Vedtak til lov om endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)

I Stortingets møte 11. juni 2015 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)

I

I lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn blir det gjort følgjande endringar:

Tittelen på lova skal lyde:

Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova)

§ 1 første ledd skal lyde:

Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

§ 2 skal lyde:

§ 2 Definisjonar

I denne lova tyder:

  • a) stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser

  • b) gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til

  • c) bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer

  • d) nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar

  • e) nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk

  • f) rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift

§ 3 skal lyde:

§ 3 Namnevern

Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar.

Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

§ 4 skal lyde:

§ 4 Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren. To eller fleire skriftformer av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast som sidestilte dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:

  • a) det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde

  • b) to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde

  • c) det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene

§ 5 skal lyde:

§ 5 Fastsetjing av skrivemåten

Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av

  • a) eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd

  • b) eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom

  • c) ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

  • d) stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område

Kommunen vedtek skrivemåten av offisiell adresse og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l. Fylkeskommunen vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.

Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift. Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative området.

Er det tvil om kven som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn, kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd.

§ 6 første ledd skal lyde:

Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn. Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til. Før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal namnekonsulentane gi tilråding. Grunneigaren kan be om å få tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom.

§ 6 andre ledd skal lyde:

I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring etter første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle andre tilfelle vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet.

§ 8 skal lyde:

§ 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Skrivemåten av gardsnamn og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6.

Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet.

Eigaren eller festaren kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.

§ 10 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her.

§ 10 første ledd nåværende andre til sjuende punktum blir tredje til åttende punktum.

§ 10 andre ledd andre punktum skal lyde:

I klagesaker av prinsipiell karakter kan klagenemnda gi Språkrådet, Sametinget og departementet høve til å uttale seg.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Olemic Thommessen
president