Vedlegg 2

Brev fra Kommunal- og arbeidsdepartementet til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert 28. november 1996.

Ot.prp.nr.3 (1996-1997) om lov om endringar i lov 1 mars 1985 nr 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

       Eg viser til spørsmål framsette av Dagny Gärtner Hovig på telefon. Eg har desse merknadene til spørsmåla:

1

       Postverket har opplyst at frå og med 1 desember 1996 vil det offisielle namnet vere « Posten Norge BA ». Det nye namnet bør nyttast i lovvedtaket.

2

       Ved tidlegare val har departementet gjennom rundskriv oppfordra kommunane til å gjennomføre førehandsrøysting på institusjonane nær opp til valdagen. Sjølv om ein tar i mot førehandsrøystene den siste veka før valet, vil det alltid være nokre veljarar som ikkje får førehandsrøyste fordi dei blir innlagt i løpet av dei siste dagane før valdagen. I sær har dette ramma pasientar som blir omgåande innlagt. Veljarar som blir sjuke og sengeliggjande heime etter at fristen for å søke om å få røyste heime (ambulerande røystemottak) går ut tysdagen før valdagen, vil ha det same problemet. Eg ser ikkje bort frå at denne gruppa veljarar er vel så stor. Innan begge disse gruppene blir nokre veljarar hjelpte av at det er mogleg å røyste på utsida av vallokalet på valdagen. I disse tilfella kjem to medlemmer av røystestyret ut, f.eks til ein bil som veljaren sitter i, og hentar røystegjevinga.

       Innføring av postrøysting vil ikkje løyse dette problemet. Det vil i prinsippet bli det same. Postrøysting på institusjonar skal sjølvsagt leggjast så seint i førehandsrøysteperioden som mogleg.

3

       Dersom det blir mogleg å førehandsrøyste også siste fredag før valdagen, kan Postverket ikkje garantere at førehandsrøystene frå heile landet kjem fram til rett valstyre før valdagen. Det vil si at det ikkje blir mogleg å krysse av for alle dei avgitte førehandsrøystene i manntalet før valdagen. Det vil i så fall bli mogleg å røyste ein gong på førehand og ein gong på valtinget. Valtingsrøysta vil bli lagt i valurna og det er ikkje mogleg å finne denne att og forkaste den. Den einaste måten å hindre at ein veljar får høve til å røyste to gonger, er å legge til side dei førehandsrøystene som det ikkje blir kryssa av for, vente til alle vallokala er stengt på valdagen, sjekke om veljaren har røysta på valdagen og i så fall forkaste førehandsrøysta. Det vil si at førehandsrøysta til disse veljarane i realiteten ikkje blir endeleg. Denne oppgjersregelen må i så fall lovfestast i § 47.

       Etter mitt syn vil dette føre til forskjellshandsaming av veljarane. Dei som røyster siste dagen i førehandsrøysteperioden, får høve til å røyste på nytt. Mens dei som røyster på førehand tidleg i perioden, utan å ha fått med seg hele valkampen, ikkje får høve til å røyste på nytt.

       Eg trur heller ikkje det blir lett å nå fram med informasjon om at det blir tatt i mot førehandsrøyster til og med fredag, men at veljaren likevel ikkje bør røyste seinare enn torsdag.

       I tillegg vil ei ordning der valstyret skal foreta prøving og godkjenning av førehandsrøystene både før og etter valtinget, medfører at valoppgjeret blir meir komplisert enn det er etter gjeldande regler i vallova. Det vil også komplisere føringa av valboka.

       Alt i alt vil ein regel om at førehandsrøysteperioden varar til og med fredag, medføre forskjellshandsaming av veljarane og gjere valoppgjeret meir komplisert. Eg vil ikkje anbefale at ei slik ordning blir vedtatt.

Avsluttande merknad

       I samband med førehandsrøystinga må ein veie mot kvarandre to ulike omsyn:

- Det eine er ønsket om at veljarane skal kunne førehandsrøyste heilt fram til valdagen.
- Det andre er ønsket om at førehandsrøystene skal vere endelege, slik at valoppgjeret kan avsluttast tidlegare. I dag er det ikkje mogleg å ta vare på begge omsyna.

       Dagens ordning er førehandsrøysting heilt fram til valdagen. Dette vil seie at førehandsrøystene ikkje er endelege, noko som skyldast at ein ikkje rekk å krysse av i manntalet, for dei veljarane som har førehandsrøysta, før røystinga tar til på valtinget på valdagen. Regjeringa sitt forslag i proposisjonen er å gjere førehandsrøystinga endeleg, noko som krev at torsdag blir siste frist for førehandsrøysting.

       Eg vil streke under at denne problemstillinga ikkje er knytt til postrøystereforma. Kommunane har i løpet av dei siste 10-15 åra i mange samanhenger tatt opp spørsmålet om å gjere førehandsrøystene endelege. Begge ordningane kan gjennomførast uavhengig av om det er kommunane eller Postverket som har ansvaret for førehandsrøystinga. Det er mao ikkje noko i vegen for at dagens ordning kan førast vidare sjølv om Postverket tek over ansvaret.