Enkelte reglar i skattelova om likning av ektefellar, foreldre
og barn gjer det unødvendig komplisert og ressurskrevjande å gjennomføre
maskinell likning. I den førehandsutfylte sjølvmeldinga
må likningsmyndigheitene leggje fram forslag til likning
og fordeling mellom skattytarar som samskattleggjast. Forslaga må ofte
endrast ved den endelege likninga når samskattleggjing
er aktuelt. Det er ønskeleg at eit mest mogleg riktig resultat
blir lagt fram ved førehandsutfyllinga av sjølvmeldinga.
Eit hovudproblem i denne samanhengen er reglar som byggjer på at
formuen og inntekta til barn skal takast med hos ein bestemt av
ektefellane/foreldra. Fordelinga skjer på grunnlag
av kven av ektefellane som har høgast personinntekt eller
høgast alminnelig inntekt. Også foreldrefrådraget
skal først takast med hos den av foreldra som har størst
inntekt. Det faktum som ligg til grunn for å kunne finne
kven av foreldra som har høgast inntekt, vil ofte vere
uklart før likninga er ferdig handsama. Det verker også kompliserande
at formuen og inntekta til særkullsbarn skal delast etter
særlege reglar, i og med at likningsmyndigheitene ofte
ikkje har tilstrekkjeleg kunnskap om kven av barna som er særkullsbarn.
Departementet gjer framlegg om endringar i skattelova for å gjere
likninga av samskattlagde skattytarar meir rasjonell.
Regelendringane vil ikkje eller i minimal grad påverke
den samla skattebyrden for skattytarane. Endringane vil ha liten
eller ingen provenymessig konsekvens.
Skattelova § 2-11 regulerer særskilt
likning av ektefellar. Etter fjerde ledd skal den samla formuen til
ektefellar ved særskilt likning liknast hos den ektefellen
som har høgast alminnelig inntekt. Regelen har ingen praktisk
verknad då ektefellane alltid blir likna under eitt for
deira samla formue, jf. skattelova § 2-10.
Departementet foreslår derfor at § 2-11
fjerde ledd blir oppheva. Opphevinga inneber ei lovteknisk forenkling
og gir eit meir oversiktleg regelverk ved at det no vil framgå meir
direkte av regelverket at ektefellane sin formue alltid skal bli
likna under eitt, med fordeling av skatt på formuen etter
skattelova § 2-13. Det vil seie at skatten vert
fordelt etter den nettoformuen kvar av ektefellane har gitt opplysning
om i si sjølvmelding.
Ein viser til forslag om oppheving av skattelova § 2-11
fjerde ledd.
Skattelova § 2-14 andre ledd har følgjande
ordlyd:
"Har noen av foreldrene overført til barnet formue
eller rett til å oppebære inntekt, skal overført
formue med avkastning og overført inntekt lignes under ett
med foreldrenes formue og inntekt når barnet er ugift og
ikke er fylt 20 år ved utløpet av inntektsåret".
Formålet med regelen er å hindre skattemotivert spreiing
av formue og inntekt i familien.
Som oftast må skattytar sjølv gi opplysningar
om ei slik overføring i sjølvmeldinga, dersom
opplysningane skal leggjast til grunn ved likninga. Derfor er det
ikkje mogleg å handheve regelen på ein einsarta måte
for alle skattytarar. Regelen gjeld i tillegg berre fram til barnet
fyller 20 år eller giftar seg. Det er vidare berre når
overføringa skjer frå foreldra at regelen blir
nytta. Overføringar frå andre, som besteforeldre,
blir ikkje råka. Problemstillinga med skattereduksjon gjennom
spreiing av inntekta er mindre aktuell i og med at inntekter frå kapital
no vert skattlagde med flat sats.
Departementet foreslår at regelen blir oppheva.
Fram til slutten av det året barnet fyller 16 år,
vil barnet framleis liknast under eitt med foreldra, jf. skattelova § 2-14
første ledd. Ved ei oppheving av regelen i § 2-14
andre ledd, vil det vere mogleg for foreldra å overføre
formue eller rett til inntekt til barna sine med skattemessig verknad,
frå det året barnet fyller 17 år.
Endringane vil ha liten eller ingen provenymessig konsekvens.
Etter dei reglane ein har i dag, inneber likninga av foreldre
og barn tidkrevjande utrekningar. Fordelinga av barn sin formue
og inntekt skjer på ulike grunnlag. Når barn blir
likna under eitt med foreldra, og foreldra liknast særskilt,
skal formuen til barnet takast med hos den av foreldra som har høgast
alminneleg inntekt, jf. skattelova § 2-14 tredje
ledd a. Inntekta til barna skal takast med hos den av foreldra som
har høgast personinntekt, jf. skattelova § 2-14 tredje
ledd b. Regelen inneber at ein ved likninga først må rekne
ut kven av foreldra som skal liknast for formuen og inntekta til
barnet. Etter at desse utrekningane er gjort, må total
skattepliktig formue og inntekt for ektefellane reknast ut på ny.
For foreldre som må levere ulike typar sjølvmelding
med ulik frist, er regelverket særleg tungvint. Inntekta
til barnet blir vanlegvis teken med i den førehandsutfylte
sjølvmeldinga, for å vere sikker på at den
vert rekna med. Dersom den eine av foreldra skal levere sjølvmelding
for næringsdrivande med frist i mars månad, og
den andre skal levere vanleg sjølvmelding i april, må foreldra
allereie i mars finne ut kven som skal ta barnet si inntekt med
i sjølvmeldinga. Om den næringsdrivande har høgast
personinntekt, må den andre av foreldra endre dei opplysningane
som er ført opp i den førehandsutfylte sjølvmeldinga
som kjem i april.
Departementet meiner at det vil bli klart enklare for skattytar
og for likningsmyndigheitene, om barn sin formue og inntekt blir
fordelt med ein halvpart hos kvar av foreldra. Ei slik endring vil
ta bort behovet for dei førebels utrekningane som er nemnde ovanfor.
Ei slik endring vil også gi betre samsvar mellom forskuddsutskrivinga
og den endelege likninga. Provenytapet vil vere lite monaleg.
Som ei følgje av dette, gjer departementet framlegg
om å endre skattelova § 2-14 første
ledd, slik at barn sin formue og inntekt blir delt mellom ektefellane
med ein halvpart hos kvar. Foreldra skal kunne krevje ei anna fordeling,
jf. forslaget til § 2-14 første ledd
andre punktum.
Om foreldra ikkje lenger bur saman, følgjer det av likningspraksis
at barnet skal bli likna saman med den av foreldra som har omsorga
for barnet. Då likningsmyndigheitene ofte manglar kunnskap
om kven som har omsorga for barnet, foreslår departementet at
barnet som utgangspunkt skal bli likna saman med den av foreldra
som barnet er registrert saman med i folkeregisteret pr. 31. desember
i inntektsåret. Som oftast vil dette vere den av foreldra
som har omsorga for barnet. Viss foreldra ikkje er einige om kvar
barnet skal vere folkeregistrert, vil folkeregisteret leggje til
grunn døgnkvileregelen, eller den stad der barnet har størst
tilknytting.
Etter lovforslaget vil den av foreldra som har barnet folkeregistrert
hos seg ved utgangen av året, kunne krevje at barnet si
inntekt/formue blir likna saman med den andre av foreldra
dersom denne forelderen får status som einsleg forsørgjar
det året. Dette forslaget samsvarer med tidlegare likningspraksis.
Ein viser til utkast til § 2-14 andre ledd.
Etter skattelova § 2-14 tredje ledd bokstav
c skal formuen og inntekta til særkullsbarn bli likna hos
den av foreldra som er mor eller far til barnet, når den
andre ektefellen ikkje har adoptert barnet. Ofte har ein ved likninga
ikkje tilstrekkelege opplysningar til å vite om barnet
er særkullsbarn. For å registrere det må det
vere innmelde bidrag eller barnepensjon på barnet, der
fødselsnummeret til forsørgjar kjem fram. Eit
alternativ kan vere at foreldra sjølv har meldt frå om
at eit barn er særkullsbarn. I oktober 2003 blei det innført
skattefritak for barnebidrag, noko som innebar at det ikkje lenger
skal meldast frå om barnebidrag. Melding om bidrag fell
dermed bort som kjelde til kunnskap om eit barn er særkullsbarn
eller ikkje. Når likningsmyndigheitene manglar kunnskap
om at det er særkullsbarn, blir formue og inntekt fordelt som
for andre barn, jf. ovanfor. Dersom opplysningane som er utfylt
på førehand i sjølvmeldinga skal gi ei
riktig fordeling av formuen og inntekta til barnet, vil det vere
naudsynt at også særkullsbarn sin formue og inntekt
blir fordelt mellom den av foreldra som har omsorga for barnet og
denne forelderen sin ektefelle.
Departementet gjer framlegg om endring av skattelova § 2-14
tredje ledd, slik at også særkullsbarn sin formue
og inntekt som hovudregel skal bli likna med ein halvpart hos kvar
av ektefellane, på same måte som felles barn.
Ein viser til utkast til § 2-14 tredje ledd første
punktum.
Etter forslaget skal den av ektefellane som ikkje er mor eller
far til barnet kunne krevje at formuen og inntekta blir teken med
hos den andre ektefellen. Ein viser til utkast til § 2-14
tredje ledd første punktum. Den løysinga regelverket
gir i dag vil dermed bli resultatet, om den andre ektefellen ønskjer
ei slik løysing.
For den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, vil endringane
ikkje ha noko å seie, fordi ho eller han ikkje vert skattlagd
for barnet sin formue eller inntekt.
For foreldre som er sambuarar, gjeld reglane i skattelova § 2-14
om fordeling av barn sin inntekt og formue mellom foreldre berre
når foreldra er meldepliktige, jf. § 2-16.
For andre sambuarar følgjer fordelinga av praksis ved likninga,
jf. Lignings-ABC 2003 side 896:
"Særkullsbarns formue og inntekt som etter
reglene i sktl. § 2-14 (1) og (2) skal lignes
hos foreldrene, lignes hos den av samboerne som er barnets far eller
mor.
Formue og inntekt som tilhører felles
barn, skattlegges med en halvpart hos hver av foreldrene, med mindre
samboerne har krevet en annen fordeling. Skyldes formuen eller inntekten
overføring fra en av samboerne, skattlegges den hos denne."
Dei endringane som departementet foreslår i skattelova § 2-14,
gjer at sambeskatninga av foreldre og barn blir meir lik for gifte
og for sambuarar, når barna er felles. Å la § 2-14
gjelde direkte for sambuarar er ikkje mogleg, mellom anna fordi
det ofte ikkje er registrert i det maskinelle systemet ved likninga kven
som er sambuarar. Med omsyn til særkullsbarn kan det òg
vere omsyn som tilseier andre løysingar når mor
eller far er sambuar og ikkje gift. Departementet vil vurdere denne
problemstillinga nærare.
I samband med at førehandsutfylt sjølvmelding blei
innført som ei permanent ordning ved lov 15. desember 2000,
vart ektefellar sin tilgang til å levere felles sjølvmelding
oppheva, jf. opphevinga av likningslova § 4-2
nr. 2. Når ektefellar leverer kvar si sjølvmelding,
inneber det òg eit krav om fordeling av skatt etter skattelova § 2-13.
Fordeling av skatt mellom ektefellar etter § 2-13
er derfor blitt obligatorisk. Første ledd i § 2-13
må derfor endrast slik at formuleringa "kan kreve" fordeling
utgår. Ein viser til utkast til endring i § 2-13
første ledd.
I skattelova § 2-13 første ledd er
det vist til skattelova § 2-11 fjerde ledd. Denne
tilvisinga må fjernast, fordi § 2-11
fjerde ledd er foreslått oppheva.
Departementet foreslår å oppheve reglane i
skattelova § 2-13 andre, femte og sjette ledd.
Reglane gir nærare vilkår for fordeling av skatt
etter første ledd. Ettersom fordelinga av skatt etter første
ledd no er obligatorisk, har desse reglane ikkje lenger nokon funksjon.
Departementet foreslår å oppheve skattelova § 2-13
tredje ledd som gjeld foreldre sitt ansvar for skatt av formuen
og inntekta til barn. Konsekvensane av opphevinga vil bli at den
fordelinga av barn sin formue og inntekt som er lagt til grunn ved
likninga, også vil avgjere kven av ektefellane som får
ansvar for skatten.
Regelen i § 2-13 tredje ledd bokstav a regulerer fordelinga
av skatt når formue og/eller inntekt er overført
frå foreldre til barn etter § 2-14 andre
ledd. Skattelova § 2-14 andre ledd er foreslått
oppheva. Skattelova § 2-13 tredje ledd bokstav
a vil derfor vere overflødig.
Regelen i § 2-13 tredje ledd bokstav b regulerer fordelinga
av skatt på formuen og inntekta til særkullsbarn.
I tråd med departementet sitt forslag om å likne
formuen og inntekta til barnet med ein halvpart på kvar
av ektefellane, foreslår departementet å oppheve
skattelova § 2-13 tredje ledd bokstav b. Som nemnt
ovanfor vil det framleis vere mogleg å velje ei anna løysing.
Etter skattelova § 2-13 tredje ledd bokstav
c, skal formuen og inntekta til barnet i andre samanhenger bli fordelt
med ein halvpart på kvar ektefelle. Eit slikt resultat
vil no følgje av dei endringane departementet foreslår
i andre reglar, og tredje ledd bokstav c kan derfor opphevast.
Etter § 2-13 fjerde ledd kan ektefellane avtale
ei anna fordeling enn det som følgjer av tredje ledd. Fordi
det blir lagt opp til ei obligatorisk deling av skatten, foreslår
departementet at fjerde ledd blir oppheva.
I skattelova § 2-16 vert det vist til folketrygdlova § 25-4.
Dette foreslår ein presisert til å gjelde folketrygdlova § 25-4
første ledd første punktum. Presiseringa har ingen
materiell verknad, men bør gjerast for å unngå tvil
ved tolkinga.
Som ei lovteknisk oppretting foreslår departementet
og at overskriften i § 2-16 blir endra frå "Meldepliktige
eller registrerte samboere" til "Meldepliktige samboere". Ei slik
endring vil gjere overskrifta meir i samsvar med ordvalet i folketrygdlova.
Etter skattelova § 6-48 første ledd
kan ein få foreldrefrådrag for legitimerte kostnader
til pass og stell av heimeverande barn som er under 12 år
i inntektsåret. Stortinget set eit tak for foreldrefrådraget kvart år.
Taket er det same for ektefellar og for sambuarar, med felles barn.
Frådraget blir først gitt i den høgaste
inntekta, om ikkje ektefellane eller sambuarane er einige om ei
anna fordeling.
Departementet gjer framlegg om at foreldrefrådraget
blir delt med ein halvpart hos kvar av ektefellane/sambuarane,
med mindre dei ønskjer ei anna fordeling. Forslaget gjere
det enklare å handtere frådraget, fordi det ikkje
lenger vert kravd at ektefellane/sambuarane si alminnelige
inntekt er kjent før frådraget blir fordelt mellom
dei.
Departementet viser til forslaget til endring av skattelova § 6-48
første ledd fjerde punktum.
Forslaget vil ikkje få verknad for den mor eller far
som barnet ikkje bur saman med, då foreldrefrådrag
berre blir gitt den av foreldra som barnet bur hos størstedelen
av året.
Dersom barnet etter avtale skal bu, eller faktisk bur like mye
hos kvar av foreldra, får foreldra foreldrefrådrag
annakvart år, om det ikkje er forhold som tilseier at ein
av dei har hovudomsorga. Denne regelen vil stå uendra med
lovforslaga.
Departementet foreslår at reglane blir iverksette straks
med verknad for inntektsåret 2004.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.