Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endringar i lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og i visse andre lover. (Endringar i lønnsgarantiordninga m.m.)

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 45 (1997-1998)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 38 (1997-98)
  • Dato: 02.04.1998
  • Utgiver: kommunalkomiteen
  • Sidetall: 6

1. Samandrag

1.1 Innleiing

       Kommunal- og regionaldepartementet fremjer i proposisjonen forslag til endringar i lønnsgarantiordninga. Formålet med ordninga er å sikre at arbeidstakarane får dekt lønnskrava sine og andre økonomiske krav i mest mogleg rett tid dersom arbeidsgivaren går konkurs.

       Siste lovrevisjon på dette området var i 1992, og eit hovudelement var at grunnvilkåret for å få lønnsgarantidekning blei endra, ved at det no krevst at det er opna konkurs i verksemda til arbeidsgivaren (eller offenleg skifte av insolvent dødsbu eller avvikling av insolvent selskap i medhald av aksjelova). Arbeidstakarar som krev arbeidsgivaren konkurs på grunn av manglande lønnsutbetaling, er fritekne frå å stille trygd for kostnadene ved skiftebehandlinga.

       For å kunne rette opp moglege utilsikta verknader av dei lovendringane som blei innførte i 1992, har departementet no gjennomført ei evaluering av lønnsgarantiordninga. Departementet har også nytta høvet til å ta opp ein del andre spørsmål som har skapt vanskar i samband med praktiseringa av regelverket. Dei røynslene skifterettane har hausta etter omlegginga, har vore sentrale ved vurderinga av endringane.

       Våren 1996 blei det sendt ut på ei brei høyring eit høyringsnotat med forslag om endringar i lønnsgarantiordninga. I proposisjonen er det gjort nærare greie for forslaga i høyringsnotatet og innkomne fråsegner.

1.2 Statleg garanti for arbeidstakarane sitt rekvirentansvar m.m.

       Departementet føreslår ei presisering i rettsgebyrlova (§ 17 første ledd nytt fjerde og femte punktum). Siktemålet med endringa er å sikre at arbeidstakarar med uteståande lønnskrav hos ein insolvent arbeidsgivar skal kunne oppfylle føresetnaden i lønnsgarantilova om konkursopning hos arbeidsgivaren utan risiko for å bli påført kostnader.

       Nytt fjerde punktum gjer eit unntak frå hovudregelen om at dersom konkursforhandling eller gjeldsforhandling blir avslått eller trekt tilbake, skal det betalast eit beløp tilsvarande tre gonger rettsgebyret. Dersom kravet om konkurs blir trekt, avvist, avslått eller ikkje teke stilling til, blir ikkje gebyrplikta utløyst dersom konkursrekvirenten er ein arbeidstakar som krev arbeidsgivaren konkurs som følgje av manglande utbetaling av lønn o.a. Femte punktum opnar for at skifteretten likevel kan ileggje arbeidstakaren gebyr dersom kravet om konkurs er fremja for å skade arbeidsgivaren, eller det elles er sett fram utan sakleg grunn.

1.3 Offentleg administrasjon av bankar og forsikringsselskap

       Bankar og forsikringsselskap kan ikkje bli slått konkurs, og fell dermed utanfor lønnsgarantiordninga. Dei blir sette under offentleg administrasjon dersom dei ikkje er i stand til å gjere opp for seg etter kvart som økonomiske krav forfell. Departementet meiner at det ikkje er nokon avgjerande grunn til å stille arbeidstakarar i bankar og forsikringsselskap i ein mindre gunstig situasjon i forhold til lønnsgarantien enn andre arbeidstakarar.

       Endringa som vert foreslått i § 1 første ledd andre punktum utvidar området for lønnsgarantiordninga til også å gjelde forsikringsselskap og bankar som blir sette under offentleg administrasjon. I punkt V i lovforslaget blir endringa også teke inn i aksjeselskapslova som trer i kraft 1. januar 1999.

       I nytt andre punktum er reglane i dekningslova kapittel 9 utvida til også å gjelde for bankar og forsikringsselskap under offentleg administrasjon, så langt dei passar. Bakgrunnen for denne avgrensinga er at reglane i dekningslova ikkje alltid kan brukast direkte ved offentleg administrasjon. I nytt tredje punktum blir det presisert at fristdagen i forhold til reglane i dekningslova er den dagen det blei gjort vedtak om offentleg administrasjon.

1.4 Overdraging av krav før konkursopning

       Etter lønnsgarantilova § 1 fjerde ledd fell statsgarantien bort dersom arbeidstakaren overdreg krava før konkursopninga. Garantien fell også bort dersom tredjemann før konkursopninga på annan måte trer inn i krav mot arbeidsgivaren etter å ha løyst inn eller dekt krav frå arbeidstakaren. Regelen blei innført i 1992, og siktemålet var mellom anna å hindre at lønnsgarantiordninga blei brukt som ein driftsgaranti for bedriftene ved at bankar eller andre kredittinstitusjonar dekte lønna til arbeidstakarane i ein freistnad på å halde verksemda i live.

       Departementet føreslår at ordlyden i regelen (etter forslaget § 1 nytt femte ledd tredje punktum) blir presisert slik at det klart går fram at han ikkje skal gjerast gjeldande dersom ei offentleg styresmakt tek over krav frå ein arbeidstakar før konkursopning. Regelen skal heller ikkje gjerast gjeldande dersom andre tek over eller trer inn i kravet og det er openbert at det ikkje skjer som ledd i ein skjult driftskreditt eller med tanke på annan misbruk av lønnsgarantiordninga.

1.5 Lønnsgarantilova § 7

       Departementet gjer framlegg om at første og andre ledd vert oppheva. Her går det fram at hovudregelen er at arbeidstakarar som har fått lønnsgarantidekning, ikkje kan få ny dekning i dei tre neste åra for krav mot verksemder som det i det vesentlege er dei same eigarinteressene som står bak.

       Regelen har mellom anna vist seg vanskeleg å praktisere, og det er også eit spørsmål om han er i samsvar med EØS-avtalen på dette området. I 1992 kom det ein ny regel som skal ramme misbruk, i eit nytt tredje ledd. Denne regelen må reknast for å vere tilstrekkeleg.

       I tredje ledd er det føreslått ei presisering om at regelen må vere å forstå som ein generell misbrukregel, og at han er meint å ramme ulike former for misbruk av lønnsgarantiordninga.

1.6 Frådrag for andre inntekter

       Departementet føreslår i dekningslova § 9-3 eit nytt nr. 1 femte ledd der det går fram at ein frå arbeidstakaren sitt krav med førerett skal trekkje andre inntekter som arbeidstakaren har hatt i det same tidsrommet, både før og etter fristdagen. Denne frådragsretten får berre verknad når det gjeld føreretten for fordringa. Regelen tek sikte på å hindre at arbeidstakarar hos ein arbeidsgivar som har gått konkurs, får meir utbetalt i lønn og lønnsgarantimidlar enn dei ville ha fått dersom arbeidsgivaren ikkje hadde gått konkurs.

1.7 Forfallstid som avgrensing av føreretten og lønnsgarantidekninga

       Departementet føreslår å utvide dekningsområdet for lønnsgarantiordninga slik at krav som forfell innanfor ein periode på fire månader før fristdagen - i staden for tre månader som gjeld i dag - kan bli dekte. Endringsforslaget gjelder § 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd i dekningslova. Departementet meiner det er rimeleg at arbeidstakarane får litt betre tid på seg til å gjennomføre ein prosess mot arbeidsgivaren når det er nødvendig. Dersom arbeidstakarane sjølve vel å krevje arbeidsgivaren konkurs, har dei fire månader på seg til å levere eit krav om konkurs til skifteretten. Det gjer at arbeidstakarane får nok tid til til å undersøkje bakgrunnen for at lønna ikkje blir utbetalt, før prosessen med å krevje konkurs startar opp.

1.8 Dekning av eldre krav

       Departementet foreslår å endre dekningslova § 9-3 første ledd nr. 2 slik at feriepengar som har forfalle seinare enn fire månader før fristdagen, vil bli dekte, sjølv om dei er opptente meir enn 24 månader før fristdagen. Feriepengar som er opptente mindre enn 24 månader før fristdagen, har førerett som tidlegare.

       Som ei følgje av endringa i § 9-3 første ledd nr. 2, der føreretten for feriepengar også er knytt til forfallstida, vil § 9-3 andre ledd bli gjeldande for feriepengar. Det vil seie at krav om feriepengar som er opptente tidlegare enn 24 månader før fristdagen, og der forfallstida for kravet ligg lenger tilbake enn fire månader før fristdagen, vil ha førerett dersom fordringshavaren utan ugrunna opphald etter forfallstida for kravet har sett i verk slike tiltak som lovregelen føreskriv.

1.9 Forskotering av dagpengar

       Etter forskrift av 26. november 1996 (dagpengeforskrifta) § 2-1 forskoterer arbeidsmarknadsetaten dagpengar i påvente av at ein søknad om lønnsgarantidekning skal bli behandla. Arbeidstakaren sitt krav i buet blir redusert med eit beløp som svarer til dagpengeutbetalinga.

       Når lønnsgarantiordninga dekkjer krav frå arbeidstakaren, blir det gjort frådrag for eventuelle forskoterte dagpengar, slik at arbeidstakaren får utbetalt nettobeløpet. Direktoratet for arbeidstilsynet trer så inn i nettokravet frå arbeidstakaren og melder dette i buet. Dersom det er pengar i buet til dekning av lønnskrava, får direktoratet dekt (netto)kravet sitt.

       Departementet føreslår i dekningslova § 9-3 nytt femte ledd andre punktum at forskoterte dagpengar til mottakarar av lønnsgaranti ikkje skal gå til frådrag i dei førsteprioriterte krava frå arbeidstakarane. I utbetalingane til arbeidstakarane skal det likevel framleis trekkjast frå ein sum tilsvarande dei forskoterte dagpengane. Dette fører til at arbeidstakarane som før får utbetalt det dei har til gode, med dei avgrensingane som ligg i lønnsgarantilova. Staten derimot aukar sitt førsteprioriterte krav i konkursen, slik at det blir samsvar mellom staten sine krav i regressomgangen og det beløpet staten samla har utbetalt til arbeidstakarane i dei konkursramma bedriftene. På denne måten får staten tilbakeført eit mykje høgre beløp ved utloddinga av konkursbua enn det som er tilfellet i dag.

1.10 Dekning av utgifter arbeidstakarorganisasjonar har i samband med krav om konkurs ved inndriving av krav om lønn o.a.

       Departementet viser til at etter lønnsgarantilova § 1 andre ledd omfattar garantien krav frå arbeidstakarane om lønn o.a. og moglege renter og kostnader i samband med inndriving av slike krav. Lønnsgarantiforskrifta § 13 opnar for lønnsgarantidekning av kostnader arbeidstakarane har i samband med framsetjing av krav om konkurs. Departementet føreslår ei endring av lønnsgarantilova (§ 1 nytt fjerde ledd) slik at også kostnader som arbeidstakarorganisasjonar har i samband med krav om konkurs kan bli dekte gjennom lønnsgarantiordninga. Departementet føreslår vidare at heimelen for å dekkje kostnader arbeidstakarane har i samband med krav om konkurs, blir flytt frå lønnsgarantiforskrifta til lønnsgarantilova. Vilkåret for dekning er at kravet blir rekna som massefordring etter dekningslova § 9-2, og at konkursbuet sjølv ikkje kan dekkje kravet.

       Den samla utbetalinga gjennom lønnsgarantiordninga til kvar einskild arbeidstakar er etter lønnsgarantilova § 1 tredje ledd avgrensa til tre gonger grunnbeløpet i folketrygda. Departementet føreslår at det blir presisert i lova at kostnader knytte til prosessen med å få opna konkurs hos arbeidsgivaren, ikkje skal reknast med i samband med denne avgrensinga. Dette er i samsvar med praktisering av gjeldande rett.

1.11 Redigering av dekningslova § 9-3 første ledd

       Departementet viser til at feriepengar etter gjeldande lov er omhandla i dekningslova § 9-3 første ledd nr. 1 og 2. Departementet føreslår ei omredigering av dette leddet slik at nr. 1 gjeld lønn og anna arbeidsvederlag, medan nr. 2 gjeld feriepengar. For å gjere det heile meir oversiktleg føreslår departementet også at regelen om førerett for lønn o.a. i oppseiingstida blir flytt til eit eige ledd (§ 9-3 første ledd nr. 1 nytt fjerde ledd).

1.12. Økonomiske og administrative konsekvensar

       Departementet reknar ikkje med at forslaga til endringar i lønnsgarantilova, dekningslova osv. vil gi særleg store utslag i utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga eller i det administrative omfanget.

       Med omsyn til utviding av dekningsperioden frå tre til fire månader før fristdagen, reknar departementet med at meirutgiftene blir på 3-4 mill. kroner. Andre meirutgifter reknar ein med kjem på maksimalt kr  640.000 pr. år til saman. Forslaget om at det ikkje skal gjerast frådrag for utbetalte dagpengar i dei prioriterte lønnskrava til ein arbeidstakar når fordringa blir meld i konkursbuet, inneber laust rekna ei tilbakeføring til staten i storleiksorden 5 mill. kroner.

       Forslaga sett under eitt gir tilsynelatande staten ei netto innsparing. Departementet understrekar likevel at alle utrekningar er overslag som byggjer på usikkert grunnlag. Poenget i denne samanhengen er at endringsforslaga ikkje kjem til å få vesentlege konsekvensar totalt sett, korkje administrativt eller økonomisk.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, leiaren Sylvia Brustad, Aud Gaundal, Leif Lund, Bjørnar Olsen og Signe Øye, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, frå Kristeleg Folkeparti, Olaf Gjedrem og Ivar Østberg, frå Høgre, Sverre J Hoddevik og Erna Solberg, frå Senterpartiet, Morten Lund og frå Sosialistisk Venstreparti, Helge Bjørnsen, har merka seg at Ot.prp.nr.38 (1997-1998) framstår som ei justering etter ein meir omfattande lovrevisjon i 1992. Komiteen ser at endringsforslaga bygger på innhenta evalueringsgrunnlag. Komiteen har merka seg at endringsforslaga reint økonomisk kan resultere i eit null-sum-spel for staten, og at det berre vert gjort mindre endringar i forhold til den betydelege innstramminga frå 1992.

       Komiteen har merka seg at Maskinentreprenørenes Forbund og NHO har motførestellingar til å ta bort « karensregelen » i § 7 første og annet ledd. Komiteen tolkar Regjeringa slik at nemnde ledd i noverande lov vil vera uforeinleg med EØS-avtalen. På dette grunnlag sluttar komiteen seg til Regjeringa sitt forslag om endring av § 7.

       Komiteen har vidare merka seg at m.a. Landsorganisasjonen har ynskt ei presisering i høve til foreldingstidsfristen for lønnskrav slik det går fram av dekningslova § 9-3 andre ledd. Komiteen vil presisere at nemnde unntak i visse høve skal omfatte lønnskrav der forfallstida ligg lenger attende i tid enn fire månader før fristdagen. Dersom konflikt om tolking av tariffavtale har ført til manglande utbetaling av lønn, vil forhandlingar og eventuell stemning etter reglane i lov og avtaleverk vere eit grunna opphald, dersom korrekt sakshandsaming har vorte gjennomført. Det er ein føresetnad at det vert utvist aktivitet gjennom heile prosessen. Det vil ikkje vere tilstrekkjeleg at arbeidstakar har starta ein prosess for å løyse konflikta, t.d. ved å ta kontakt med fagforeininga si, dersom ikkje prosessen vert aktivt vidareført.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til LOs høringsuttalelse og til at siste lovrevisjon endret grunnvilkåret for lønnsgarantiordningen, slik at det nå kreves at det åpnes konkurs i virksomheten. Utbetalingen til ordningen har gått merkbart ned.

       I og med at lønnsgarantiordningen ikke yter sosial stønad i vanlig forstand, men kun sikkerhet for allerede opptjente rettigheter, kan reduksjonen i utbetalingene bety at kostnadene ved insolvens i realiteten overføres fra staten til den enkelte arbeidstaker. Slike utslag av endret lovgivning er ikke ønskelige og dette medlem fremmer derfor forslag om at § 1 første ledd endres slik at lønnsgarantidekning også gis når driftsstans pga. insolvens er dokumentert.

       Dette medlem fremmer følgende forslag til endring av lønnsgarantiloven:

« § 1 første ledd første punktum skal lyde:

       For betaling av krav på lønn og dermed likestilte krav som ikke kan dekkes som følge av konkurs eller driftsstans på grunn av manglende betalingsevne hos arbeidsgiveren, innestår staten etter reglene i denne lov. »

       Dette medlem vil bemerke at det er positivt med en utvidelse av garantiansvaret for lønnskrav opptjent forut for arbeidsgivers konkurs fra 3 til 4 måneder i § 9-3, men vil påpeke at dette kan være for kort tid. For å ha tilstrekkelig tid til å vurdere situasjonen grundig og seriøst, ville det være en fordel å ha en lengre frist. Tidspresset for å reise sak bør reduseres.

       Dette medlem vil også peke på at ved å oppfylle de plikter som gjelder etter lov og avtaleverk ved behandling av tarifftvister, kan fristene i lønnsgarantiordningen oversittes.

       Dette medlem foreslår derfor følgende endring av dekningsloven:

« § 9-3 andre ledd skal lyde:

       Fordringer som nevnt i første ledd, har fortrinnsrett selv om forfallstiden ligger lenger tilbake enn seks måneder før driftsstansens inntreden eller konkursåpningen dersom fordringshaveren uten ugrunnet opphold:

1. har søkt fordringen inndrevet, men ikke har nådd å skaffe seg utlegg som boet må respektere, eller
2. har tatt skritt som nevnt i konkursloven § 63 for å få åpnet konkurs i skyldnerens virksomhet, men ikke innen seks måneder etter forfallstid har nådd å fremsette konkursbegjæringen som blir tatt til følge.»

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

       I lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. gjøres følgende endring:

§ 1 første ledd første punktum skal lyde:

       For betaling av krav på lønn og dermed likestilte krav som ikke kan dekkes som følge av konkurs eller driftsstans på grunn av manglende betalingsevne hos arbeidsgiveren, innestår staten etter reglene i denne lov.

Forslag 2

       I lov av 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) gjøres følgende endring:

§ 9-3 andre ledd skal lyde:

       Fordringer som nevnt i første ledd, har fortrinnsrett selv om forfallstiden ligger lenger tilbake enn seks måneder før driftsstansens inntreden eller konkursåpningen dersom fordringshaveren uten ugrunnet opphold:

1. har søkt fordringen inndrevet, men ikke har nådd å skaffe seg utlegg som boet må respektere, eller
2. har tatt skritt som nevnt i konkursloven § 63 for å få åpnet konkurs i skyldnerens virksomhet, men ikke innen seks måneder etter forfallstid har nådd å fremsette konkursbegjæringen som blir tatt til følge.

4. Komiteen si tilråding

       Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og det som står foran og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og i visse andre lover. (Endringar i lønnsgarantiordninga m.m.)

I.

I lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. gjer ein desse endringane:

§ 1 skal lyde:

       For betaling av krav på lønn og dermed likestilte krav som ikke kan dekkes på grunn av konkursåpning hos arbeidsgiveren, innestår staten etter reglene i denne lov. Det samme gjelder når forsikringsselskap eller bank settes under offentlig administrasjon og ved offentlig skifte av insolvent dødsbo og insolvent selskap som avvikles i medhold av aksjeloven § 13-2.

       Garantien omfatter forfalte krav på lønn og annet vederlag for arbeid i tjenesteforhold, herunder feriepenger, krav på arbeidsgiver for pensjon og tapt arbeidsvederlag, samt mulige renter og kostnader ved inndriving av slike krav. Garantien omfatter også kostnader som en arbeidstakerorganisasjon har i forbindelse med inndriving av en arbeidstakers krav.

       Kravene dekkes av garantien i den utstrekning de har fortrinnsrett etter kapittel 9 i lov om fordringshavernes dekningsrett, dog begrenset i det enkelte tilfelle til et beløp som svarer til tre ganger folketrygdens grunnbeløp på fristdagen. For banker og forsikringsselskaper under offentlig administrasjon gjelder bestemmelsene i dekningsloven kapittel 9 tilsvarende så langt de passer. Som fristdag regnes den dagen vedtak om offentlig administrasjon ble truffet.

       Garantien omfatter i tillegg rimelige omkostninger arbeidstaker eller en arbeidstakerorganisasjon har i forbindelse med konkursbegjæringen. Kravene dekkes i den utstrekning de er massefordringer etter dekningsloven § 9-2 første ledd nr. 2, og boet selv ikke har midler til å dekke dem.

       Overdrar arbeidstakeren krav som nevnt i denne paragraf før konkursåpningen, bortfaller statsgarantien. Det samme gjelder hvis tredjemann før konkursåpningen på annen måte trer inn i krav mot arbeidsgiveren etter å ha løst inn eller dekket arbeidstakerens krav. Garantien bortfaller likevel ikke dersom offentlig myndighet trer inn i kravene. Garantien bortfaller heller ikke dersom andre overtar eller trer inn i kravet og det er åpenbart at det ikke skjer som ledd i en skjult driftskreditt eller annet misbruk av lønnsgarantiordningen.

§ 7 skal lyde:

       Arbeidstakere som tar arbeid for en arbeidsgiver som de vet eller burde vite er ute av stand til å dekke de løpende lønnsforpliktelser, kan nektes dekning. Dekning kan også nektes dersom arbeidstakerne vet eller burde vite at forutsetningen for et ansettelsesforhold eller ansettelsesvilkår eller endring i en arbeidsavtale er at krav helt eller delvis skal dekkes over statsgarantien.

II.

I lov av 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkurslova) gjer ein denne endringa:

§ 78 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:

       Dersom det er arbeidstakere i skyldners virksomhet, skal bostyrer også gi melding til arbeidskontoret i det distrikt skyldneren holder til om konkursen og om hvilke arbeidstakere som har krav i boet.

III.

I lov av 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) gjer ein desse endringane:

§ 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd første punktum skal lyde:

       Fordringens forfallstid må ikke ligge lenger tilbake enn fire måneder før fristdagen.

§ 9-3 første ledd nr. 1 noverande tredje ledd femte punktum blir nytt fjerde ledd og skal lyde:

       Fortrinnsretten omfatter ikke lønn og annet arbeidsvederlag for oppsigelsestid utover de oppsigelsesfrister som følger av arbeidsmiljøloven § 58 nr. 1-4, med mindre lengre oppsigelsesfrist følger av tariffavtale som er inngått tidligere enn seks måneder før fristdagen.

§ 9-3 første ledd nr. 1 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd og skal lyde:

       Fortrinnsretten omfatter bare det som overstiger annen inntekt som fordringshaveren har hatt i samme tidsrom, i den utstrekning den kommer istedenfor inntekt i skyldnerens tjeneste. Utbetalte dagpenger under arbeidsløyse etter folketrygdloven kapittel 4 regnes i denne forbindelse ikke som annen inntekt. Offentlig myndighet kan kreve utbetalte dagpenger tilbakebetalt av boet med samme fortrinnsrett som kravet de trer i stedet for.

§ 9-3 første ledd nr. 2 skal lyde:

       Fordring på opptjent feriegodtgjøring for inntil 30 måneder som tilkommer arbeidstaker som ikke omfattes av nr. 1 a-e. Fordringen må ikke være opptjent lenger tilbake enn 24 måneder før fristdagen, med mindre fordringens forfallstid ikke ligger lenger tilbake enn fire måneder før fristdagen. Feriegodtgjøring av fordring på lønn eller annet arbeidsvederlag dekkes bare i den utstrekning fordringen har prioritet etter nr. 1 annet, fjerde og femte ledd. For feriegodtgjøring av fordring på lønn og annet arbeidsvederlag opptjent etter fristdagen, må fordringen også ha prioritet etter nr. 1 tredje ledd annet punktum.

§ 9-3 andre ledd skal lyde:

       Fordringer som nevnt i første ledd, har fortrinnsrett selv om forfallstiden ligger lenger tilbake enn fire måneder før fristdagen dersom fordringshaveren uten ugrunnet opphold:

1) har søkt fordringen inndrevet, men ikke har nådd å skaffe seg utlegg som boet må respektere, eller
2) har tatt skritt som nevnt i konkursloven § 63 for å få åpnet konkurs i skyldnerens virksomhet, men ikke innen fire måneder etter forfallstid har nådd å fremsette konkursbegjæring som blir tatt til følge.

IV.

I lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr gjer ein denne endringa:

§ 17 første ledd nytt fjerde og femte punktum skal lyde:

       En arbeidstaker som på grunn av manglende utbetaling av lønn m.v. har begjært konkurs åpnet hos sin arbeidsgiver, er fritatt for gebyrplikten. Skifteretten kan likevel ilegge 3 ganger rettsgebyret når den finner at arbeidstakeren har fremsatt en konkursbegjæring i den hensikt å skade arbeidsgiver, eller når begjæringen for øvrig er uten saklig grunn.

V.

I lov av 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper skal § 21-3 nr. 30 lyde:

I lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. skal § 1 første ledd andre punktum lyde:

       Det samme gjelder når forsikringsselskap eller bank settes under offentlig administrasjon og ved offentlig skifte av insolvent dødsbo og insolvent selskap som avvikles i medhold av aksjeloven § 16-15 og allmennaksjeloven § 16-15.

VI.

       Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen bestemmer.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 2. april 1998.

Sylvia Brustad, Sverre J Hoddevik, Erna Solberg,
leiar. ordførar. sekretær.