Stortinget behandla den 9. mars 2004 St.meld. nr. 47
(2002-2003), jf. Innst. S. nr. 137 (2003-2004). I anmodningsvedtak
VI ber Stortinget Regjeringa etablere ei kompensasjonsordning for
pionerdykkarane i samsvar med fleirtalet sine merknader. Stortinget legg
til grunn at utbetalingane frå kompensasjonsordninga kan
gjerast både som eingongsutbetalingar eller over fleire år.
Stortinget legg også til grunn at utbetalingane ikkje skal
vere skattepliktige.
Vidare ber Stortinget i anmodningsvedtak VIII Regjeringa om å leggje
fram eit forslag til overslagsbevilgning til utbetaling av oppreising
til pionerdykkarane i Nordsjøen. Eit slikt forslag er ikkje
omtalt i stortingsmeldinga, og heller ikkje i teksten om utforminga
av kompensasjonsordninga i innstillinga. Derfor er det ikkje uttrykkelig
uttalt at desse utbetalingane skal vere fritekne frå skatteplikt.
Vilkåra for å få oppreising skal likevel
følgje dei vilkåra som er sette for utbetalingar
frå kompensasjonsordninga. Regjeringa ser det derfor slik
at det er underforstått frå komiteen si side at
også oppreising skal vere skattefri.
Då det kan vere tvil om det etter gjeldande rett er grunnlag
for å behandle heile utbetalingane som skattefri inntekt,
legg Regjeringa fram forslag om at ein tek inn eit særskilt
unntak frå skatteplikt i skattelova for utbetalingar frå denne
statlege kompensasjons- og oppreisingsordninga for pionerdykkarar.
Kompensasjons- og oppreisingsordninga skal bli administrert av
ei nemnd som skal opprettast innan 1. juli 2004. Ein tek
sikte på at kompensasjon og oppreising kan bli utbetalt
så raskt som mogleg etter opprettinga av nemnda. Regjeringa
føreslår derfor at endringa tek til å gjelde
straks med verknad frå og med inntektsåret 2004.
Ein viser til forslag til endring i skattelova § 5-15 første
ledd. Ein gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks med verknad
frå og med inntektsåret 2004.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag.