År 2005 den 4. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-3 nytt andre ledd skal lyde:
Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn.
Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet
omfattar 8.-10. årstrinn.
Noverande andre til fjerde ledd blir tredje til femte ledd.
§ 2-3 tredje ledd skal lyde:
Departementet gir forskrifter om fag, om mål
for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga
og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet
gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage
på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.
§ 2-3 fjerde ledd skal lyde:
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet
skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa
i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal
organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter
etter tredje leddet og i samsvar med § 1-2
og forskrifter etter § 1-3.
§ 2-4 fjerde ledd skal lyde:
Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre
få fritak frå dei delar av undervisninga ved den
enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige
livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning
til anna livssyn. Dette kan m.a. vere religiøse aktivitetar
i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak,
så langt det er råd og særleg på 1.-4. årstrinn,
søkje å finne løysingar ved å leggje
til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen.
§ 3-1 tredje ledd skal lyde:
Heile retten må normalt takast ut i løpet
av ein samanhengande periode på fem år, eller seks år
når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i
lærebedrift, og innan utgangen av det året
vedkommande fyller 24 år. Fylkeskommunen kan
etter søknad gi eleven, lærlingen eller lærekandidaten
løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa
utan at retten tek slutt. Departementet gir forskrifter om kva forhold
som skal gi rett til utsetjing eller avbrot.
§ 3-1 sjette ledd skal lyde:
Søkjarar har rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram
på vidaregåande trinn 1 som dei har
søkt på, og til to års vidaregåande
opplæring innanfor utdanningsprogrammet.
Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning,
og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege
behov for eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande
trinn 1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet
etter forskrift fastsett av departementet.
§ 3-3 andre ledd skal lyde:
Opplæringa i skole skal omfatte vidaregåande trinn
1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn
3. Kvart trinn skal normalt ha lengd
som eitt skoleår.
§ 3-4 første ledd skal lyde:
Departementet gir forskrifter om trinn og programområde,
om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av
opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet
gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, lærekandidatar,
privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurderinga,
om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon.
Departementet gir forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgådd
opplæring eller praksis.
§ 3-6 første ledd skal lyde:
Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for
ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1,
og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta
gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta
omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten
etter § 3-8 eller § 4-6.
§ 3-8 andre ledd skal lyde:
Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i
alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen,
eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene
sine, kan eleven visast bort for resten av skoleåret.
I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan
fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til
vidaregåande opplæring etter § 3-1. Fylkeskommunen
kan ikkje overlate til eit organ på skolen å treffe
vedtak etter leddet her om bortvising eller tap av retten til vidaregåande
opplæring.
§ 3-9 tredje ledd skal lyde:
Retten til opplæring i og på teiknspråk
etter andre leddet er avgrensa til dei utdanningsprogramma
og programområda desse skolane gir tilbod
på. Delar av dette opplæringstilbodet
kan givast med tolk.
§ 4-4 første ledd skal lyde:
Opplæringa av lærlingen og lærekandidaten
skal skje i samsvar med den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten
har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal
det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5
første leddet. Lærlingen og lærekandidaten
skal få fri til å gjennomføre teoriopplæringa utanfor
lærebedrifta. For fag med teorikrav ut over vidaregåande
trinn 1 og vidaregåande trinn 2 må lærebedrifta
dekkje kostnadene for tilleggsopplæringa.
Kapittel 5 overskrifta skal lyde:
Kapittel 5 Spesialundervisning
§ 6-3 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrifter om at visse skolar skal
tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde
samiske fag i den vidaregåande opplæringa innanfor
visse kurs eller for visse grupper. Fylkeskommunen kan
også elles tilby slik opplæring.
§ 9-1 andre ledd skal lyde:
Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane
skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og
arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast
som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar
kan tilsetjast på åremål.
§ 9-4 andre ledd skal lyde:
Norske lærebøker som blir brukte i skolen,
skal vere i samsvar med læreboknormalen slik denne er fastsett
i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk
i offentleg teneste. Med lærebøker er her meint
alle trykte læremiddel som elevane regelmessig bruker
for å nå vesentlege delar av kompetansemåla
i eit fag.
§ 9a-6 første ledd skal lyde:
Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og
dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande
underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar
og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet.
Råda og utvala har på førespurnad rett
til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske
helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.
§ 10-8 skal lyde:
§ 10-8 Kompetanseutvikling
Skoleeigaren har ansvar for å ha riktig
og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal
ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale
med særoppgåver i skoleverket høve til
nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye
og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde
seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga
i skolen og samfunnet.
§ 10-9 nytt tredje ledd skal lyde:
Den som skal tilsetjast i vidaregåande
skole, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise
om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle
overgrep.
§ 10-9 noverande tredje ledd blir fjerde ledd.
Ny § 11-1a skal lyde:
§ 11-1a Skolemiljøutval ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval.
I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei
tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet
skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra
til saman er i fleirtal.
Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når
samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det
oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik
at dei samla får fleirtal.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades
når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla
i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til
stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande
bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar
aukast tilsvarande.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at
skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet
for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet
har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet,
jf. kapittel 9a.
Ny § 11-5a skal lyde:
§ 11-5a Skolemiljøutval ved vidaregåande
skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det
vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet
skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere
representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik
at representantane for elevane er i fleirtal.
Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval.
Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval,
må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar
for elevane, slik at dei får fleirtal.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at
skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit
godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale
seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.
§ 13-3 tredje ledd skal lyde:
Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle
om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen. Departementet
kan gi forskrifter om at heimfylket i rimeleg grad har ansvaret
for å refundere utgifter i samband med vidaregåande
opplæring i eit anna fylke. Departementet kan
påleggje fylkeskommunen å setje i gang vidaregåande
opplæringstilbod som omfattar søkjarar frå andre
fylke.
§ 13-4 tredje ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje
og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp
eller opplæring etter denne lova, dessutan forskrifter
om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket sitt ansvar
for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande
opplæring i eit anna fylke.
§ 15-2 skal lyde:
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen og
for enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig
alder etter § 5-7. For enkeltvedtak i personalsaker gjeld
likevel reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova.
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak
og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa,
enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring
etter § 3-8 og § 4-6, enkeltvedtak om
opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1
femte leddet og enkeltvedtak om fysiske og psykososiale
miljøforhold etter § 9a-2 og § 9a-3.
I samband med klage på inntak til vidaregåande opplæring
kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen
om kva for utdanningsprogram på vidaregåande
trinn 1 eller programområde på vidaregåande
trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar skal
takast inn på. For slike vedtak gjeld reglane
om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Departementet er
klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram
på vidaregåande trinn 1 på grunnlag
av sakkunnig vurdering.
Fylkeskommunen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda.
I følgjande føresegner i opplæringslova
skal omgrepet "klassetrinn" erstattast med "årstrinn":
§§ 2-5, 2-7, 2-10, 6-2, 7-1, 9-4, 9A-5,
10-1, 11-2, 13-7 og 16-2.
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande
skolar blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-1 fjerde ledd skal lyde:
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast
til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande
skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde
frå til heimfylket om behovet for læreplass når
eleven er teken inn på vidaregåande trinn
2.
§ 3-10 andre ledd skal lyde:
Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande
har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og
arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg
forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av fylkeskommunen
visast bort for resten av skoleåret.
I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan
fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til
vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.
Fylkeskommunen kan ikkje overlate til skolen å gjere vedtak
etter leddet her om bortvisning eller tap av retten til vidaregåande
opplæring.
§ 4-3 nytt tredje ledd skal lyde:
Den som skal tilsetjast i ein vidaregåande
skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten
skal vise om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømd for
seksuelle overgrep.
§ 4-3 noverande tredje ledd blir fjerde ledd.
§ 5-2 andre ledd ny bokstav i skal lyde:
i) sørgje for å ha
rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha
eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med
særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling,
med sikte på å fornye og utvide den faglege og
pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og
vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
§ 5-2 fjerde ledd skal lyde:
I andre saker enn dei som følgjer av andre og
tredje ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere
avgjerdsretten.
§ 6A-8 nytt første ledd skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane
skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen
ikkje kan
a) gi utbyte eller på annan
måte overføre overskot til eigarane eller deira
nærståande, verken når skolen er i drift
eller ved opphør av drifta
b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter
for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller
deira nærståande, eller på annan måte
pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege
tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane
til gode.
Noverande første til tredje ledd blir andre
til fjerde ledd.
Lova gjeld frå det tidspunkt
Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene i lova kan setjast
i verk til ulik tid.
Departementet kan i forskrift fastsetje overgangsreglar.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |