Lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

År 2002 den 11. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Kap. 1 Allmenne reglar

§ 1. Kva lova gjeld (virkeområde)

(1) Lova gjeld for transport med motorvogn eller fartøy i Noreg, jf. likevel § 10.

(2) Luftputefartøy vert rekna som fartøy etter denne lova.

(3) Beltebil reknast ikkje som motorvogn etter denne lova.

§ 2. Rutetransport

(1) Som rutetransport reknast regelmessig transport av personar i eit bestemt trafikksamband dersom transporten står open for alle, og på- og avstiging kan skje på stoppestader som er fastsette på førehand.

(2) Følgjande transport skal likevel ikkje reknast som rutetransport:

  • a) transport av personar frå ein stad og tilbake til denne, når motorvogna eller fartøyet ikkje vert nytta til transport av andre før heile turen er avslutta,

  • b) transport av personar så framt minst ei overnatting er teken med i den sams prisen og dei påmelde passasjerane følgjer med på heile turen frå utgangspunkt til endepunkt,

  • c) transport inkludert overnatting som er lagt til rette for regelmessig transport av grupper av personar frå eit avgangsområde til eit bestemmelsesområde, slik at den gruppa som har vore med på turen ut, først returnerer samla til avgangsområdet med ein seinare tur.

§ 3. Unntak

Departementet kan i tvilstilfelle i forskrift eller einskildvedtak fastsetje kva som skal reknast som rutetransport.

Kap. 2 Løyve

§ 4. Løyve for persontransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn må ha løyve. Det same gjeld den som utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass.

(2) Løyve kan tildelast den som har

  • a) god vandel,

  • b) tilfredsstillande økonomisk evne og

  • c) tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

§ 5. Løyve for godstransport med motorvogn

(1) Den som mot vederlag vil drive godstransport med motorvogn med tillatt totalvekt over ei vektgrense som vert nærare fastsett av departementet må ha løyve. Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som elles er friteken frå kravet til løyve i medhald av § 16, når transporten kan sjåast som ledd i næringsverksemd. § 4 andre ledd gjeld tilsvarande.

(2) Som motorvogn etter denne lova reknast lastebil, kombinert bil og trekkbil tillatt brukt på offentleg veg.

§ 6. Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med motorvogn må i tillegg til løyve etter § 4 første ledd ha særskilt løyve for rutetransport.

(2) Administrasjonsselskap som nemnt i § 23 treng ikkje løyve.

(3) Den som har ruteløyve kan samstundes og med same motorvogn utføre godstransport utan særskilt løyve for transport av gods.

§ 7. Behovsprøvd løyve for persontransport med fartøy i rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med luftputefartøy, eller med anna fartøy over 8 m lengde tilsvarande 4 bruttotonn må ha ruteløyve. § 4 andre ledd bokstav a) og b) og § 6 andre ledd gjeld tilsvarande.

(2) Det trengs likevel ikkje ruteløyve for:

  • a) Transport mellom Noreg og andre land som tek med personar mellom stader i Noreg.

  • b) Transport av personar innan eit hamnedistrikt, dersom det med med heimel i lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann er fastsett særskilt løyveordning. Dette gjeld likevel ikkje for riksvegferjer.

  • c) Transport av inntil 12 personar, avgrensa til ein person pr. 25 bruttotonn, såframt det ikkje vert krevd passasjersertifikat etter lov 9. juni 1903 nr. 7 om Statskontrol med Skibes Sjødygtighed m.v. § 94.

§ 8. Anbod ved tildeling av løyve

Ved tildeling av løyve etter §§ 6 og 7 kan det nyttast anbod. Departementet gjev nærare forskrift om anbod.

§ 9. Behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute

(1) Den som mot vederlag vil drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må i tillegg til løyve etter § 4 ha særskilt drosjeløyve.

(2) Løyve for drosjekøyring gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 70 år.

(3) Løyvestyresmakta kan gje påbod om at det skal skipast drosjesentralar og om korleis dei skal drivast, om plikt til å betale innskot og avgift til sentralen og om at sentralen skal ha rett til å fastsetje køyreordninga og gje andre reglar for verksemda. Slike føresegner kan gjerast gjeldande både for løyvehavar og førar, og ha med pålegg om bruk av uniform.

(4) Departementet kan gje forskrifter om andre særskilte løyveordningar for persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 17 personar.

(5) Departementet kan gje forskrifter om korleis ei motorvogn skal vere utstyrt når ho vert nytta til løyvepliktig transport etter denne paragrafen.

§ 10. Transport med motorvogn til eller frå utlandet mv.

(1) Den som har forretningsstad i Noreg og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå utlandet, må ha ha rett til å utføre tilsvarande transport innanlands og dessutan ha særskilt samtykke frå vedkommande stat dersom dette krevst.

(2) Den som har forretningsstad i utlandet og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part.

(3) Den som ikkje har forretningsstad i Noreg kan ikkje utføre transport av personar eller gods mot vederlag mellom stader i Noreg, dersom ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part. I einskildvedtak kan departementet òg gje samtykke til slik transport for verksemder frå land som Noreg ikkje har tilsvarande avtale med.

(4) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar og vilkår for transport mot vederlag med motorvogn til eller frå Noreg, og for transport mot vederlag mellom stader i Noreg utført av den som har forretningsstad i utlandet.

§ 11. Vilkår

Løyvestyresmakta kan setje vilkår for det einskilde løyvet.

Kap. 3 Løyvestyresmakt

§ 12. Løyve

Løyve etter §§ 4, 5 og 9 vert gjevne av fylkeskommunen.

§ 13. Behovsprøvd løyve for persontransport i rute

(1) Departementet gjev løyve til riksvegferjer og til rutetransport som går gjennom to eller fleire fylke.

(2) Med den avgrensinga som følgjer av første ledd, gjev fylkeskommunen løyve til rutetransport etter §§ 6 og 7.

§ 14. Internasjonal transport og kabotasje

Departementet gjev løyve til transport etter § 10.

§ 15. Delegering

Departementet kan delegere sine oppgåver etter denne lova til fylkeskommunen.

Kap. 4 Transport som kan drivast utan løyve

§ 16. Eigentransport av gods

(1) Det trengst ikkje løyve etter § 5 for transport av eige gods (eigentransport) når transporten er ledd i anna næringsverksemd.

(2) Likt med eige gods reknar ein gods som vedkomande har eller får rådvelde over i samband med kjøp, sal, lån, leige, framstilling, behandling og reparasjon.

(3) Første ledd gjeld berre godstransport som er ein hjelpefunksjon i høve til verksemda si samla aktivitet, og utførast av eigaren av verksemda eller ein tilsett i denne.

(4) Motorvogn som vert nytta i transport av eige gods, skal vere utstyrt med eigentransporterklæring som skal takast med i motorvogna og synast fram ved kontroll. Det trengst ikkje eigentransporterklæring for statlege, fylkeskommunale eller kommunale etatar sin eigentransport med eigne motorvogner.

(5) Første ledd gjeld berre motorvogn som verksemda eig eller har bruksrett til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

§ 17. Transport av post

Statens postselskap treng ikkje løyve for transport av postsendingar som ligg innanfor samfunnspålagte oppgåver og som følgjer av selskapet sin konsesjon etter lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkjande postsending (postloven). Unnatak frå løyveplikta gjeld berre transporter som statens postselskap utfører med motorvogner selskapet eig eller har bruksretten til etter leasing- eller leigekontrakt som skal visast fram ved kontroll.

§ 18. Eigentransport av personar

Det trengst ikkje løyve når ei verksemd transporterer eigne tilsette til eller frå arbeidsstaden. Likeins trengs det ikkje løyve når hotell eller liknande verksemd utfører transport av eigne overnattingsgjester. § 16 femte ledd gjeld tilsvarande.

§ 19. Persontransport knytt til arbeidsforhold innan helse- og omsorgssektoren

(1) Tilsette i det offentlege eller i offentleg godkjend institusjon innan helse- eller omsorgssektoren treng ikkje løyve for å drive persontransport med motorvogn registrert for inntil 9 personar inkludert førar, dersom transporten framstår som eit naturleg ledd i den tilsette sine arbeidsoppgaver.

(2) Første ledd gjeld berre transport som framstår som ein underordna funksjon og der vederlaget for transporten ikkje overstig staten sine satsar for kilometergodtgjersle.

§ 20. Annan persontransport

(1) Det trengst ikkje løyve når den som rår over ein personbil tek med seg folk han arbeider saman med eller grannar når han køyrer mellom bustad og arbeidsstad.

(2) Likeins krevst det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.

§ 21. Særskilde transportar

(1) Departementet kan i forskrift eller i einskildvedtak fastsetje unnatak frå kravet om løyve for særskilde slag transportar eller motorvogner dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er part.

(2) For unnatak frå kravet om løyve etter denne paragrafen gjeld § 11 tilsvarande.

Kap. 5 Offentleg godtgjersle til rutetransport

§ 22. Lokal rutetransport

(1) Fylkeskommunen har ansvar for å yte godtgjersle til rutetransport som fylkeskommunen vil opprette eller halde oppe innan eit fylke, jf. likevel § 24.

(2) Vedtak av fylkeskommunane i saker om godkjenning av ruteplan, takstar og godtgjersle kan ikkje klagast til departementet.

(3) Staten yter årleg rammetilskot til delvis dekning av fylkeskommunane sine utgifter. Tilskotet blir fordelt gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane etter reglar gjevne av Kongen.

(4) Innan dei fristane departementet fastset, skal fylkeskommunane leggje fram budsjett, rekneskap og elles gje dei opplysningane som trengst for departementet si vurdering av framtidig samla behov for tilskot.

(5) Fylkeskommunen fastset kontraktsform og retningsliner som skal gjelde for tildeling av godtgjersle.

(6) Kontrakt om godtgjersle som er inngått på grunnlag av anbod, skal gjelde for minst 5 år, med unnatak for mellombelse ruter. Når særlege grunnar taler for det, kan ei inngått avtale forlengjast for kortare tid.

§ 23. Administrasjonsselskap

Fylkeskommunen kan gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit selskap som administrerer rutesambanda i fylket. § 22 femte og sjette gjeld tilsvarande.

§ 24. Riksvegferjer

Departementet har ansvar for å yte godtgjersle til ferjer i riksvegsamband. Departementet fastset kontraktsform og retningsliner som skal gjelde for tildeling av godtgjersle. Ved bruk av anbod gjeld § 22 sjette ledd tilsvarande.

Kap. 6 Sams føresegner

§ 25. Tildeling av løyve

Løyve etter denne lova kan tildelast dei som fyller krava som er sette i lova eller i forskrift med heimel i lova. Eit selskap eller annan juridisk person kan tildelast løyve på vilkår som vert nærare fastsette av departementet.

§ 26. Politiattest

Det kan krevjast politiattest ved søknad om løyve etter denne lova, og etter at løyve er gitt etter ein tidsperiode som vert nærare fastsett av departementet.

§ 27. Kor lenge eit løyve gjeld

(1) Løyve etter §§ 4 og 5 gjeld utan avgrensing i tid, jf. likevel § 9 andre ledd.

(2) Behovsprøvd løyve etter §§ 6 og 7 gjeld i ti år. Løyvestyresmakta kan ta att eit løyve før løyvetida er ute i samband med innføring av anbod for vedkommande rute eller ruteområde.

(3) Når anbod vert nytta i rutedrifta, eller særlege grunnar talar for det, kan løyve gjevast for kortare tid.

(4) Departementet kan i løyvetida gjere endringar i forskriftene for løyvepliktig verksemd og i vilkår som er sette for eit løyve. Vil løyvehavaren ikkje halde fram med drifta på dei nye vilkåra, skal han få ei rimeleg tid til å leggje ned verksemda.

§ 28. Overføring av løyve mv.

Ein løyvehavar kan ikkje overlate løyvet sitt til andre utan samtykke frå løyvestyresmakta.

§ 29. Tilbakekalling av løyve

(1) Løyvestyresmakta kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller dei krava som er sette i forskrifter og vilkår, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår som gjeld for å drive verksemda.

(2) Døyr løyvehavaren, skal den som rår over buet hans straks sende melding om dødsfallet til den styresmakt som har gjeve løyvet. Det same skal gjerast om løyvehavaren går konkurs. Når løyvehavar døyr eller går konkurs, kan løyve takast att utan varsel. Departementet kan gje nærare føresegner om avvikling av løyve der løyvehavar døyr.

(3) Når retten til å drive løyvepliktig verksemd etter lova har falle bort, skal løyvehavaren eller den som rår over buet hans, straks sende tilbake dei legitimasjonane og løyveskilta som han har fått frå løyvestyresmakta.

(4) Når det er fastsett at løyve skal takast att, kan det samstundes gjerast vedtak om at vedkomande ikkje skal få nytt løyve før etter ei fastsett tid utan omsyn til at han fyller krava for å få nytt løyve.

§ 30. Merking av motorvogn

Departementet kan gje forskrifter om at motorvogn som vert nytta til løyvepliktig transport skal merkast med løyveskilt.

§ 31. Gebyr

Departementet kan i forskrifter fastsetje at det skal betalast gebyr for utferding av løyvedokument, løyveskilt eller annan dokumentasjon etter denne lova.

§ 32. Plikt til å gje statistikk mv.

(1) Den som i samband med næring eller verksemd han driv, sender eller tek mot gods, og dei som driv eller direkte eller indirekte formidlar transport av personar eller gods mot vederlag, skal gje dei opplysningane som departementet krev ved gjennomføringa av denne lova.

(2) Departementet kan gje forskrifter om statistikk for løyvepliktig transport og for transport som er friteken for løyveplikt etter denne lova.

§ 33. Transportvedtekter

(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak gje reglar om transportvedtekter og om tilleggsavgift ved manglande gyldig billett i rutetransport.

(2) Reisande med rutetransport som går inn under lova her, som i kontroll ikkje kan framvise gyldig billett, og som ikkje på staden betaler den tilleggsavgift som departementet har godkjend med heimel i første ledd, kan haldast tilbake av transportselskapet sine kontrollørar så lenge den reisande ikkje gjev tilstrekkelege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato. Retten til å halde reisande tilbake gjeld òg mens dei opplysningane den reisande gjev vert stadfesta.

(3) Retten til å halde reisande tilbake etter andre ledd gjeld berre når retten er godkjend av departementet som del av selskapet sine transportvedtekter.

(4) Ein person kan ikkje verte halde tilbake dersom det etter omstenda vil vere eit uforholdsmessig inngrep.

(5) Personar under 15 år bør ikkje haldast tilbake.

§ 34. Søksmålsfrist

Fristen for å reise sak etter tvistemålsloven § 437 andre ledd første punktum mot vedtak som eit styringsorgan har gjort etter denne lova skal vere to månader.

§ 35. Utfyllande forskrifter

Departementet gjev nærarer forskrifter om kvar enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring av lova.

Kap. 7 Særlege fullmakter

§ 36. Ekstraordinære tilhøve

Når samferdselsomsyn under ekstraordinære tilhøve gjer det naudsynt, kan departementet gje løyvehavar pålegg om å utføre visse transportoppgåver. Det same gjeld for andre som eig eller brukar motorvogner for gods- og persontransport, målepliktig fartøy og statens jernbanetrafikkselskap og jernbanetrafikkselskap der statens jernbanetrafikkselskap eig over halvparten av selskapet.

§ 37. Sivil transportberedskap

Departementet kan gje føresegner om den sivile transportberedskap i fredstid, ved beredskap, mobilisering og i krig samt ved ekstraordinære krisetilhøve. Departementet kan òg i føresegnene gjere unntak frå reglane i lova. Departementet kan pålegge fylkeskommunane transportberedskapsoppgaver.

Kap. 8 Kontroll, sanksjonar mv.

§ 38. Kontrolldokument

Førar av motorvogn eller fartøy i løyvepliktig transport eller løyvefri eigentransport, skal på kvar einskild transport ha med seg dei legitimasjonane som det er fastsett at han skal syne fram når det vert ført kontroll av politiet, Statens Vegvesen eller annan offentleg tenestemann som departementet gjev rett til å føre kontroll etter denne lova.

§ 39. Kontroll av eigentransport

Når kontrollmakta ber om det pliktar førar å gje tilgang til varerom, container, kapell o.l. på motorvogn som er friteken frå løyve i medhald av §§ 16 og 17.

§ 40. Forbod mot å bruke køyretøy mv.

(1) Den som har fullmakt til å føre kontroll etter denne lova, kan for så lang tid som det vert funne naudsynt, forby bruken av køyretøy som vert nytta til transport av personar eller gods utan påbode løyve eller anna godkjenning etter denne lova. Det kan krevjast at gods som blir transportert utan påbode løyve vert lasta om på staden.

(2) Forbod mot å bruke eit køyretøy kan iverksetjast på staden.

(3) Vert det sett forbod mot å bruke eit køyretøy, kan kjennemerke og vognkort inndragast med det same.

(4) Eit køyretøy som det er forbode å bruke, kan kontrollmakta, når ho meiner det trengst, ta i forvaring. Vert køyretøyet ikkje henta innan 3 månader etter at forbodstida har gått ut, kan det verte seld når eigaren har fått melding om det i rekommandert brev. Reglane i vegtrafikkloven § 37 fjerde ledd, tredje punktum og femte til sjuande ledd gjeld tilsvarande.

§ 41. Straff

Om nokon med vilje eller aktløyse bryt eller hjelper til med å bryte denne lova, forskrifter eller vilkår som er fastsette med heimel i lova, vert han straffa med bot. Forsøk på slike brot er også straffbart.

§ 42 Iverksetjing. Overgangsføresegner

  • 1. Kongen fastset kva tid lova skal ta til å gjelde.

  • 2. Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel gjeld òg etter at lova her er sett i kraft.

§ 43 Endringar i andre lover

Frå den tid lova vert iverksett, vert det gjort følgjande endringar i andre lover:

1. Lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel og lov 4. juli 1991 nr. 52 om endringar i lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel vert oppheva.

2. I lov 17. juni 1966 nr. 2 om luftputefartøyer skal § 3 første ledd lyde:

Når ikke Kongen bestemmer annet, skal det ved bruk av luftputefartøy foreligge godkjent forsikring eller annen godkjent sikkerhet til dekning av erstatningsansvar for skade som måtte oppstå ved bruken av fartøyet.

3. I lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag skal § 4 f) lyde:

  • f) rutetransport som drives med løyve i henhold til yrkestransportloven

4. I lov 11. juni 1993 nr. 100 om anlegg og drift av jernbane, herunder sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (jernbaneloven) gjøres følgende endringer:

§ 7 skal lyde:

§ 7 (Særskilte krav til trafikkvirksomheten)

Departementet kan ved forskrift eller enkeltvedtak fastsette krav om transportvilkår og om tilleggsavgift ved manglende gyldig billett ved jernbanetransport.

Når fylkeskommunen gir tilskudd til lokal jernbane innen et fylke, fastsetter fylkeskommunen transportvilkår. Fylkeskommunens vedtak i saker om godkjenning av ruteplan, takster og tilskudd kan ikke påklages til departementet.

Ny § 7a skal lyde:

§ 7a (Tilbakeholdsrett)

Reisende med transportmiddel som reguleres etter loven her, som i kontroll ikke kan framvise gyldig billett, og som ikke på stedet betaler slik tilleggsavgift som departementet har godkjent med hjemmel i § 7 første ledd, kan holdes tilbake av transportselskapets kontrollører så lenge den reisende ikke gir tilstrekkelige opplysninger om navn, adresse og fødselsdato. Tilbakeholdsretten gjelder også mens de gitte opplysninger verifiseres.

Retten til å holde tilbake personer etter første ledd gjelder bare når slik rett er godkjent av Samferdselsdepartementet som del av selskapets transportvilkår.

Tilbakehold kan ikke foretas dersom det etter forholdene ville innebære et uforholdsmessig inngrep.

Personer under 15 år bør ikke holdes tilbake.

Ågot Valle Sigvald Oppebøen Hansen
president sekretær