Stortinget - Møte tirsdag den 11. mai 1999 kl. 10

Dato: 11.05.1999

Sak nr. 1

Barne- og familieministerens redegjørelse om likestillingspolitikk

Talere

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Kvinner sine liv har i løpet av dei siste 30 åra gjennomgått store forandringar. Etterkrigstida har ført med seg store samfunnsendringar. Historia veit vi noko om, og ho kan hjelpa til å identifisera politiske og sosiale endringar. Det er viktig å sjå nærare på kvinnekampen og utviklinga av kvinners og menns roller i historisk samanheng og sjå at det ligg langsiktige perspektiv i likestillingspolitikken. Målet for likestilling er ikkje fastsett ein gong for alle. For meg er det viktig at måla og verkemidla må endrast i pakt med tida og utviklinga.

Likestillingslova har 20-årsjubileum i år. Det vil vi m.a. markera med ein konferanse 8. juni. Det er ikkje festen, men påminninga og vidare handling som er viktig i denne feiringa. Jubileet vil minna oss om kva vi har kjempa for, og kva vi i dag tar for gitt.

Same året som vi fekk likestillingslova vår, vedtok FN Konvensjonen om å avskaffa alle former for diskriminering av kvinner. Konvensjonen vart forhandla fram av FNs kvinnekommisjon, der Noreg sidan 1946 har deltatt aktivt med å setta normer og standardar for det globale arbeidet for kvinner sine rettar. I år har Kvinnekommisjonen fremja forslag som sikrar at kvinner kan klaga saker om diskriminering inn for FN.

Arbeidet for likestilling og likeverd er resultat av at politikk, økonomi og den sivile grasrota har sameina seg. Det er grunn til å rosa barrikadestormarane og slitarane. Utviklinga har skjedd som ledd i den generelle samfunnsutviklinga, og som resultat av sterkt politisk engasjement og deltaking. Kvinner har naturleg nok vore ueinige, både om mål og verkemiddel. Dette dreier seg om verdival, og om kvinner og menn i alle livssituasjonar og samfunnslag.

Noreg har vore tidleg ute med å bana veg for at kvinner skal kunne ta del i samfunnet, særleg når det gjeld politikk. Våre erfaringar er etterspurde av andre statar og internasjonale organisasjonar. Men vi er ikkje berre bidragsytarar. Vi nyt òg godt av andre statar sine erfaringar med ei samfunnsutvikling som fremmar likestilling, og vi har eit fruktbart samarbeid med internasjonale organisasjonar. FN har vore eit viktig forum, sist markert ved den internasjonale kvinnekonferansen i Beijing i 1995. EU driv òg viktig arbeid for å styrkja kvinner si stilling, med vekt på styrkt posisjon i arbeidslivet. Noreg tar del i prosessen gjennom EØS-avtalen.

Kampen for demokratiske rettar var utgangspunktet for kvinnerørsla. Denne kampen vart vunnen tidleg i Noreg. Vi ligg på verdstoppen når det gjeld kvinner si deltaking i politikken. Kvinnerørsla på 1970-talet voks fram hand i hand med ein sterk studentvekst og auka etterspørsel etter arbeidskraft. Rørsla kravde rett for kvinner til utdanning og arbeid på lik linje med menn, og ho kravde ein offentleg likestillingspolitikk. Kvinner utgjer nesten halvparten av arbeidsstyrken og er ein sjølvsagd del av næringslivet og velferdssystemet vårt.

I dag er likevel ikkje likestilling eintydig eit honnørord. Mange dreg på skuldrene, er uinteresserte og meiner at likestillingsengasjementet høyrer 1970-talet til. Eg meiner vi må ha meir respekt for det pionerarbeidet dei som har gått føre, har utført. I dag haustar vi fruktene av deira arbeid.

For meg er likestilling eit verdispørsmål som må settast inn i eit menneskeretts- og menneskeverdsperspektiv. Likestilling er meir enn individuelle interesser og interessekamp. Likestilling dreier seg òg om at kvinner og menn sine verdiar er likeverdige, og det må inngå i verdifundamentet vårt. Kvinner og menn sine livskår er forskjellige, og kvinner og menn har tradisjonelt formidla ulike verdiar og haldningar. Vi treng at begge kjønn er med og brukar evner og vilje til å forma framtida vår. Likestillingsspørsmål inngår som ein sjølvskriven del av verdidebatten.

Den politiske mobiliseringa av kvinner dei siste 30 åra er ei historie om suksess og framgang. Utviklinga har gått raskt. For 86 år sidan hadde kvinner ikkje eingong stemmerett. No utgjer vi nær halve Regjeringa. Kvinnene har utvida den politiske dagsordenen. Familiepolitikk er ei stor og viktig politisk sak, og dette er etter mi meining eit resultat av at kvinnene har inntatt viktige politiske posisjonar. Det nyttar å delta i politikken. Kvinner har tatt makt. Når det gjeld kvinners deltaking i politikken, er det lite grunnlag for å hevda at vi står framfor noko tilbakeslag.

Regjeringa vonar at den nye maktutgreiinga vil gi viktige bidrag til ein løpande offentleg debatt om det norske demokratiet. Og i det ligg sjølvsagt både kvinners og menns deltaking i utviklinga av demokratiet. I tråd med Stortinget sine føresetnader er det oppnemnt eit råd for utgreiinga. Vi har ved samansettinga lagt vekt på ei balansert kjønnsfordeling, saman med ei rimeleg geografisk fordeling.

Levande folkestyre og lokal mobilisering er viktig for Regjeringa. Alle må få høve til politisk påverknad, slik at både kvinner og menn får høve til å påverka kvardagen sin og utvikling av lokalsamfunnet sitt. I dag ser vi at folkestyret er under press. Vi må hindra at avgjerder meir enn før blir overførte til aktørar i marknaden, til kapitalsterke privatpersonar, organisasjonar og andre som ikkje står til ansvar for folket i val. Ei slik utvikling vil føra til overføring av makt frå arenaer der kvinner etter kvart har fått innpass, og til arenaer som nærmast er utelukkande dominert av menn. Vi må derfor aktivt setta oss imot maktkonsentrasjon på få hender og eitt kjønn.

Jamn kjønnsrepresentasjon er ein av dei viktigaste føresetnadene for god politikk, og omfattar spørsmål om rettferd og om høve til å påverka. Dette er viktig for kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Derfor støttar Regjeringa kampanjen for fleire kvinner i kommunestyra. Kampanjen blir driven av tolv kvinneorganisasjonar i samarbeid med Kompetansesenteret for likestilling. Kvinnerepresentasjonen i kommunestyra er i dag på 32,7 pst., altså litt over 4 prosentpoeng høgare enn etter valet i 1991.

Stortinget vedtok nyleg endringar i kommunelova for å sikra likestillingsreglane. Berre ved val til formannskap og fylkesutval vil det vera tillate å vika frå prinsippet om 40 pst. representasjon av begge kjønn. 40-prosentregelen skal òg gjelda ved suppleringsval og nyval, og partia kan berre stilla med eitt listeforslag ved val til faste utval.

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for heilskap i likestillingspolitikken. Eg vil arbeida for at politikken blir utforma i samspel mellom ulike forvaltningsnivå og politikkområde. Regjeringa har derfor oppretta eit eige statssekretærutval for likestilling.

Sjølv om det har skjedd mykje, er samspelet framleis for dårleg mellom statlege og kommunale styresmakter om å utvikla ein heilskapleg likestillingspolitikk. Eit mål for Regjeringa er at også kommunesektoren arbeider integrert med likestillingsspørsmål. Likestilling må heile tida stå på dagsordenen i fylkeskommunar og kommunar. Lokale styresmakter må legga planar for å styrka likestilling, m.a. ved å sikra sysselsetting for begge kjønn, sikra kommuneplanlegging på både kvinner og menn sine vilkår, og offentlege tenester tilpassa begge kjønn.

Likestillingslova, som i år er 20 år, har gjort sitt til å skapa merksemd kring likestillingsspørsmål. Til dømes er kjønnsdiskriminerande stillingsannonsar eit sjeldan syn i dag, og kvinnedelen i styre, råd og utval som er oppnemnde av offentlege organ, steig frå ca. 20 pst. i 1980 til ca. 40 pst. i 1997.

Endra samfunnsforhold og mange års erfaring med likestillingslova påkallar behov for endringar i lova. Eg ynskjer meg ei lov som er betre tilpassa dei viktigaste likestillingspolitiske utfordringane, og som kan vera slagkraftig inn i neste årtusen. Samtidig er det behov for gjennomgang og tilpassing av lova til nye internasjonale plikter, m.a. EØS-avtalen. Barne- og familiedepartementet har tatt initiativ til ei evaluering av lova i lys av desse pliktene. Noreg deltar også i år i eit nettverk for juridiske spørsmål og likestilling i EU.

Regjeringa meiner at den kvinneretta profilen i lova må stå fast, men vil streka under at lova også kan brukast til fordel for menn der dette fremmar likestilling mellom kjønna.

Arbeidslivet er det viktigaste feltet for lova. Her har det skjedd mykje positivt, og kvinners stilling er utvilsamt styrkt. Likevel tener kvinner framleis dårlegare enn menn. Vi ser også at klager over forbigåingar ved tilsettingar er blant dei sakene Likestillingsombodet hyppigast har til handsaming. Eit særleg problem er forbigåing av gravide kvinner.

Regjeringa vil vurdera endringar i lova som kan gi auka likestilling i arbeidslivet, m.a. eit forbod mot seksuell trakassering, høve til å få erstatning når ein har vore utsett for kjønnsdiskriminering, og – noko eg vil koma tilbake til – styrking av likelønnsvedtaka.

Likestillingslova opnar for kvotering, men pålegg ingen slik praksis. § 21 i lova om representasjon i offentlege styre, råd m.m. er ein kvoteregel, mens § 3 gir høve til å nytta ulike former for særbehandling, inkludert kvotering. Vi bør vurdera nærmare om vi kan bruka kjønnskvotering for å oppnå jamnare kjønnsfordeling innafor utdanning og arbeidsliv. Hovudavtalane i stat- og kommunesektoren gir plikter om moderat kvotering ved tilsettingar. I det private næringslivet er det opp til den enkelte bedrifta om dei vil nytta kvotering ved tilsettingar og forfremmingar.

Kjønnskvotering blir av mange oppfatta som eit kontroversielt verkemiddel i arbeidslivet. Undersøkingar viser at kvotering sjeldan eller aldri blir nytta ved tilsettingar og opprykk. Det einaste området der kvotering er tatt i bruk, er i politikken, og det har vore eit nyttig og effektivt verkemiddel.

Frå 1998 opna likestillingslova for avgrensa kvotering av menn. Regjeringa er opptatt av mangelen på rekruttering av menn til omsorgsyrke, og vedtok sist juli ei forskrift som kan gi særbehandling av menn i samband med undervisning av og omsorg for barn. Dette opnar for å oppmoda menn til å søka og – under elles like vilkår – å føretrekka ein mann ved tilsetting.

Likestilling vedkjem barn og unge. Sjølv om gutar og jenter i dag har like rettar og sjansar på dei fleste område, er det kjønnsforskjellar når det gjeld val av utdanning, yrke og deltaking i fritidsaktivitetar. Det er òg forskjellar mellom jenter og gutar i omfanget av problemåtferd knytt til vald, kriminalitet og bruk av rusmiddel.

Det er i dag fleire kvinner enn menn som tar høgare utdanning. Jenter vel i stor grad andre, og samla sett færre, utdanningsretningar enn gutar. Jentene er i fleirtal i estetiske fag, lærarutdanning, økonomi, administrasjon, samfunnsfag, jus og helseutdanning, og framleis i mindretal innanfor teknologi, realfag og utdanning i primærnæringane. Dette får konsekvensar for seinare yrkesval. Jentene må bli motiverte til å velja utdanningsretningar som gir kompetanse for etablering, leiing og drift av næringsverksemd.

Undervisningsopplegget som elevane får tilbod om, kan ha mykje å seia både for jentene si interesse for fagfeltet og for seinare yrkesval. Det er derfor viktig med både rekrutteringstiltak og tiltak retta mot sjølve undervisningsopplegget. IT er eit område i samfunnslivet som er heilt sentralt. For å forhindra nye sosiale skilje mellom dei som har PC heime, og dei som ikkje har, og mellom gutar og jenter, er det viktig at skulen fylgjer den teknologiske utviklinga nøye og maktar å integrera utviklinga i undervisninga.

Gutar og jenter er jamt over like aktive i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane, men det er skilnad på kva aktivitetar dei er med på, og korleis dei bruker fritida si. Vi veit ikkje om kommunane prioriterer aktivitetar for gutar og jenter likt. Regjeringa vil fylgja dette opp gjennom kontakt og dialog med frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, ungdomsgrupper og kommunar.

Tilskotsordningar til Ungdomstiltak i større bysamfunn og til Ungdom i distrikta skal betra oppvekst og levekår for born og ungdom. Gjennom tilskota blir det lagt vekt på likeverd og like høve for jenter og gutar, og fordommar, rasisme og diskriminering skal motarbeidast. Jenter med innvandrarbakgrunn er ei gruppe som deltar mindre enn annan ungdom i organiserte fritidsaktivitetar. Regjeringa har gitt støtte til eigne aktivitetar for dei, og talet på søknader til prosjekt retta mot jenter med innvandrarbakgrunn, er aukande. Ungdom i dag er lite opptatt av tradisjonelle likestillingsspørsmål. Men dei er samtidig opptatt av at jenter og gutar skal ha like sjansar til deltaking i og tilgang til fritidsaktivitetar.

Over 70 pst. av norske kvinner i alderen 25-60 år har inntektsgivande arbeid. Dei siste 20 åra har det vore ein formidabel auke i kvinner si utdanning og deltaking i lønna arbeid – ei gledeleg utvikling.

Vi har likevel framleis ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. Trass i ei viss utjamning er det eit kjenneteikn for den kjønnsdelte arbeidsmarknaden at kvinner og menn tar ulik utdanning og utfører ulikt arbeid. Også i same bedrift utfører dei ofte ulike arbeidsoppgåver, eller har ulike typar stillingar.

Det er eit gjennomgåande trekk at kvinnedominerte bransjar og yrke gir lågare lønn og færre sjansar for karriere enn mannsyrke. Som leiarar tener kvinner mindre enn menn.

Etterspørselen etter arbeidskraft på 1970-talet vart til ein viss grad avgjerande for arbeidsdelinga mellom kvinner og menn i dag. Kvinner vart etterspurde som arbeidskraft fordi velferdsstaten vart bygd ut. Kvinner fann ein marknad innanfor tenesteyting, særleg innanfor omsorg og pleie. Og veksten i lønna arbeid for kvinner er eit resultat av at det tidlegare ulønna arbeidet vart omgjort til lønnsarbeid. Men samstundes viste det seg også at veksten i oljesektoren ikkje førte til at kvinner fann seg ein marknad der eller vart rekrutterte til denne sektoren, som er svært mannsdominert. Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden er ein stiv og lite fleksibel arbeidsmarknad.

Den førre likestillingspolitiske utgreiinga viste at den sterke straumen av kvinner ut i arbeidslivet har ført til større likskap i inntekt mellom kvinner og menn. Men det er framleis store inntektsforskjellar mellom kjønna. Det er ein klar overrepresentasjon av kvinner i gruppene med lågast inntekt, og delen av kvinner her har auka. Menn er overrepresenterte i gruppene med høgast inntekt, og delen av menn her har også auka.

Forskjellane er særleg store for unge og eldre kvinner. I gruppa 65-74 år er det tre gonger fleire kvinner enn menn i lågaste inntektsgruppe. Mykje av forklaringa er truleg at fleire kvinner lever aleine fordi dei lever lenger enn menn, og at dei er minstepensjonistar.

Lønnsnivået er framleis lågast i næringar og yrke der det er flest kvinner. For alle kvinner og menn, sett under eitt, har tilnærminga i lønn for eit årsverk dei siste ti åra vore etter måten liten, sjølv om det relative utdanningsnivået blant kvinner heile tida har vore aukande.

Dette tyder på at vi framleis har eit likelønnsproblem. Ved revisjon av likestillingslova vil eg legga fram eit forslag for å gjera reglane for likelønn tydelegare i likestillingslova. I likestillingslova heiter det at kvinner og menn skal ha lik lønn for arbeid av lik verdi. Det inneber at arbeidsgivarar pliktar å gi lik lønn for arbeid av same verdi, og om nødvendig på tvers av faggrenser.

Samstundes vil eg legga vekt på at likelønnsproblemet i dag er samansett og ikkje let seg løysa ved hjelp av lovgiving og forbod mot diskriminering aleine. Partane i arbeidslivet har eit ansvar her. Eg vil forsvara den frie forhandlingsretten og samtidig oppfordra – særleg dei store bedriftene – til å gå gjennom sin eigen lønnspolitikk og lønnsstatistikk for å analysera forskjellar mellom kjønna.

Mangfald i leiarskapen er dagens ideal, og kvinner har kunnskap og verdiar å tilføra ei leiargruppe. I arbeidslivet ligg det barrierar som partane i arbeidslivet og den enkelt bedrifta har ansvar for å fjerna. Styresmaktene har på si side ansvaret for å legga rammevilkåra – i alt frå næringspolitikk til familiepolitikk. I Voksenåserklæringa har Regjeringa klart uttrykt:

«Det må satses målbevisst på rekruttering av kvinner til ledende stillinger både i offentlig og privat sektor.»

Unge kvinner i dag har like god eller betre utdanning enn jamnaldrande menn. Dermed har rekrutteringsgrunnlaget for kvinner til leiarstillingar blitt større. Stadig fleire kvinner får innpass i leiinga i alle delar av arbeidslivet, men utviklinga går sakte. I privat næringsliv er kvinnedelen av alle høgare leiarstillingar i dag om lag 7 pst., i kommunane mellom 20 og 25 pst., og i staten 26 pst. For toppleiarstillingane er desse prosenttala stort sett halverte.

Regjeringa har sett seg eit ambisiøst mål. Innan utgangen av 2001 skal delen av kvinnelege leiarar i staten aukast til 30 pst. Nokre departement har nådd måla sine alt i år, mens andre må bruka meir tid.

Noreg har stor statleg verksemd, og bedriftene står framfor store utfordringar i framtida. Det vil vera ein positiv signaleffekt for næringslivet elles dersom bedrifter der staten har eigarinteresser, kan gå føre med ein stor del kvinner i sentrale posisjonar.

I distriktspolitikken skal det satsast på kvinneretta tiltak. Det er ei viktig utfordring å utvikla lokalsamfunn som gir rom for både kvinner og menn, med eit mangfaldig tilbod og høve til å leva eit rikt liv.

1999 er Distriktskvinnenes år. Ideen er å gi den distriktspolitiske kvinnesatsinga eit ekstra lyft ved inngangen til eit nytt årtusen. Markeringa skal synleggjera kvinner i distrikta og medverka til auka bruk av kvinner sine ressursar. Det vil også gi menn høve til å drøfta og eventuelt ta eit oppgjer med gamle rollemodellar.

Primærnæringane er ein berebjelke i mange distrikt. Innanfor fiskeri- og havbruksnæringa, landbruksnæringa og reindrifta blir det arbeidd med likestillingsspørsmål, både når det gjeld tradisjonell næringsverksemd, utvikling av ny verksemd knytt til næringane og kyst- og bygdeutvikling.

Nye arbeidsplassar må skapast – også av kvinner og i distrikta. Når det gjeld etablerarstipenda til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, er det lagt inn krav om at minst 40 pst. av stipenda skal gå til kvinner. Evalueringar viser at kvinner ofte etablerer seg på eit sunt økonomisk grunnlag, og at få kvinner går konkurs. Nettverkskredittordninga er også retta mot etablerarar. Ordninga ser ut til å treffa kvinnelege etablerarar godt.

Men det har vist seg at kvinner av forskjellige grunnar har dårlegare økonomiske rammevilkår enn menn når dei skal finansiera eiga verksemd. Regjeringa si satsing på dette feltet er tiltak som kan letta situasjonen og betra rammevilkåra for kvinner som ynskjer å starta eiga verksemd.

Regjeringa har i statsbudsjettet øyremerkt 10 mill. kr for å auka kvinner si deltaking i næringsutvikling. Det er Statens nærings- og distriktsutviklingsfond som har ansvar for å gjennomføra satsinga, som fyrst og fremst er retta mot tiltak som kan auka representasjonen av kvinner på område der menn er klart overrepresenterte.

Mange av dei tiltaka som no blir oppfatta som «kvinnetiltak», handlar om å skapa moderne og smidige bedrifter og arbeidsplassar – ikkje berre for kvinner, men òg for menn. Om ikkje arbeidslivet profilerer verdiar som går vidare enn kortsiktige effektivitetsomsyn, kan dei risikera ikkje berre å tapa i kampen om dei best kvalifiserte kvinnene, men også mennene. Karrierevilkåra til unge menn blir meir og meir like vilkåra til jamaldrande kvinner, og stadig meir forskjellige frå vilkåra til deira eigne fedrar. Det er difor nødvendig at arbeidslivet tek omsyn til nye likestillingsverdiar og samlivsmønster.

Kvinner kan oppleva dobbel diskriminering: både som kvinner og som medlem av minoritetsgrupper. Våre mål og ideal om eit likestilt samfunn gjeld for alle minoritetsgrupper og kulturar.

Sametinget har utarbeidd utkast til handlingsplan for likestilling, som no er til høyring. I utkastet heiter det at likestilling og kvinnepolitiske spørsmål er ei sentral utfordring for det samiske samfunnet. Forslaget drøfter tiltak for å stimulera til utdanning blant unge menn, og vilkåra i primærnæringane med tanke på å gi betre tilhøve for både kvinner og menn.

Deltaking i arbeidslivet og lik representasjon gjeld også våre nye landsmenn og -kvinner. Kvinner med innvandrarbakgrunn er omfatta av måla i innvandrarpolitikken om like høve, rettar og plikter, av intensjonane i likestillingslova og av familiepolitikken. Ordninga med tilskot til likestillingspolitisk opplysningsarbeid blir òg nytta av innvandrarkvinneorganisasjonane. Regjeringa vil arrangera eit miniseminar om innvandrarkvinnene sin situasjon i år.

Det har vore brei politisk semje om at vi skal ha ein familiepolitikk som legg til rette for å kombinera familieliv og arbeidsliv. Mykje er oppnådd, men mykje står òg igjen.

Familiar der begge foreldra er lønstakarar, er no det mest vanlege i Noreg. Dei nordiske landa ligg på topp når det gjeld offentlege familiepolitiske rettar. Arbeidslivet har i mindre grad tilpassa seg denne endringa. Utfordringa ligg i å skapa ordningar der arbeidsliv og familieliv kan balanserast og kombinerast.

Fleire likestillingsforkjemparar hevdar at kontantstøtta vil bidra til å føra kvinnene tilbake til kjøkkenbenken. Eg trur dei tar feil! Sjølv om kontantstøtta aldri var meint å vera ei likestillingspolitisk reform, inneber ho faktisk ei oppvurdering av det omsorgsarbeidet kvinner i stor grad har utført gratis. Vi får ein snever likestillingsdebatt dersom likestilling blir synonymt med kvinners yrkesdeltaking. Kvinner sin rett til å bestemma har vore sentral i likestillingskampen. Det må òg gjelda om kvinner vel annleis enn ein sjølv ville velja. Retten til å velja skal òg gjelda for menn.

Det er ei stor utfordring å få fleire fedrar til å ta meir omsorg for borna sine. Evalueringa av fedrekvoten viser at når far er heime med fødselspermisjon, aukar motivasjonen for å delta meir heime seinare òg. I dag tek sju av ti fedrar med rett til fødselspengar ut fedrekvoten. Det talet kan bli endå høgare. Ettersom mange fedrar ikkje har rett til fødselspengar, trur eg at sjølvstendig rett til fødselspengar vil vera eit viktig tiltak for å få fleire fedrar til å vera meir heime. I dag er far sin rett til fødselspengar knytt til den retten mora har. Regjeringa vil arbeida for at fedrar på sikt får rett til permisjon basert på eige inntektsgrunnlag. Etter mi meining har det å inkludera fedrane i familiepolitikken styrkt familien og betra oppvekstkåra for borna. Utforminga av politikken har vist seg svært viktig for å få til endringar i menn sin måte å vera på.

I dag har småbarnsfamiliane med eitt- og toåringar rett til kontantstøtte, mens barnehagetilbod framleis er eit avgrensa gode. Etterspørselen i mange kommunar er større enn tilbodet. Det er ein føresetnad for Regjeringa at det skal byggast barnehagar slik at dei som ynskjer det, skal få tilbod om det. Gjer vi ikkje det, undergrev vi vår eigen familiepolitikk.

Menn si interesse for likestilling er meir enn ein reaksjon på endringar hos kvinner. I dag handlar likestilling også om likestilling på menn sine premissar. Det er mange eksempel på at menn tar avstand frå stereotype mannsroller. Menn ynskjer å ta del i kvardagslivet til borna. Det kjem m.a. tydeleg fram etter samlivsbrot. Menn markerer òg avstand frå vald mot kvinner, f.eks. ved kampanjen «Det hvite bånd».

Sist haust arrangerte statsministeren og eg konferansen «Nye tider – nye menn?». Målet var å bidra til ein samfunnsdebatt om utviklinga av mannsrollene i samfunnet. Konferansen fokuserte på Kyrkja, Forsvaret og næringslivet.

På nordisk nivå er det òg eit samarbeid om å utvikla mannsrollene. Nordisk Ministerråd har utarbeidd ein handlingsplan for menn og likestilling for åra 1997-2000. Handlingsplanen peikar ut i alt 16 konkrete satsingsområde for dei nordiske landa. Ved Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking er det oppretta ei stilling som koordinator for mannsforsking. Det er eit spennande initiativ som sikkert vil føra til meir merksemd og debatt om mannsrolla. Det norske «nettverk for forskning om menn» fyller elles ti år i år.

Likestillingspolitikken bør også vera med på å førebygga familievald. Då krisesenteret Camilla i Oslo opna i 1978, var kvinnemishandling eit ikkje-tema i den offentlege debatten. Arbeidet med kvinnemishandling ved krisesentra har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for å gjera vald mot kvinner synleg. Nær 2 500 kvinner og nesten 1 900 born søkte tilflukt til krisesentra i 1997.

Her har det også vore ei parallell internasjonal utvikling. FN kom i 1993 fram til semje om ei erklæring om vald, som gjorde sitt til å fokusera på vald mot kvinner. I dag er dette eit tema som står høgt oppe på den internasjonale dagsordenen. FN har utnemnt sin eigen spesialrapportør for vald mot kvinner. Denne vurderer korleis landa og styresmaktene tar fatt i dette problemet. Det er oppretta ei arbeidsgruppe med politisk deltaking frå Justisdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Barne- og familiedepartementet som skal koma med forslag til tiltak mot vald og overgrep mot kvinner. Arbeidsgruppa ser på problemkomplekset i vid forstand, men vil særleg fokusera på valden som skjer i heimen. Som eit ledd i innhenting av kunnskap hadde vi i februar ein idédugnad der ulike ressurspersonar på feltet deltok. Arbeidsgruppa sitt arbeid skal resultera i ein handlingsplan.

Vald i familien er eit problemområde som langt sjeldnare blir trekt fram enn problemet med gatevald. Valdsutøvaren i heimen – som på gata – er som oftast menn, mens ofra er kvinner og born.

Offentlege styresmakter, og særleg barnevernet, har eit stort ansvar for å fylgja opp meldingane frå krisesentra, slik at borna får den hjelpa dei treng. Barne- og familiedepartementet set no i verk fleire tiltak for born i krise, der nokre av tiltaka gjeld born på krisesenter. Mellom anna skal det startast eit modellforsøk, som skal sjå på samarbeidsformer mellom krisesentra og barnevernet.

Det er alvorleg at mange kvinner er utsette for eller truga av vald, overgrep og trakassering i samfunnet vårt. Det er ein klar samanheng mellom slike opplevingar og dårleg helse.

Hausten 1997 oppnemnde Regjeringa eit utval som i januar 1999 la fram rapporten «Kvinners helse i Norge». Rapporten er også ein del av Noreg sine internasjonale plikter til oppfølging av Beijing-konferansen.

Utgreiinga viser at kvinners helse i Noreg gjennomgåande er god. Kvinner i Noreg lever lenge samanlikna med kvinner i mange andre land, og lenger enn menn i alle andre land. Mange kvinner har gode føresetnader for bra helse. Noreg byr på velutvikla helsetenester og gratis, god svangerskapsomsorg og fødselshjelp. Men rapporten viser at kunnskapsgrunnlaget, regelverk og praksis ofte bygger på ei uskriven mannleg norm. Medisinsk forsking utelèt kvinner i kliniske forsøk og lèt menn sine normalverdiar gjelda òg for kvinner. Arbeidshelsetiltak fokuserer tradisjonelt på farlege stoff og kraftig støy, og mindre på monotone muskelplager, stress og kjensleplager i omsorgssektoren.

Utgreiinga viser dessutan at kvinner bruker helsetenesta på ein annan måte enn menn, og gir oftare uttrykk for at helsevesenet ikkje tar dei på alvor. Menn set premissar for behandling, sjølv av kvinnesjukdommar.

Internasjonalt opplever vi ein urovekkande auke i handel med kvinner. Regjeringa ser no nærmare på dette. Gjennom deltaking i FN, EØS-avtalen, Europarådet og nasjonale og internasjonale konferansar får vi informasjon og kan bidra til samarbeid mot handel med kvinner. Regjeringa ynskjer å utvikla ein tiltaksplan knytt til norske forhold og erfaringar. Mitt utgangspunkt er at vi ikkje ynskjer prostitusjon i eit likestilt samfunn. Vi må i hovudsak sjå på kva som held prostitusjonen oppe: feminisering av fattigdommen, m.a. i Russland, bakmenn som har økonomisk gevinst av å organisera prostitusjon og handel med kvinner, og horekundane.

Likestilling er eit spørsmål om verdiar – ikkje berre om pengar. Vi må oppvurdera kvinner sine verdiar og kvinner sitt arbeid, og menn må få plass i likestillingsdiskusjonen på eigne premissar. Vi står ved eit vegskilje, der vi går inn i eit nytt årtusen og skal legga premissane for framtida.

Likestillingsarbeidet i framtida må legga til rette for livsvilkår som gjer at både kvinner og menn tar i bruk kreftene sine og potensialet sitt, offentleg som privat. Dei må kunna delta som likeverdige partar med likt ansvar i arbeidslivet, politikken og i omsorga for borna og for kvarandre.

Presidenten: Presidenten foreslår at barne- og familieministerens redegjørelse om likestillingspolitikk legges ut til behandling i et senere møte – og anser det som vedtatt.