År 2006 den 22. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande
skolar (friskolelova) blir det gjort følgende endringer:
§ 1-1 første ledd nytt
annet punktum skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye
frittståande skolar eller tilskot til godkjende skolar
som ikkje er i drift 13. desember 2005, jf. §§ 1-5, 2-1,
2-2 og 6A-1.
§ 1-5 skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast løyve
til avvik frå lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske
eller organisatoriske forsøk. Berre godkjende skolar som er
i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot etter lova.
§ 2-1 første til tredje ledd skal
lyde:
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye
frittståande grunnskolar. Berre godkjende skolar som er
i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive
verksemd etter lova.
Departementet kan i særlege tilfelle
gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyller
krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. Den enkelte
skolen må gi opplæring på norsk eller
samisk, dette gjeld likevel ikkje internasjonale skolar.
Høvet til godkjenning gjeld
berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege
negative følgjer for vertskommunen. Vertskommunen skal
gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.
§ 2-2 første til tredje ledd skal
lyde:
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye
frittståande vidaregåande skolar. Berre godkjende
skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og
til å drive verksemd etter lova.
Departementet kan i særlege tilfelle
gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyller
krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar.
Høvet til godkjenning gjeld
berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege
negative konsekvensar for vertsfylket. Vertsfylket skal gi fråsegn
før departementet gjer vedtak i saka.
§ 6A-1 første ledd skal lyde:
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye
vidaregåande skolar i Noreg som har til føremål å gi
yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege
vidaregåande skolar. Berre godkjende skolar som er i drift
13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive
verksemd etter lova. Departementet kan i særlege tilfelle
gjere unntak frå første og andre punktum dersom
skolen oppfyller krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. For
skolar som er godkjende etter paragrafen her, gjeld reglane
i dette kapitlet.
I lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning (fagskoleloven)
skal § 8 annet ledd lyde:
Skoler som er godkjent etter denne loven
innen 16. desember 2005, og som er godkjent etter lov
4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar kap. 6A, har
rett til tilskudd etter reglene i friskolelova.
Loven trer i kraft straks.
Olav Gunnar Ballo |
Henning Skumsvoll |
president |
sekretær |