År 1999 den 8. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1
Verkeområde, formål m.v.
Denne lova gjeld handelsverksemd med brukte og kasserte
ting.
Som handelsverksemd vert rekna handel med varer i næring
for eiga eller framand rekning og i eige eller i framand namn. Opptak
av bestilling av varer i næring for seinare levering vert òg
rekna som handelsverksemd.
Handelsverksemd skal drivast i samsvar med god forretningsskikk.
Formålet med lova er å førebyggje
omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets
arbeid med å oppspore slike gjenstandar.
§ 2 Krav om løyve
frå politiet
Handelsverksemd med og oppkjøp med sikte på sal
av brukte og kasserte ting, medrekna brukte kunstgjenstandar og
antikvitetar, krev løyve frå politiet. Ein må ha
løyve alle stader der verksemda vert driven, både
på innkjøpsstad og salsstad.
Løyve som nemnt i første ledd kan bli
nekta og kan trekkjast attende dersom måten verksemda vert driven
på, eller andre forhold, gir grunn til å frykte misbruk.
Slike vedtak kan klagast inn for departementet etter reglane i forvaltningslova §§ 28-34.
§ 3 Unnatak frå politiløyve
Føresegnene i § 2 gjeld ikkje for auksjonsverksemd
som vert driven av lensmann etter oppdrag frå offentlege
styresmakter eller av advokatar.
§ 4 Forskriftsheimel
Departementet kan gi forskrifter om verksemd som nemnt
i § 2, og verksemd som nemnt i § 3.
Departementet kan òg gi forskrifter om meldeplikt
til politiet og om føring av protokoll osv., for foretak
som skaffar seg brukte og kasserte ting til bruk i eiga bedrift.
§ 5 Straff
Den som forsettleg eller aktlaust bryt føresegner gitt
i eller i medhald av denne lova, eller medverkar til slike brot,
vert straffa med bøter eller under skjerpande forhold med
fengsel i inntil tre månader.
§ 6 Ikraftsetjings-
og overgangsreglar
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt
vert lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet oppheva.
Løyve frå politiet gitt med heimel i
lov av 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet gjeld òg
etter ikraftsetjinga av lova her.
§ 7 Endringar i andre
lover
Frå den tid lova trer i kraft vert det gjort følgjande endringar
i andre lover:
§ 3-1 andre ledd første punktum
skal lyde:
Salg av annet øl enn nevnt i første ledd
kan bare foretas på grunnlag av kommunal
bevilling.
§ 17 første ledd første
punktum skal lyde:
Bevilling kan bare gis til den som anses skikket
til å drive handel med skytevåpen og ammunisjon.
Eirin Faldet |
Anita Apelthun Sæle |
president |
sekretær |