År 2007 den 12. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjer
ein følgjande endringar:
§ 1 første ledd
første punktum skal lyde:
Når eit barn er født, skal lækjaren
eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita.
§ 1 andre ledd skal lyde:
Når barnet er født utan at lækjar
eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding
til folkeregistermyndigheita innan ein månad.
Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet,
skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan
ein månad etter at barnet er kome til Noreg.
§ 1 fjerde ledd skal lyde:
I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett
eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast
både til folkeregistermyndigheita og
tilskotsfuten.
§ 4 andre ledd bokstav a skal lyde:
§ 4 tredje ledd første punktum
skal lyde:
Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse
eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at
dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter
paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre
punktum.
§ 10 første ledd tredje punktum
skal lyde:
Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om
det til folkeregistermyndigheita.
§ 35 tredje ledd skal lyde:
Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret
saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om
at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.
§ 39 skal lyde:
Registrering av foreldreansvaret
Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita.
Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita er
ikkje gyldig. Dersom farskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte
på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at
dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera
at foreldra har foreldreansvaret saman.
Endringane under I gjeld frå den tid Kongen fastset.
Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid.
Departementet kan gje overgangsføresegner.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |