År 1999 den 25. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1
Det er forbode å gjennomføre prøvesprenging
av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging i strid med
Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar
av 10. september 1996.
Kongen får fullmakt til å gje nærare
føresegner og einskildvedtak for å oppfylle Noreg
sine plikter etter traktaten.
§ 2
Dei personane som etter traktaten skal ha immunitet og
privilegier, får utan hinder av norsk lov immunitet og
privilegier i samsvar med føresegnene i denne traktaten.
Kongen kan gje nærare reglar for korleis føresegnene
om immunitet og privilegier skal gjennomførast.
§ 3
Det kan setjast i verk inspeksjonar ovafor private, i samsvar
med føresegnene i traktaten, herunder gjennomførast
boring i grunnen.
Kongen kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar
slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.
§ 4
Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen
og dei norske bilanda.
§ 5
Den som forsettleg bryt denne lova eller føresegner
eller påbod som er gjeve med heimel i lova, vert straffa
med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause
handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil
to år. Medverknad blir straffa på same måten.
§ 6
Lova trer i kraft på det tidspunkt som traktaten
trer i kraft.
§ 7
Frå den tid denne lova tek til å gjelde,
vert det gjort følgjande endringar i Almindelig borgerlig Straffelov
av 22. mai 1902 nr. 10:
§ 12 fyrste ledd nr. 3 bokstav f, g og h
skal lyde:
f) skal være straffbar i henhold til
FNs Havrettskonvensjon 10. desember 1982 artikkel 113 (skade på undersjøiske
kabler og rørledninger),
g) er straffbar etter lov 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring
av Konvensjonen om forbud mot bruk, lagring og produksjon og overføring
av antipersonellminer og om ødeleggelse av slike miner § 5, eller
h) er straffbar etter lov nr. XX 1999 om gjennomføring
av Traktat om totalforbud mot kjernefysiske prøvesprengninger § 5;
Jorunn Ringstad, |
Olav Gunnar Ballo, |
president. |
sekretær. |