5.1 Avvikande avtalar i forhold til reglane i direktivet

Etter direktivet er statane pliktige til å ha føresegner om at avtalar om betalingstid eller følgjene av forseinka betaling som ikkje er i tråd med føresegnene i direktivet, enten ikkje skal vere bindande, eller gi grunnlag for erstatning, dersom avtalen står fram som klart urimeleg etter ei konkret vurdering der ein ser på alle omstenda i saka, inkludert handelspraksis og arten av produktet.

Avtalelova opnar for at ein avtale kan setjast heilt eller delvis til side eller endrast, dersom det vil verke urimeleg eller vere i strid med god forretningsskikk å gjere den gjeldande.

Departementet held på bakgrunn av høyringsrunda fast ved at avtalelova oppfyller det høvet til å lempe avtalen som direktivet krev og foreslår difor ingen endringar.

5.2 Verkemiddel for å få omgjort grovt urimelege vilkår

Etter direktivet er statane forplikta til å sikre at det i kreditorane og konkurrentane si interesse finst passande og effektive verkemiddel som kan bringe bruken av klart urimelege kontraktsvilkår til opphøyr. Det skal stå slike verkemiddel til rådvelde for organisasjonar som representerar små eller mellomstore verksemder.

Etter norsk rett kan den som har søksmålskompetanse reise sivilt søksmål om avtalevilkår er urimelege etter avtalelova. Departementet meinte at slik søksmålsadgang tilfredsstiller vilkåret om passande og effektive middel i direktivet.

Departementet peika vidare på at det som kan vere tvilsamt er om dei norske reglene i tilstrekkjeleg grad opnar for at ovanfor nemnde organisasjonar kan reise søksmål på vegne av sine medlemmar slik det er fastsett i direktivet. Det er ulike syn på dette spørsmålet blant høyringsinstansane.

Departementet meiner det er naudsynt med lovendring for å sikre at organisasjonar får den retten som dei etter direktivet skal ha til å ta opp urimelege vilkår om forseinkingsrenter i standardavtalar. Departementet kan nok forstå høyringsinstansar som meiner at dette er ein situasjon som ligg til rette for gruppesøksmål. Men det er noko som ein vil vurdere i samband med oppfølginga av Tvistemålsutvalet si innstilling, der det er gjort framlegg til slike reglar. Departementet opprettheld forslaget frå høyringsnotatet om at organisasjonar skal kunne bringe spørsmålet om betalingstid eller følgjene av forseinka betaling inn for domstolane, jf. forslag til ny § 4 a i forseinkingsrentelova.