År 2008 den 12. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa blir det gjort følgjande endringar:
§ 2-3 første ledd skal lyde:
Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion, livssyn
og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving,
kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk
og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan
brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring
og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor
skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet
gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.
§ 2-3a første ledd skal lyde:
Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine
religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig
opplæring.
Nåværende første til tredje ledd blir andre til fjerde ledd.
Fjerde ledd blir femte ledd og skal lyde:
Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til
elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet
i opplæringa.
Nåværende femte ledd blir sjette ledd.
§ 2-4 skal lyde:
§ 2-4 Undervisninga i faget religion, livssyn
og etikk
Religion, livssyn og etikk er eit ordinært
skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget
skal ikkje vere forkynnande.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal
gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn,
kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til
etiske og filosofiske emne.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal
bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske
med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal
presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv,
kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa
skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Berit Brørby |
Asmund Kristoffersen |
president |
sekretær |