Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
År 2003 den 9. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for trudomssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter §§ 19 og 19 a. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.
Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i første leddet.
Departementet kan gjeva føresegner om plikt til å opplysa om fødselsnummer for kvar einskild medlem og organisasjonsnummer for livssynssamfunnet til bruk i saker om tilskot etter første ledd. Desse opplysningane kan jamførast med opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja så langt dette er teneleg for å kontrollera at vilkåra for tilskot er oppfylde.
Lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 gjeld ikkje for opplysningar som er gjevne etter føresegner med heimel i tredje leddet.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
| Ågot Valle | Sigvald Oppebøen Hansen |
| president | sekretær |