4. Kreditor sitt krav på erstatning for innkrevjingskostnader

Kreditor skal ifølgje direktivet kunne krevje rimeleg kompensasjon for alle relevante kostnader ved innkrevjing av kravet med mindre skuldnaren ikkje er ansvarleg for forseinkinga. Direktivet opnar for at statane kan fastsetje maksimalbeløp i forhold til kva som kan krevjast for forskjellige gjeldsnivå under føresetnad av at dette er gjort i samsvar med prinsippa om synbarheit og proporsjonalitet.

Inkassolova slår fast utgangspunktet om at skuldnaren er objektivt erstatningsansvarleg for "nødvendige kostnader" ved utanrettsleg innkrevjing av forfalne pengekrav. Departementet bad høyringsinstansane om å kome med sine synspunkt på tolkinga av direktivet opp mot føresegna i inkassolova, kor vidt det er behov for lovendring på dette punktet, og om ei slik lovendring bør gjelde allment eller berre i handelshøve. Når det gjeld erstatning for rettslege innkrevjingskostnader, la departementet til grunn at reglane om tilkjenning av sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullføringslova vil oppfylle krava i direktivet.

Det er ulike oppfatningar blant høyringsinstansane om erstatning for utanrettslege inndrivingskostnader i inkassolova oppfyller kravet i direktivet. Når det gjeld rettsleg inndriving, meiner enkelte høyringsinstansar at forskrifta må endrast.

Departementet konkluderer med at det ikkje vil vere i strid med direktivet å oppretthalde regelen i inkassolova på dette punkt. Det vert på denne bakgrunn ikkje fremja noko forslag om å endre føresegna. Det er ingen høyringsinstansar som har hatt merknader til departementet si vurdering i høyringsnotatet om at reglane om tilkjenning av sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullføringslova oppfyller kravet i direktivet. Det vert på denne bakgrunn heller ikkje gjort framlegg om endringar i desse lovene. Departementet ser heller ikkje grunn til å skipe til endringar i forskrifta om maksimalsatsar for utmåling av sakskostnader i forliksrådet.