna tidspunkt enn det som var lagt
til grunn ved delinga av buet.
§ 19 Kva som skal førast attende
Ingen arving har plikt til å gi att meir enn han eller ho
har mottatt. Er den mottatte arven avhenda eller forbrukt, er arvingen
ansvarleg for verdien på det tidspunktet tingen blei avhenda eller
forbrukt, men ikkje for meir enn verdien av ein like god ting av
same slag på tidspunktet da kravet blir sett fram. Kravet skal setjast
ned eller falle bort når det er urimeleg på grunn av levekåra eller
stoda elles at arvingen skal svare fullt ut for eigedelar som han
eller ho ikkje lenger har. Er arven gått tapt utan at arvingen er
skuld i tapet, er arvingen friteken for plikta til attendeføring.
Inntekt som er tent opp av formuen før kravet om attendeføring
er sett fram, treng arvingen ikkje å gi attende.
Er ein eigedel avhenda, skal den som har tatt over eigedelen,
levere eigedelen attende etter reglane i første og andre ledd dersom
han eller ho ikkje var i god tru på tidspunktet for ervervet.
§ 20 Utbetalt forsikring
Ein forsikringssum som er utbetalt etter ein dødsorskurd
etter § 8 eller § 9, kan ikkje krevjast att jamvel om det viser
seg at den forsvunne lever, eller at han eller ho døydde på eit
slikt tidspunkt at forsikringssummen ikkje skulle vore utbetalt.
Dette gjeld likevel ikkje om det er klårt urimeleg at den som har
fått utbetalt summen, får behalde han. Når det er gått 20 år sidan
dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, kan forsikringssummen
uansett ikkje krevjast attende.
Dersom forsikringssummen kan krevjast attende, kan kravet
setjast ned eller falle bort etter reglane i § 19 første ledd. Beløp
som selskapet ikkje kan få attende frå mottakaren, skal gå til frådrag
i det forsikringsselskapet har plikt til å dekkje.
Forsikringsselskapet kan rekne forsikringsforholdet som
opp- og avgjort ved den utbetalinga som er skjedd på grunnlag av
dødsorskurden. I så fall overtar personen som har kome attende,
kravet til forsikringsselskapet.
§ 21 Pensjon og andre offentlege stønader
Trygdeytingar, livrente eller annan offentleg eller privat
stønad som er utbetalt etter ein dødsorskurd etter § 8 eller § 9,
kan ikkje krevjast att frå mottakaren, jamvel om det viser seg at
den forsvunne lever. Det som er utbetalt, skal gå til frådrag i
krav på stønad frå personen som har kome att, for den tida han eller
ho har vore forsvunnen.
§ 22 Oppheving av orskurd om død
Retten kan oppheve ein orskurd om død etter stemning frå
personen som etter orskurden er rekna som død.
§ 23 Når lova gjeld frå. Overgangsføresegner
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Lova gjeld for avgjerder som blir trefte etter iverksetjinga
av lova jamvel om forsvinninga skjedde før. Ei etablert ordning
for forvalting av eigedelane til den forsvunne skal førast vidare
etter den nye lova, om ikkje fylkesmannen fastset noko anna. Reglane
om attendeføring av eigedelar etter kapittel 5 i lova her gjeld
om den forsvunne kjem att etter iverksetjinga av lova.
Kongen kan fastsetje overgangsføresegner.
§ 24 Endringar i andre lover
Frå den tida lova trer i kraft blir det gjort følgjande endringar
i andre lover:
§ 75 a. Ein arving skal ikkje reknast med under skiftet
om det ikkje er sikkert at arvingen har overlevd arvelataren, jf.
§ 72 første ledd.
Viser det seg seinare at arvingen overlevde arvelataren,
kan arvingen eller – om arvingen er død – hans eller hennar arvingar
innan ti år etter arvefallet krevje arven frå dei som har fått han.
Gjeld det arv i eit bu som er overteke av den attlevande ektemaken
eller sambuaren etter reglane om uskifte i kapittel III og kapittel
III A, blir fristen rekna først frå det tidspunktet den attlevande
ektemaken eller sambuaren døyr. Har den attlevande ektemaken eller
sambuaren skift tidlegare, skal fristen reknast frå det tidspunktet
skiftet var slutt. Er arvingen ved orskurd sagt å vere død, jf.
lov om forsvunne personar §§ 8 eller 9, gjeld fristen i same lov
§ 18 dersom han går ut før fristen som er nemnd foran. Kravet om
attendeføring følgjer elles reglane i lov om forsvunne personar
§ 19.
§ 75 b. Er ein arving forsvunnen etter at arven er fallen,
eller er arvingen fråverande utan kjend opphaldsstad, skal arvingen
få arven utlagd på skiftet om ikkje anna følgjer av § 75 c. Reglane
i lov om forsvunne personar kapittel 2 om forvalting av den forsvunne sine
eigedelar og oppnemning av verje gjeld tilsvarande.
§ 75 c. Er arven til ein forsvunnen arving som nemnd i
§ 75 b, mindre enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda, og det
heller ikkje er kjend at arvingen har annan formue, skal arvingen
ikkje få arven utlagd når han eller ho har ektemake, sambuar eller
slekt som har rett til arven etter lova, eller han eller ho har
rådd over heile arven ved testament. Arven skal då gå til dei som
var arvingar etter den forsvunne eller fråverande då arven fall.
Ein forsvunnen eller fråverande arving kan ikkje krevje attende
arv som er utlagd etter første punktum
Olemic Thommessen |
president |