År 2004 den 15. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste gjøres
følgende endringer:
§ 7 første ledd skal lyde:
For nye festeavtaler og avtaler som er lenga etter § 33 gjeld
feste av tomt til bustadhus og fritidshus til festet
vert sagt opp av festaren eller tomta vert innløyst.
§ 15 skal lyde:
§ 15. Regulering av festeavgift
Ved feste av tomt til bustadhus og fritidshus
kan kvar av partane krevje at festeavgifta blir regulert i samsvar
med endringa i pengeverdien sidan festeavtala vart inngått.
Har festeavgifta vorte regulert, er det den avgifta som lovleg vart
innkrevd etter forrige regulering, som kan bli regulert i samsvar
med endringa i pengeverdien sidan det tidspunktet. Har partane tvillaust
avtalt at festeavgifta skal stå uendra, eller har dei avtalt
ei lågare regulering enn det som følgjer av endringa
i pengeverdien, gjeld denne avtala istaden.
Er ei avtale om feste av tomt til bustadhus eller
fritidshus gjort før 1. januar 2002, gjeld desse reglane for
den første reguleringa etter 1. januar 2002:
1.Når regulering
skal skje i samsvar med endringa i pengeverdien, kan bortfestaren
krevje regulering i samsvar med endringa sidan festeavtala vart
inngått, sjølv om festeavgifta har vore regulert
før.
2.Bortfestaren kan krevje avgifta
regulert i samsvar med det som tvillaust er avtalt. Men er avtala
inngått 26. mai 1983 eller før, kan bortfestaren likevel
ikkje krevje avgifta regulert meir enn til eit høgstebeløp
om året for kvar dekar tomt eller til det beløpet
som regulering i samsvar med pengeverdien ville gje. Høgstebeløpet
etter fyrste punktum er kr 9 000 justert ved kvart årsskifte
etter 1. januar 2002 i samsvar med endringa i pengeverdien. Dette
høgstebeløpet gjeld òg der tomta er mindre
enn eitt dekar.
3.Gjer avtala at verdien av
tomt utan hus er ein del av reknegrunnlaget for ny festeavgift,
skal verdien ikkje bli sett høgare enn det tomta kan seljast for
om det berre er tillate å setje opp det eller dei husa
som er på tomta.
4.Har festeavgifta vorte regulert
1. januar 2002 eller seinare, kan festaren krevje ny regulering
i samsvar med nr. 3 innan 1. januar 2006.
For andre festehøve enn tomt til bustadhus
og fritidshus kan kvar av partane krevje den avtalte festeavgifta
regulert i samsvar med endringa i pengeverdien i tida sidan festeavtala
vart inngått, om dei ikkje tvillaust har avtalt at festeavgifta
skal stå uendra eller dei har avtalt regulering på anna
måte.
Vert partane ikkje samde om ny festeavgift og dei ikkje
har avtalt eller vert samde om annan avgjerdsmåte, høyrer
avgjerda under skjønn.
Avgiftsregulering kan skje kvart tiande år, om ikkje
anna er avtalt. Avtala kan likevel ikkje fastsetje at reguleringa
skal skje oftare enn kvart år.
Når avgiftsregulering er avhengig av at ein av
partane krev det, kan kravet berre gjelde framtidige terminer.
Når ei festeavgift - eller høgstebeløpet
- etter lov eller avtale skal bli regulert i samsvar med endringa
i pengeverdien, skal reguleringa skje i samsvar med utviklinga i
(den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå.
Ved regulering sidan festeavtala vart inngått i festehøve
frå før 1865, skal ein regulere festeavgifta ut
frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.
§§ 32 til 34 skal lyde:
§ 32. Rett til innløysing av festetomt til
bustadhus og fritidshus
Festaren kan krevje å få innløyse
ei festetomt til bustadhus eller fritidshus når det er
gått 30 år av festetida - om ikkje kortare tid
er avtalt - og seinare kvar gong det er gått 10 nye år,
eller når festetida er ute.
Når festetida er ute for ei slik tomt
som er festa bort for festaren si livstid, kan desse krevje innløysing:
a) festarens ektemake,
b) livsarving til festaren,
c) fosterbarn som står i same stilling
som livsarving,
d) nokon som dei siste to åra har høyrt
til same husstand som festaren.
Til innløysing av festetomter med hus
som skjer etter paragrafen her eller med heimel i festeavtala, trengst
det ikkje samtykke frå offentleg styresmakt dersom samtykke
til bortfeste vart gjeve på bortfestingstida, eller ikkje
trongst etter reglane på den tida.
§ 33. Lenging i staden for innløysing
av festetomt til bustadhus og fritidshus
I staden for å krevje innløysing
av festetomt til bustadhus eller fritidshus etter § 32
når festetida er ute, kan festaren eller dei som er omfatta
av § 32 andre ledd krevje lenging av festet på same
vilkår som før. For feste som er lenga etter fyrste
punktum gjeld § 7 fyrste ledd om festetid.
§ 34. Unntak frå festarens
rett til innløysing
Retten til innløysing gjeld
berre så langt denne kan sameinast med
bortfestarens rettsgrunnlag etter lov eller avtale. Ein tredjeperson
med rett til bortfestareigedomen kan ikkje setje seg i mot at tomta
seinare vert innløyst, dersom han eller ho må reknast å ha
gjeve samtykke til bortfestinga utan atterhald mot innløysing.
Ved krav om innløysing av tomt som høyrer
til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden
tilby festaren lenging på same vilkår som før etter § 33.
Kongen kan fastsetje i forskrift at det same som
i andre leddet skal gjelde så lenge tomt festa bort til
fritidshus høyrer til ein landbrukseigedom og inntekta frå festetomtene
utgjer ein monaleg del av den totale næringsinntekta som
vert henta frå drift av landbrukseigedomen.
Unntaka i paragrafen her gjeld berre så langt
innløysingsretten følgjer av § 32.
§§ 36 og 37 skal lyde:
§ 36. Framsetjing av krav om innløysing
eller
lenging
Krav på innløysing etter § 32
eller lenging etter § 33 må festaren setje fram
skriftleg seinast eitt år før innløysingstida
er inne. I dei høve som er nemnde i § 32
andre ledd, er fristen eitt år etter at festaren døydde.
Er kravet sett fram seinare, kan Kongen gje oppreising
om oversitjinga er orsakande. Når innløysingsvilkåra
vert fastsett ved skjønn etter § 37 andre ledd,
høyrer også spørsmål om oppreising
under skjønnet.
Retten til innløysing eller lenging når
festetida er ute, fell ikkje bort utan når bortfestaren
seinast to år før festetida er ute, har sendt
skriftleg oppseiing til festaren med varsel om kva tidspunkt festetida
går ut, om retten til innløysing og lenging og
om fristen for å krevje det. Dette gjeld ikkje når
festetida går ut for tomt festa bort for festaren si livstid.
§ 37. Innløysingsvilkår
Ved innløysing av tomt som er festa bort
til bustadhus eller fritidshus, skal innløysingssummen
vere 30 gonger årleg festeavgift etter regulering på innløysingstida,
om ikkje ein mindre innløysingssum er avtalt. Om ikkje
anna er avtalt, kan kvar av partane likvel krevje at innløysingssummen
for andre tomter enn dei som er festa bort på uavgrensa
tid utan oppseiingsrett for bortfestaren, skal vere 40 pst. av tomteverdet
på innløysingstida, med frådrag for verdauke som
festaren har tilført tomta med eigne tiltak eller tilskott
til tiltak som er gjort av andre. Tomteverdet må ikkje
setjast høgare enn det tomta kan seljast for om det berre
er tillate å setje opp det eller dei husa som er på tomta.
Med mindre partane er samde om innløysingsvilkåra,
eller har avtalt vilkåra fastsette på annan måte, høyrer
krav om innløysing under skjønn, som fastset innløysingssummen
og innløysingsvilkåra elles. Krav om skjønn
må vere sett fram seinast seks månader før innløysingstida
er inne. Andre punktum gjeld ikkje når festetida går
ut for tomt festa bort for festaren si livstid.
Kongen kan gje forskrift om kva som skal fylgje med
ved innløysing og på kva måte innløysingsrett kan
gjerast gjeldande
a) i område der det er festa
bort tomter til fritidshus etter ein samla plan, og
b) ved punktfeste (§ 16 fyrste ledd tredje
punktum).
Nåværende § 37 blir § 38.
§ 40 første ledd annet punktum skal
lyde:
Bortfestaren kan likevel ikkje påleggjast
slik overtaking dersom festaren kan krevje tomta innløyst,
eller dersom bortfestaren tilbyr festaren å løyse
inn tomta mot vederlag fastsett etter føresegnene i § 37.
§ 42 fjerde ledd skal lyde:
Ved feste av tomt til bustadhus eller fritidshus
kan festaren gjere krav om innløysing og lenging gjeldande
også mot grunneigaren etter reglane i kapittel VI.
Nåværende § 42 fjerde ledd
blir nytt femte ledd.
§ 43 skal lyde:
§ 43. Skjønn
Skjønn etter kapittel VII vert
haldne som rettslege skjønn. I lensmannsdistrikt kan skjønnet
styrast av lensmannen, dersom partane er samde om det.
Ved skjønn etter §§ 15
og 37 skal skjønnet i lensmannsdistrikt styrast av lensmannen.
Antall skjønnsmenn skal alltid vere to, både ved
lensmannsskjønn, rettsleg skjønn og overskjønn.
For spørsmålet om dekning av sakskostnader i slike
saker gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 43.
I lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar
og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) blir det gjort
følgende endring:
§ 13 tredje ledd nytt andre punktum
skal lyde:
Føresegna i første stykket er
ikkje til hinder for at tomt som er festa bort til bustadhus eller
fritidshus vert innløyst etter lov om tomtefeste kapittel
VI.
Loven trer i kraft fra den tid
Kongen bestemmer. Kongen kan gi nærmere overgangsregler.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |