I Stortingets møte 11. juni 2015 ble det gjort
slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:
Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendom, religion,
livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving,
kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk
og sosial opplæring.
§ 2-4 skal lyde:
§ 2-4 Undervisninga i faget kristendom,
religion, livssyn og etikk
Kristendom, religion, livssyn og etikk
er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga
i faget skal ikkje vere forkynnande.
Undervisninga i kristendom, religion,
livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar
og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv
og til etiske og filosofiske emne.
Undervisninga i kristendom, religion,
livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom
menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Undervisninga i kristendom, religion,
livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på
ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske
prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike
emna.
§ 2-12 tredje ledd skal lyde:
For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første,
andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3,
9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1,
11-2, 11-3,1 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4,
15-3 og 15-4.
§ 10-2 tredje ledd andre punktum og femte ledd blir oppheva.
§ 13-2 andre ledd skal lyde:
Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen
som barne-, ungdoms- og familieetaten har ansvaret
for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale
institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Dersom opplæringa
skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige
lokale til formålet.
Ny § 15-6 skal lyde:
§ 15-6 Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barnevernstenesta
har overteke omsorga
Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter
barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barnevernstenesta rett til
å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak
om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering
etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.
Det er likevel foreldra til barnet som har rett
til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta,
jf. § 2-1, velje målform, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av
undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a og
krevje opplæring i finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett
til statstilskot skal ny § 7-7 lyde:
§ 7-7 Rett til å ta avgjerder på vegner av
barnet når barneverntenesta har overteke omsorga
Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter
barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barnevernstenesta rett til
å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak
om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering
etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.
Det er likevel foreldra til barnet som har rett
til å krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion
eller livssyn, jf. § 3-12, og til å velje privat skole, jf. opplæringslova
§ 2-1.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Olemic Thommessen |
president |