Vedtak til lov om endringar i barnelova

I Stortingets møte 11. juni 2018 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringar i barnelova

I

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjer ein følgjande endringar:

§ 15 andre ledd skal lyde:

Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

§ 57 tredje punktum skal lyde:

Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

I kapittel 10 skal ny § 85 a lyde:
§ 85 a Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret

Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.

II

Endringane under I tek til å gjelde straks.

Tone Wilhelmsen Trøen

president