1. Samandrag

1.1 Innleiing

       Kommunal- og regionaldepartementet fremjer i proposisjonen forslag til endringar i lønnsgarantiordninga. Formålet med ordninga er å sikre at arbeidstakarane får dekt lønnskrava sine og andre økonomiske krav i mest mogleg rett tid dersom arbeidsgivaren går konkurs.

       Siste lovrevisjon på dette området var i 1992, og eit hovudelement var at grunnvilkåret for å få lønnsgarantidekning blei endra, ved at det no krevst at det er opna konkurs i verksemda til arbeidsgivaren (eller offenleg skifte av insolvent dødsbu eller avvikling av insolvent selskap i medhald av aksjelova). Arbeidstakarar som krev arbeidsgivaren konkurs på grunn av manglande lønnsutbetaling, er fritekne frå å stille trygd for kostnadene ved skiftebehandlinga.

       For å kunne rette opp moglege utilsikta verknader av dei lovendringane som blei innførte i 1992, har departementet no gjennomført ei evaluering av lønnsgarantiordninga. Departementet har også nytta høvet til å ta opp ein del andre spørsmål som har skapt vanskar i samband med praktiseringa av regelverket. Dei røynslene skifterettane har hausta etter omlegginga, har vore sentrale ved vurderinga av endringane.

       Våren 1996 blei det sendt ut på ei brei høyring eit høyringsnotat med forslag om endringar i lønnsgarantiordninga. I proposisjonen er det gjort nærare greie for forslaga i høyringsnotatet og innkomne fråsegner.

1.2 Statleg garanti for arbeidstakarane sitt rekvirentansvar m.m.

       Departementet føreslår ei presisering i rettsgebyrlova (§ 17 første ledd nytt fjerde og femte punktum). Siktemålet med endringa er å sikre at arbeidstakarar med uteståande lønnskrav hos ein insolvent arbeidsgivar skal kunne oppfylle føresetnaden i lønnsgarantilova om konkursopning hos arbeidsgivaren utan risiko for å bli påført kostnader.

       Nytt fjerde punktum gjer eit unntak frå hovudregelen om at dersom konkursforhandling eller gjeldsforhandling blir avslått eller trekt tilbake, skal det betalast eit beløp tilsvarande tre gonger rettsgebyret. Dersom kravet om konkurs blir trekt, avvist, avslått eller ikkje teke stilling til, blir ikkje gebyrplikta utløyst dersom konkursrekvirenten er ein arbeidstakar som krev arbeidsgivaren konkurs som følgje av manglande utbetaling av lønn o.a. Femte punktum opnar for at skifteretten likevel kan ileggje arbeidstakaren gebyr dersom kravet om konkurs er fremja for å skade arbeidsgivaren, eller det elles er sett fram utan sakleg grunn.

1.3 Offentleg administrasjon av bankar og forsikringsselskap

       Bankar og forsikringsselskap kan ikkje bli slått konkurs, og fell dermed utanfor lønnsgarantiordninga. Dei blir sette under offentleg administrasjon dersom dei ikkje er i stand til å gjere opp for seg etter kvart som økonomiske krav forfell. Departementet meiner at det ikkje er nokon avgjerande grunn til å stille arbeidstakarar i bankar og forsikringsselskap i ein mindre gunstig situasjon i forhold til lønnsgarantien enn andre arbeidstakarar.

       Endringa som vert foreslått i § 1 første ledd andre punktum utvidar området for lønnsgarantiordninga til også å gjelde forsikringsselskap og bankar som blir sette under offentleg administrasjon. I punkt V i lovforslaget blir endringa også teke inn i aksjeselskapslova som trer i kraft 1. januar 1999.

       I nytt andre punktum er reglane i dekningslova kapittel 9 utvida til også å gjelde for bankar og forsikringsselskap under offentleg administrasjon, så langt dei passar. Bakgrunnen for denne avgrensinga er at reglane i dekningslova ikkje alltid kan brukast direkte ved offentleg administrasjon. I nytt tredje punktum blir det presisert at fristdagen i forhold til reglane i dekningslova er den dagen det blei gjort vedtak om offentleg administrasjon.

1.4 Overdraging av krav før konkursopning

       Etter lønnsgarantilova § 1 fjerde ledd fell statsgarantien bort dersom arbeidstakaren overdreg krava før konkursopninga. Garantien fell også bort dersom tredjemann før konkursopninga på annan måte trer inn i krav mot arbeidsgivaren etter å ha løyst inn eller dekt krav frå arbeidstakaren. Regelen blei innført i 1992, og siktemålet var mellom anna å hindre at lønnsgarantiordninga blei brukt som ein driftsgaranti for bedriftene ved at bankar eller andre kredittinstitusjonar dekte lønna til arbeidstakarane i ein freistnad på å halde verksemda i live.

       Departementet føreslår at ordlyden i regelen (etter forslaget § 1 nytt femte ledd tredje punktum) blir presisert slik at det klart går fram at han ikkje skal gjerast gjeldande dersom ei offentleg styresmakt tek over krav frå ein arbeidstakar før konkursopning. Regelen skal heller ikkje gjerast gjeldande dersom andre tek over eller trer inn i kravet og det er openbert at det ikkje skjer som ledd i ein skjult driftskreditt eller med tanke på annan misbruk av lønnsgarantiordninga.

1.5 Lønnsgarantilova § 7

       Departementet gjer framlegg om at første og andre ledd vert oppheva. Her går det fram at hovudregelen er at arbeidstakarar som har fått lønnsgarantidekning, ikkje kan få ny dekning i dei tre neste åra for krav mot verksemder som det i det vesentlege er dei same eigarinteressene som står bak.

       Regelen har mellom anna vist seg vanskeleg å praktisere, og det er også eit spørsmål om han er i samsvar med EØS-avtalen på dette området. I 1992 kom det ein ny regel som skal ramme misbruk, i eit nytt tredje ledd. Denne regelen må reknast for å vere tilstrekkeleg.

       I tredje ledd er det føreslått ei presisering om at regelen må vere å forstå som ein generell misbrukregel, og at han er meint å ramme ulike former for misbruk av lønnsgarantiordninga.

1.6 Frådrag for andre inntekter

       Departementet føreslår i dekningslova § 9-3 eit nytt nr. 1 femte ledd der det går fram at ein frå arbeidstakaren sitt krav med førerett skal trekkje andre inntekter som arbeidstakaren har hatt i det same tidsrommet, både før og etter fristdagen. Denne frådragsretten får berre verknad når det gjeld føreretten for fordringa. Regelen tek sikte på å hindre at arbeidstakarar hos ein arbeidsgivar som har gått konkurs, får meir utbetalt i lønn og lønnsgarantimidlar enn dei ville ha fått dersom arbeidsgivaren ikkje hadde gått konkurs.

1.7 Forfallstid som avgrensing av føreretten og lønnsgarantidekninga

       Departementet føreslår å utvide dekningsområdet for lønnsgarantiordninga slik at krav som forfell innanfor ein periode på fire månader før fristdagen - i staden for tre månader som gjeld i dag - kan bli dekte. Endringsforslaget gjelder § 9-3 første ledd nr. 1 tredje ledd i dekningslova. Departementet meiner det er rimeleg at arbeidstakarane får litt betre tid på seg til å gjennomføre ein prosess mot arbeidsgivaren når det er nødvendig. Dersom arbeidstakarane sjølve vel å krevje arbeidsgivaren konkurs, har dei fire månader på seg til å levere eit krav om konkurs til skifteretten. Det gjer at arbeidstakarane får nok tid til til å undersøkje bakgrunnen for at lønna ikkje blir utbetalt, før prosessen med å krevje konkurs startar opp.

1.8 Dekning av eldre krav

       Departementet foreslår å endre dekningslova § 9-3 første ledd nr. 2 slik at feriepengar som har forfalle seinare enn fire månader før fristdagen, vil bli dekte, sjølv om dei er opptente meir enn 24 månader før fristdagen. Feriepengar som er opptente mindre enn 24 månader før fristdagen, har førerett som tidlegare.

       Som ei følgje av endringa i § 9-3 første ledd nr. 2, der føreretten for feriepengar også er knytt til forfallstida, vil § 9-3 andre ledd bli gjeldande for feriepengar. Det vil seie at krav om feriepengar som er opptente tidlegare enn 24 månader før fristdagen, og der forfallstida for kravet ligg lenger tilbake enn fire månader før fristdagen, vil ha førerett dersom fordringshavaren utan ugrunna opphald etter forfallstida for kravet har sett i verk slike tiltak som lovregelen føreskriv.

1.9 Forskotering av dagpengar

       Etter forskrift av 26. november 1996 (dagpengeforskrifta) § 2-1 forskoterer arbeidsmarknadsetaten dagpengar i påvente av at ein søknad om lønnsgarantidekning skal bli behandla. Arbeidstakaren sitt krav i buet blir redusert med eit beløp som svarer til dagpengeutbetalinga.

       Når lønnsgarantiordninga dekkjer krav frå arbeidstakaren, blir det gjort frådrag for eventuelle forskoterte dagpengar, slik at arbeidstakaren får utbetalt nettobeløpet. Direktoratet for arbeidstilsynet trer så inn i nettokravet frå arbeidstakaren og melder dette i buet. Dersom det er pengar i buet til dekning av lønnskrava, får direktoratet dekt (netto)kravet sitt.

       Departementet føreslår i dekningslova § 9-3 nytt femte ledd andre punktum at forskoterte dagpengar til mottakarar av lønnsgaranti ikkje skal gå til frådrag i dei førsteprioriterte krava frå arbeidstakarane. I utbetalingane til arbeidstakarane skal det likevel framleis trekkjast frå ein sum tilsvarande dei forskoterte dagpengane. Dette fører til at arbeidstakarane som før får utbetalt det dei har til gode, med dei avgrensingane som ligg i lønnsgarantilova. Staten derimot aukar sitt førsteprioriterte krav i konkursen, slik at det blir samsvar mellom staten sine krav i regressomgangen og det beløpet staten samla har utbetalt til arbeidstakarane i dei konkursramma bedriftene. På denne måten får staten tilbakeført eit mykje høgre beløp ved utloddinga av konkursbua enn det som er tilfellet i dag.

1.10 Dekning av utgifter arbeidstakarorganisasjonar har i samband med krav om konkurs ved inndriving av krav om lønn o.a.

       Departementet viser til at etter lønnsgarantilova § 1 andre ledd omfattar garantien krav frå arbeidstakarane om lønn o.a. og moglege renter og kostnader i samband med inndriving av slike krav. Lønnsgarantiforskrifta § 13 opnar for lønnsgarantidekning av kostnader arbeidstakarane har i samband med framsetjing av krav om konkurs. Departementet føreslår ei endring av lønnsgarantilova (§ 1 nytt fjerde ledd) slik at også kostnader som arbeidstakarorganisasjonar har i samband med krav om konkurs kan bli dekte gjennom lønnsgarantiordninga. Departementet føreslår vidare at heimelen for å dekkje kostnader arbeidstakarane har i samband med krav om konkurs, blir flytt frå lønnsgarantiforskrifta til lønnsgarantilova. Vilkåret for dekning er at kravet blir rekna som massefordring etter dekningslova § 9-2, og at konkursbuet sjølv ikkje kan dekkje kravet.

       Den samla utbetalinga gjennom lønnsgarantiordninga til kvar einskild arbeidstakar er etter lønnsgarantilova § 1 tredje ledd avgrensa til tre gonger grunnbeløpet i folketrygda. Departementet føreslår at det blir presisert i lova at kostnader knytte til prosessen med å få opna konkurs hos arbeidsgivaren, ikkje skal reknast med i samband med denne avgrensinga. Dette er i samsvar med praktisering av gjeldande rett.

1.11 Redigering av dekningslova § 9-3 første ledd

       Departementet viser til at feriepengar etter gjeldande lov er omhandla i dekningslova § 9-3 første ledd nr. 1 og 2. Departementet føreslår ei omredigering av dette leddet slik at nr. 1 gjeld lønn og anna arbeidsvederlag, medan nr. 2 gjeld feriepengar. For å gjere det heile meir oversiktleg føreslår departementet også at regelen om førerett for lønn o.a. i oppseiingstida blir flytt til eit eige ledd (§ 9-3 første ledd nr. 1 nytt fjerde ledd).

1.12. Økonomiske og administrative konsekvensar

       Departementet reknar ikkje med at forslaga til endringar i lønnsgarantilova, dekningslova osv. vil gi særleg store utslag i utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga eller i det administrative omfanget.

       Med omsyn til utviding av dekningsperioden frå tre til fire månader før fristdagen, reknar departementet med at meirutgiftene blir på 3-4 mill. kroner. Andre meirutgifter reknar ein med kjem på maksimalt kr  640.000 pr. år til saman. Forslaget om at det ikkje skal gjerast frådrag for utbetalte dagpengar i dei prioriterte lønnskrava til ein arbeidstakar når fordringa blir meld i konkursbuet, inneber laust rekna ei tilbakeføring til staten i storleiksorden 5 mill. kroner.

       Forslaga sett under eitt gir tilsynelatande staten ei netto innsparing. Departementet understrekar likevel at alle utrekningar er overslag som byggjer på usikkert grunnlag. Poenget i denne samanhengen er at endringsforslaga ikkje kjem til å få vesentlege konsekvensar totalt sett, korkje administrativt eller økonomisk.