Vedlegg 3

Brev fra Kommunal- og arbeidsdepartementet til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert 20. november 1996.

Ot.prp.nr.3 (1996-1997) om lov om endringar i lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

       Eg viser til til kontroll- og konstitusjonskomiteen sitt brev av 3. november 1996 samt notat av 1. november frå Stortinget sitt kontor.

       « I framlegget § 26 nr. 3 har det oppstått ein feil i trykkinga. Første ledd første punktum er gjenteke som nytt siste ledd nr. 3.

       I framlegget står « § 30 nytt andre skal lyde: » Det skal stå « § 30 nytt andre ledd skal lyde: ».

       I framlegget § 49 første ledd andre punktum har ordet « pakke » falle ut. Det skal stå: « Valgstyret skal deretter omgående sende i forseglet pakke til Stortingets kontor...osv ».

       Framlegget til endring i § 42 har falle heilt ut. Det skal vere med eit framlegg om at § 42 siste ledd siste punktum fell bort. Det framgår av samanhengen at denne setninga blir meningslaus dersom heile § 43 fell bort. »

       Merknaden til § 27 første ledd kjem ikkje ved første punktum men fjerde punktum.

       I merknadene til § 34 begynner andre avsnittet med ordet « Veljaren ». Det er feilskrift for « Røystmottakeren ». »

       « I dei kommunane der det har vore aktuelt, har valstyret nemnt opp røystmottakarar til å ta imot førehandsrøyster i fengsel og militærleirar med heimel i § 32 bokstav a, jf. § 33 første ledd første punktum. Etter framlegget § 32 bokstav a kan Postverket nemne opp røystmottakarar til å ta imot førehandsrøyster også i fengsel og militærleirar. Fordi postrøystinga vil gjøre det lettare å førehandsrøyste, er det usikkert om det er behov for å ta imot førehandsrøyster i militærleirar. Dersom det syner seg å bli behov, vil departementet gi ei utfyllande føresegn med heimel i framlegg II som gir lov til å ta imot førehandsrøyster i militærleirar. I det høve bør forslag om utviding av lovregelen leggjast fram før neste val. »

       « I framlegget § 33 tredje ledd første punktum og fjerde ledd visast det til § 33 første ledd femte punktum. Dette er ei feilskrift for andre ledd sjette punktum. »

       « Tilvisninga kan få ein til å tru at departementet vil avgrense Postverket sin rett til å ta imot førehandsrøyster til slike institusjonar som er nemnde i andre ledd sjette punktum. Det har ikkje vore meininga. Dersom tilvisinga vert sløyfa, går det fram at Postverket kan ta imot førehandsrøyster på institusjonar generelt, herunder fengsel. »

       Stortinget sitt kontor føreslår ei anna løysing som, etter departementet sitt syn, opnar for at kommunane kan avgjere at Postverket skal ta imot røyster kvar det skal vere i kommunen, ikkje berre på institusjonar. Dette vil gjere postrøystinga meir omfattande og langt dyrare enn tenkt. Dei førehandsrøystene som Postverket skal ta imot utanfor postkontora og landpostrutane, er særs dyre røyster.

       « I omtalen av korleis ein tar imot førehandsrøyster utanriks, i framlegget § 34, har omtalen av at røystmottakaren gir veljaren ein omslagskonvolutt og at veljaren legg røystesetelkonvolutten oppi og klistrer att omslagskonvolutten, falle bort. I tillegg har § 34 nr. 3 andre ledd ved ein feil delt seg i eit andre og eit tredje ledd. Føresegnene i § 34 får betre samanheng og meir logisk oppbygning dersom § 34 nr. 3 andre ledd første og andre punktum blir formulert som følgjer:

       « Når forhåndsstemmegivningen foregår etter § 32 bokstav b-f, gir stemmemottakeren velgeren en omslagskonvolutt. I denne legger velgeren selv stemmeseddelkonvolutten og velgeren kleber selv igjen omslagskonvolutten ».

       Den delen av nr. 3 andre ledd første punktum som kjem etter komma i framlegget, skal vere tredje punktum og begynne med ordet « deretter ». Det vil seie: « Deretter skal stemmemottakeren påføre omslagskonvolutten velgerens fulle navn ... ». Framlegget nr. 3 andre til femte punktum skal vere fjerde til sjuande punktum. Framlegget nr. 3 tredje ledd andre punktum skal styrkast og framlegget nr. 3 tredje ledd første punktum skal vere siste punktum i nr. 3 andre ledd.

       Departementet er samd i at § 34 nr. 3 andre ledd framleis skal ha ei tilvising til nr. 3 andre ledd andre punktum i samsvar med framlegget til Stortinget sitt kontor. »

       Stortinget sitt kontor held fram at veljarar som førehandsrøystar utanriks framleis bør skrive under på at dei « vil være forhindret fra å møte personlig på valgtinget ». Departementet meiner det ikkje vil vere rett å setje meir omfattande vilkår for ein veljar for å få førehandsrøyste utanriks enn innanriks. Dersom veljaren ikkje vil eller ikkje kan skrive under, får han ikkje førehandsrøyste.

       Sjølv om veljaren etter gjeldande ordning må skrive under, har valstyret ikkje heimel til å forkaste førehandsrøysta sjølv om det syner seg at veljaren hadde høve til å røyste på valgtinget. Å kontrollere om veljaren fekk høve til å møte på valgtinget, er ikkje mogleg for valstyret.

       Erklæringa om at veljaren « vil være forhindret fra å møte personlig på valgtinget » står ikkje trykt på omslagskonvolutten. Få veljarar er seg bevisste at dei skriv under på ei erklæring. Spørsmålet er om det da er rett å krevje at veljaren skriv under erklæring for å få førehandsrøyste.

       Nokre veljarar ynskjer å førehandsrøyste fordi dei ikkje veit om dei får høve til å møte på valdagen og vil vere på den trygge sida. Andre ynskjer å førehandsrøyste fordi det er mest praktisk. Når slike veljarar må skrive under ei erklæring og er seg bevisste den lovnaden dei gir, kan ein ikkje sjå bort frå at dei lar vere å førehandsrøyste og heller ikkje får røyst på valdagen. Dette er ikkje i samsvar med målet om størst mogleg deltaking i valet.

       « Som Stortinget sitt kontor peikar på, m.a. i omtala av § 34 nr. 6 og 7, er det ikkje teke med framlegg i proposisjonen om å lovfeste alle rutinane for handtering av valurner, listeføring og sending av førehandsrøyster hos Postverket. Lovfesting er ikkje naudsynt fordi departementa kan instruere statlege etatar som Postverket dersom postrøysting vert vedteke av Stortinget. Departementet kan ikkje sjå at lovfesting av interne rutinar har særleg informasjonsverdi for allmenta. Dei rutinane som gjeld i møtet mellom veljarane og Postverket bør lovfestast, som føresegnene i § 34 nr. 2 og 3.

       Departementet meiner at det ikkje er naudsynt å lovfeste at førehandsrøystene skal påførast tids- og stadnemning. »

       Gjeldande § 34 nr. 7 første ledd pålegg røystmottakar oppnemnte av valstyret å føre liste over veljarar som røyster hos han og som har røysterett i kommunen. Nr. 7 andre ledd pålegg røystemottakaren å føre ei anna liste over veljarar som røyster hos han men som ikkje har røysterett i i den kommunen der han røyster. Førsegna regulerer ikkje listeføringa til røystmottakarar utanriks, på Svalbard og Jan Mayen. Men den militære sjefen på Jan Mayen, sysselmannen og dei tilsette på utanriksstasjonane er statlege tjenestemenn og kan instruerast. Når departementet oppnemner røystemottakarar etter § 32 bokstav c ( « eller den Kongen bestemmer »), vil departementet gjennom oppnemninga gi føresegner om røystemottaking, jf. heftet « Veiledning for stemmemottakere ved forhåndstemmegivning utenriks og på Svalbard og Jan Mayen » for stortingsvalet og sametingsvalet 1993 side 16 om føring av særskilt liste.

       Eg er ikkje nøgd med så mange feil i en proposisjon, og skal gjere det eg kan for at det ikkje gjentek seg.