År 2002 den 19. februar holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1 Notarius publicus
Utføringa av notarialforretningar høyrer
under tingretten. Har eit domssokn fleire domstolar, fastset Kongen
kva domstol notarialoppgåvene skal høyre under.
Dommarane ved embetet er notarius publicus.
For Svalbard er Sysselmannen notarius publicus.
I utlandet er norsk utanrikstenestemann eller den han eller
ho gjev fullmakt, notarius publicus.
Kongen kan ved forskrift gje andre notarialkompetanse.
Kongen kan gje forskrift om delegasjon av notarialkompetanse.
§ 2 Notarialforretningar
Notarialforretningar er utføring av dei oppgåvene som
er lagt til notarius publicus i lov eller forskrift, mellom anna å utføre
vigslar og registrere partnerskap, ta opp veksel- og sjekkprotestar
og gje notarialstadfestingar, som stadfesting av underskrift og
rett kopi.
Dersom notarius publicus skal ta imot forsikring, kan forsikringa
bli teken imot etter reglane i domstollova § 141.
Kongen kan gje forskrift om den praktiske utføringa
av notarialforretningar.
§ 3 Notarialstadfestingar
Notarius publicus har til oppgåve å gje
stadfestingar. Stadfesting blir gjeve for faktiske forhold notarius
publicus kan stå inne for er rette. Stadfesting for anna
enn faktiske forhold kan bli gjeve i særlege høve.
Notarius publicus kan avvise krav om notarialstadfesting
dersom notarialstadfestinga etter norsk eller utanlandsk rett ikkje
har særleg beviskraft, eller notarialstadfestinga av andre
grunnar ikkje er nødvendig.
Notarius publicus skal avvise krav om notarialstadfesting
for handlingar eller dokument som strir mot norsk lov eller sømd
eller som kan bli utnytta på ein uakseptabel måte
i reklame eller annan kommersiell samanheng.
Notarius publicus kan avvise krav om notarialstadfesting
der krava til utføring ikkje står i rimeleg høve
til behovet for forretninga.
§ 4 Habilitet
Om habilitet for notarius publicus gjeld reglane i forvaltningslova
kapittel 2.
§ 5 Kjæremål
Dersom ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov,
kan avgjerd under notarialforretningar påkjærast til
lagmannsretten. For kjæremål gjeld reglane i tvistemålslova
og domstollova dersom ikkje anna følgjer av andre til sjette
leddet.
Kjæremålet høyrer under lagmannsretten
i lagdømet der notarius publicus har sete. For avgjerd
teken av norsk notarius publicus i utlandet er Borgarting lagmannsrett
kjæremålsinstans. For avgjerd teken av Sysselmannen
på Svalbard som notarius publicus er Hålogaland
lagmannsrett kjæremålsinstans.
For den som har fått underretning om avgjerda,
er fristen for å påkjære avgjerda ein
månad frå den dag vedkomande mottok meldinga.
For andre er fristen ein månad frå den dag då vedkomande
har fått eller burde ha skaffa seg kjennskap til avgjerda,
likevel ikkje ut over tre månader frå tidspunktet
avgjerda blei teken.
Er fristen for kjæremål gått
ut, gjeld forvaltningslova § 31 tilsvarande.
Notarius publicus skal leggje saka til rette for kjæremålsretten
og gjere greie for saka på forsvarleg måte.
Om dekning av sakskostnader frå det offentlege gjeld
forvaltningslova § 36 første leddet og tredje
leddet første og andre punktumet tilsvarande.
§ 6 Ikraftsetjings- og overgangsføresegner
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Frå same tid blir lov av 14. august 1918 nr. 4
om rettergangsordningens ikrafttræden §§ 6-8
oppheva.
Tildelingar av notarialkompetanse i medhald av lov om rettergangsordningens
ikrafttræden § 6 første leddet gjeld
inntil dei blir oppheva.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |