År 2008 den 1. april holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1 Føremål
Føremålet med lova er å sikre redaksjonell fridom i media.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld for
1. dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som
driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff
og samfunnsdebatt,
2. kringkastarar, jf. kringkastingsloven § 1-1 tredje ledd
og
3. elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål
og funksjon som medium nemnde under nr. 1 og 2.
Lova gjeld ikkje medium som har som hovudføremål å drive
med reklame eller marknadsføring, eller som hovudsakleg er retta
mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar
eller selskap.
§ 3 Plikt til å ha ein redaktør
Medium som nemnt i § 2 skal ha ein redaktør.
Med redaktør er i denne lova meint den som tek avgjerd
om innhaldet i mediet eller om ein del av dette, anten han blir
kalla redaktør, utgivar eller noko anna.
§ 4 Redaksjonell fridom
Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda
skal redaktøren leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder
i redaksjonelle spørsmål.
Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine
vegner leier føretaket, kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren
i redaksjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere
seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale
før det blir gjort allment tilgjengeleg.
§ 5 Høve til å fråvike lova
Regelen i § 4 kan ikkje fråvikast gjennom avtale eller
anna rettsgrunnlag til ugunst for redaktøren.
§ 6 Ikraftsetjing
Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen fastset.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |