År 2004 den 10. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-8 skal lyde:
§ 2-8 Særskild språkopplæring for
elevar frå
språklege minoritetar
Elevar i grunnskolen med anna morsmål
enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til
dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje
den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig
har slike elevar også rett til morsmålsopplæring,
tospråkleg fagopplæring eller begge delar.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan
skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når morsmålsopplæring
og tospråkleg fagopplæring ikkje kan
givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt
mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene
til elevane.
§ 12-1 skal lyde:
§ 12-1 Organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa
Departementet nemner opp eit organ for samarbeid
om fag- og yrkesopplæringa. Organet skal hjelpe departementet
med råd og ta initiativ for å fremje fag- og yrkesopplæringa.
Organet skal ha representantar for partane i arbeidslivet og for
departementet. Departementet fastset samansetjinga av og oppgåvene
til organet.
§ 12-2 skal lyde:
§ 12-2 Faglege råd
Departementet nemner opp faglege råd
for fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde
som kan ha læretid i bedrift, skal vere knytt til eit fagleg råd.
Departementet avgjer etter framlegg frå organet for samarbeid
om fag- og yrkesopplæringa kva for faglege råd
som skal skipast, storleiken på råda, kva for
fagleg felt det enkelte rådet skal dekkje og reglement
for oppgåvene til råda.
§ 12-4 sjette ledd skal lyde:
Nemnda gir rapport til fylkeskommunen og departementet
om verksemda si og om tiltak som er viktige for fagopplæringa.
§ 12-5 andre ledd skal lyde:
Departementet skal syte for at både arbeidslivet og
skolesida får ta del i arbeidet med nye læreplanar.
§ 12-6 andre ledd skal lyde:
Når det skal oppnemnast klagenemnder for fag- og
sveineprøver, skal det faglege rådet
for faget gi innstilling.
§ 12-7 skal lyde:
§ 12-7 Medlemmer av organ, råd
og nemnder
Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av organet
for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege
råd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er
pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje
seg fritekne for ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort
samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan
krevje seg friteken.
§ 13-10 nytt andre ledd skal lyde:
Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren
for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for
vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene
til lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren
for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system
for å følgje opp resultata frå desse
vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet
gjennomfører med heimel i § 14-1 fjerde ledd.
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande
skolar blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-5 skal lyde:
§ 3-5 Særskild språkopplæring for
elevar frå
språklege minoritetar
Elevar ved grunnskolar godkjende etter denne lova som har
eit anna morsmål enn norsk og samisk, har
rett til særskild norskopplæring til
dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje
den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig
har slike elevar også rett til morsmålsopplæring,
tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Heimkommunen
til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring.
Departementet er klageinstans.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein
annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når morsmålsopplæring
og tospråkleg fagopplæring ikkje kan
givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt
mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene
til elevane.
§ 5-2 nytt tredje ledd skal lyde:
Styret skal ha eit forsvarleg system for vurdering av
om krava i gjeldande lover og forskrifter, og føresetnadene
for godkjenninga blir oppfylte. Styret skal ha eit forsvarleg system
for å følgje opp resultata frå desse
vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet
gjennomfører med heimel i § 7-2 femte
ledd.
Tidlegare tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
Lova gjeld frå det tidspunkt
Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene i lova kan setjast
i verk til ulik tid.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |