3.1 Frå kva tidspunkt skal ein rekne forseinkingsrenter?

Med direktivet har ein ikkje meint å gripe inn i avtalefridomen på betalingsfristar. Dersom rettidig betalingstid ikkje er avtalt, fastset direktivet kva for tidspunkt rentene startar å laupe. Det går uttrykkjeleg fram av direktivteksten at det ikkje skal vere naudsynt for kreditor å setje fram purring. Skjeringstidspunktet varierer ut frå dei faktiske omstenda. Det er for alle alternativa ein føresetnad at kreditor har oppfylt sine lovbestemte og avtalebestemte plikter, og at skuldnaren er ansvarleg for forseinkinga.

Etter forseinkingsrentelova har ein krav på forseinkingsrenter når kravet ikkje vert innfridd ved forfall. Når forfallsdagen er fastsett på førehand, kan kreditor krevje forseinkingsrenter allereie frå forfallsdagen. Dersom forfallsdag ikkje er fastsett på førehand, kan ein krevje forseinkingsrenter frå ein månad etter at det er sendt skriftleg påkrav til skuldnaren med oppmoding om å betale.

Justisdepartementet la i høyringsnotatet til grunn at forseinkingsrentelova stort sett oppfyller krava i direktivet. Departementet meiner at den einaste naudsynte endring som følgje av direktivet på dette punkt, er å endre fristen i forseinkingsrentelova frå ein månad til 30 dagar. På bakgrunn av høyringsrunda held departementet fast ved dette framlegget. Departementet held også fast ved at det ikkje er naudsynt å endre reglane for når fristen startar.

3.2 Høve til å fastsetje at betalingsfristen skal vere inntil 60 dagar

Medlemsstatane kan, etter direktivet, i deira lovgiving setje fristen for å betale forseinkingsrenter til 60 dagar for bestemte kategoriar av avtalar. Føresetnaden er at partane ikkje kan avtale ein lengre frist, eller at partane fastset ein ufråvikeleg rentesats som er vesentleg høgare enn den lovbestemte satsen.

Departementet såg i høyringsnotatet ikkje behov for å nytte høvet til å innføre slike særskilte fristar, og held fast ved dette sidan det ikkje har kome fram noko slikt behov under høyringa.

3.3 Rentesatsen

Etter forseinkingsrentelova er det overlete til Kongen å fastsetje kor høg rentesatsen skal vere. Rentesatsen har sidan 1. januar 1994 vore på 12 pst. p.a. Rentesatsen kan fastsetjast lågare for skuldnarar som er skuldnarar i eigenskap av å vere forbrukar. Slik situasjonen er i dag er rentesatsen den same både for forbrukarar og andre skuldnarar.

Reglane i direktivet om korleis ein skal fastsetje rentesatsen, skil seg frå gjeldande norsk rett. Departementet gjorde difor framlegg om å endre dei norske reglane slik at dei kjem i samsvar med direktivet. Departementet foreslo at Kongen kvart halvår fastsetter ”størrelsen av forsinkelsesrenten til en fast prosent årlig rente, som skal svare til den pengepolitiske styringsrenten slik denne er fastsatt av Norges Bank pr. 1. januar og 1. juli det aktuelle år tillagt minst sju prosent." I og med at direktivet berre gjeld i handelshøve, meinte departementet at det ikkje er noko i vegen for å halde fast ved regelen om at det kan fastsetjast lågare forseinkingsrente i forbrukarforhold.

Høyringsinstansane gir i hovudsak støtte til Justisdepartementet sitt framlegg i høyringsnotatet, og departementet held fast på framlegget.

Etter ordninga som følgjer av direktivet og som blir foreslått i proposisjonen skal rentesatsen fastsetjast to gonger i året. Dette må seiast å vere relativt ofte. Omsynet til Regjeringa si arbeidsbyrde taler såleis for å delegere kompetansen til departementet. Totalt sett meiner difor departementet at dei beste grunnar taler for at kompetansen blir delegert, og går inn for dette. Også kompetansen til å fastsetje lågare rentesats i forbrukarhøve, bør delegerast til departementet, då rentesatsen i forbrukarhøve alltid bør vurderast i høve til den rentesatsen som skal gjelde i næringshøve. Departementet går difor inn for også å delegere kompetansen på dette punktet til departementet.